Måtte hente 58 speidarar med helikopter

Etter fleire redningsaksjonar er 58 speidarar i Bodø henta med helikopter. Det er ikkje meldt om alvorlege skadar.

Roleg på speiderleiren

BLEI HENTA: En 12 år gammal speidar blei henta på Erlingbu nord for Bodø. Aksjonane merka på kartet er dei politiet har meldt om.

Foto: Ole Marius Rørstad / NRK

Det er ikkje meldt om alvorlege skader, men det har vore tilfelle av fallskadar og nedkjøling, seier Frode Iversen i Hovedredningssentralen Nord-Norge (HRS) til NRK.

Til saman 58 speidarar er henta ned frå fjellet med redningshelikopter frå speidar-landsleiren i Bodø, seier operasjonsleiar Tommy Bech, operasjonsleiar i Nordland politidistrikt. De siste vart henta like før klokka 01 natt.

HRS forventar «ein del aktivitet» utover natta, og hentar inn eit Bell-helikopter frå Bardufoss som kan assistere. I tillegg kan ambulansehelikopteret i Evenes sendast inn ved behov.

Laster kart, vennligst vent...

Det er ikkje meldt om alvorlege skader, men det har vore tilfelle av fallskadar og nedkjøling, seier Frode Iversen i Hovedredningssentralen Nord-Norge (HRS) til NRK.

I tillegg til dette er Sivilforsvaret og Røde Kors sett inn for å teke vare på speidarane som sendast ned frå fjellet.

– Oppdraga må prioriterast og takast etter det som hastar mest, seier Iversen.

Laster Twitter-innhold

Rundt 9000 speidarar frå rundt 30 land er samla på speidarlandsleiren i Bodø, som går av stabelen kvart fjerde år. Leiren inkluderer fleire aktivitetar, og mange av speidarane bruker kveldslyset til å gå fjellturar.

– Akkurat nå er over 2000 speidarar på tur. Vi var førebudd på at nokre situasjonar kunne oppstå, seier Peer-Johan Ødegaard, leirsjef for Speidarlandsleiren Nord 2017.

– Er sikkerheita god nok for ungdommane på leiren?

– Jada. Speidarane er godt fjellvande og budde på kva de skal gjere, dersom det skjer ulykker. Det har vi sett i kveld, seier han.

– Det skal på ingen måte legge nokre dempar på resten av leiren, seier han.

Peer-Johan Ødegaard

IKKJE UROA: Leirsjef Peer-Johan Ødegaard er ikkje uroleg for ungdommane og seier de er fjellvande.

Foto: Ole Marius Rørstad / NRK

NRK oppdaterer saka.