Hopp til innhold

Her ligg russiske trålarar side om side med Kystvaktas hovudbase

– Som å leie reven inn i hønsehuset og be han setje seg ved sida av høna.

Kystvaktskip og russisk tråler

SIDE OM SIDE: Kystvaktbasen i Nord og Sortland Hamn er naboar. Bildet viser ein russisk trålar som låg i Sortland hamn i mars i år. I bakgrunn ser ein Kystvaktas høge master.

Foto: Sortland Havn KF

– Eg er sjokkert over at russiske trålarar er velkomne til å legge til i Sortland Havn.

Det seier Toine C. Sannes. Ho er folkevalt for Miljøpartiet dei grøne i Sortland, og med sentralstyremedlem for Nordland MDG.

Årsaka er at Kystvakta si hovudbase ligg på Sortland. Rett ved sida ligg Sortland Havn.

Altså kan ein russisk trålar utan problem legge til rett ved Kystvakta sitt skip.

Sannes har bedt hamnestyret gjere ei vurdering av moglegheita for lokale tiltak.

– Naivt og farleg

Etter gasseksplosjonen i Østersjøen har fleire på Stortinget stilt spørsmål om risikoen rundt russiske trålarar.

– Eg synest det er alvorleg, og heilt ubegripeleg, meiner Sannes.

Toine C. Sannes i Miljøpartiet De Grønne

Toine C. Sannes i Miljøpartiet Dei Grøne på Sortland er også styremedlem i hamnestyret.

Foto: Svea P. Sannes

I det siste har to viktige sjøkablar i Vesterålen blitt kutta. Ved begge desse hendingane har det dukka opp russiske fiskefartøy.

– Ein treng ikkje vere tråleskipper for å forstå at dei ikkje har drive med tråling etter fisk, ut ifrå bevegelsesmønsteret.

No er Kystvakta på plass i Nordsjøen for å overvake havet rundt oljeinstallasjonar.

Væpna soldatar frå Heimevernet held vakt ved ei rekke landanlegg over heile Noreg etter at sikringsnivået er heva.

– Vi kan altså hamne i den absurde situasjonen at når dei skal tilbake til hamna si, må dei legge til ved sida av russiske trålarar, seier Sannes.

Ho synest det er naivt av norske myndigheiter å tillate at dette skjer.

Les også: Norge skal møte Russland: – En ganske uvanlig hendelse i dagens situasjon

Russiske trålere
Russiske trålere

Hamnesjefen: – Kan ikkje nekte

Hamnesjef Rune W. Monrad ved Sortland Havn har forståing for at Sannes stiller spørsmålet med bakgrunn i den noverande geopolitiske situasjonen.

Han bekreftar at Sortland Havn har anløp av russiske trålarar. Men Monrad seier at det er få tilfelle i løpet av eit år.

4. mai i år tok kystvakta bilde av den russiske tråleren Martha Arendzee til kai i Sortland havn

4. mai i år tok kystvakta bilde av den russiske trålaren Martha Arendzee da den låg til kai ved Sortland Havn.

Foto: Sortland havn KF

Fartøya som kjem inn for å losse frossen fisk må melde frå i god tid om at dei vil ha behov for kaiplass når dei lossar.

Ei form for avvik frå slike rutinar ville vi ha reagert på, og følgeleg agert i tråd med eigne instruksar, seier hamnesjefen.

Les også: Advarer mot dramatiske konsekvenser hvis unikt torskesamarbeid kollapser

Russiske trålere ved havnen i Kirkenes en vinterdag i desember i 2019.
Russiske trålere ved havnen i Kirkenes en vinterdag i desember i 2019.

Monrad sier at Sortland Hamn ikkje har rettslig høve for å innføre eit forbod, då dette vil vere utøving av utanrikspolitikk.

Difor kan ikkje havna nekte russiske fiskefartøy anløp.

– Kritikken er på sin plass

Ina Holst-Pedersen Kvam er forskar ved Forsvarets Høgskole, Sjøkrigsskulen.

Ho er ikkje i tvil om at Kystvakta er eit sentralt etterretningsmål for Russland.

– Kritikken er på sin plass. Ikkje minst i den spente sikkerheitspolitiske situasjonen vi er oss i, der Kystvakta bidreg med å patruljere farvatnet rundt installasjonane.

Ina Holst-Pedersen Kvam

Ina Holst-Pedersen Kvam, forskar ved Sjøkrigsskulen, meiner Kremls bruk av sivile fartøy til skarpe militære oppdrag er ei kjent problemstilling, men ei villa politisk avgjerd å la vere å verne imot.

Foto: Forsvarets høgskole

Forskaren fortel at vedvarande overvaking av aktiviteten i og rundt basen på Sortland kan gi mykje relevant informasjon om det norske operasjonsmønsteret i denne krisen.

Til dømes kan det vere kva rutinar og prosedyrar Kystvakta har, og kva evne dei har til å halde oppe og oppjustere nærværet i Nordsjøen over tid.

– For ein aktør som potensielt planlegg å utnytte eit moglegheitsrom og eventuelle sårbarheiter for offensiv gevinst, er det ein nyttig kunnskap å sitte på.

sjøforsvaret øver i Harstad.

Forskaren frå Sjøkrigsskulen seier det er relativt normalt for Sjøforsvaret at ein trålar med russisk flagg ligg i kjølvatnet og samlar informasjon om marinens daglege virke på vegner av Nordflåten og Kreml.

Foto: Trygve Grønning / NRK

– Ved å unnlate fiskefartøya frå sanksjonspakken, undervurderer ein trusselen og skadepotensialet ganske kraftig.

Kvam peiker på at dei russiske fiskefartøya har hatt skarpe militære oppdrag i fleire tiår. Dei har også større manøvreringsrom i andre lands farvatn enn gråmåla krigsskip.

I tillegg meiner forskaren at ein må gå ut ifrå at trålaranes rolle og funksjon no er meir sentral enn før.

Den russiske marinen bindast opp av krigen i Ukraina, og den sivile flåten utgjer ein enorm kompenserande ressurs. Fartøy som berre har drevet uskuldig fiske i norske farvatn til no, vil truleg vere under betydeleg press frå russiske tryggingstenester framover.

Det danske forsvaret har sluppet dette bildet av gasslekkasjen ved Nord Stream 2 tatt fra et F-16 fly som er stasjonert på Bornholm

– Med dei sannsynlege Nord Stream-sabotasjane har Kreml demonstrert kor langt dei er villig til å gå for å ikkje tape denne krigen, seier Ina Holst-Pedersen Kvam ved Sjøkrigsskulen.

Foto: Det danske forsvaret

– Ved å la fiskefartøya operere fritt langs Norskekysten er faren stor for at dei vil ha etablert ein normaltilstand som kan utnyttast offensivt ved behov, seier Kvam.

– Den eventuelle dagen trålarane faktisk ikkje skal «losse fisk», men mot det ein skulle venta seg minelegge farleiene rundt Sortland eller sabotere andre stader, er det sannsynlegvis ingen som hever så mykje som eit augebryn før skaden allereie er skjedd.

UD: – Vil gjere endringar om det er naudsynt

Tidlegare var det Nærings- og fiskeridepartementet som måtte svare for kvifor fiskefartøy er utelatne av sanksjonane.

Ettersom situasjonen er meir spent, er det no Utanriksdepartementet (UD) som må svare for dette.

Statssekretær Eivind Vad Petersson skriv i ein e-post til NRK at regjeringa har valt å tillate anløp for russiske fiskefartøy på grunn av den berekraftige fiskeriforvaltninga og stabiliteten i nord.

Statssekretær Eivind Vad Petersson.

Etterretnings- og sikkerheitstenestene følger løpande med på aktiviteten til russiske fartøy langs norskekysten for å avdekke og hindre sikkerheitstrugande aktivitet, seier Statssekretær Eivind Vad Petersson i UD.

Foto: Sturlason

Kjernen i samarbeidet mellom Noreg og Russland er den norsk-russiske fiskerikommisjonen som blei oppretta i 1974. Kommisjonen har myndigheit til å fastsetje kvotar for dei delte bestandane i Barentshavet.

I tillegg trekker forskingssamarbeidet seg tilbake til 1800-talet.

Likevel følger Utanriksdepartementet situasjonen nøye for å unngå at Noreg blir ei frihamn for annan type aktivitet.

Slepikovskogo, Kirkenes havn, tråler, fiskeutstyr

Kjernen i samarbeidet mellom Noreg og Russland er den norsk-russiske fiskerikommisjonen som blei oppretta i 1974.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Vi er fullt klar over risikoen frå utanlandsk etterretning og påverknad, og at aktivitet som i utgangspunktet er lovleg, kan bli utnytta til formål som kan skade vår nasjonale tryggleik, seier Petersson i UD.

Vi har forståing for at nordmenn er bekymra. Regjeringa vil gjere endringar eller presiseringar i regelverket dersom det blir sett på som nødvendig.

Synast du det er skummelt at russiske trålarar kan ligge side om side med kystvaktskip?

Leie reven inn i hønsehuset

Sannes frå MDG i Sortland meiner på si side at ein ikkje kan argumentere med forvaltning av torskebestanden når sikkerheita til Noreg står på spel.

– Viss du legg desse argumenta til grunn ser du føre deg at dei vi har med å gjere er ein rasjonell motpart. Eg vil seie at det er heilt uføreseieleg kva russarane kjem til å foreta seg.

Ho meiner vi først og fremst må sørge for å ikkje vere naive.

Vi slipper ikkje berre reven inn i hønsegarden, vi leiar han fram inn i hønsehuset, ber han setje seg ved sida av høna.

Toine C. Sannes, folkevalt for MDG i Sortland

Sannes trur Russland kan hoppe ut av fiskerisamarbeidet sjølv, uavhengig av kva vi vel å gjere.

– Eg tenkjer at dette først og fremst set Noregs sikkerheit i fare.

– Følger med

Kystvakta ligg under Forsvaret sitt ansvar.

Talsperson i Forsvaret, oberstløytnant Stine Barclay Gaasland, seier at Forsvaret tar dagens situasjon på største alvor.

Likevel er det ikkje unormal aktivitet at russiske fiskefartøy opererer i Noreg.

– Etterretnings- og sikkerheitstenestene følger løpande med på denne aktiviteten til russiske fartøy langs norskekysten for å avdekke og hindre sikkerheitstruande aktivitet, seier Gaasland.

Politiet har så langt bedt Forsvaret om støtte gjennom etablerte rutinar for bistand, og saman med politiet følger dei situasjonen fortløpande.

Vi held også fram med vår faste oppdragsportefølje og vårt nærvær, og har eit svært godt samarbeid med relevante aktørar i samanheng med situasjonen.