Hopp til innhold

Søk etter sakna mann vert sett på vent

Politiet leita sundag etter ein mann i 20-åra er sakna i Brønnøysund på Helgeland. Søket tek pause medan det er mørkt.

Brønnøysund leteaksjon

STOR AKSJON: Fleire er involvert i søket etter den sakna mannen.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Både redningsskøyte, Sea King-helikopter, Røde Kors og Sivilforsvaret deltek i søket.

– Redningsaksjonen går føre seg for fullt. Vi har både Røde Kors og Sivilforsvaret ute og leitar. I tillegg har ein god del frivillige hjelpt til i aksjonen, seier Espen Olsen, politibetjent ved Brønnøy og Vevelstad lensmannskontor.

Politiet ber om tips i saka, og seier ein bør ringje 02800 om ein har opplysningar.

Redningsaksjon i Brønnøysund

Ber folk sjekke garasjar

– Politiet ynskjer at folk som bur i Brønnøysund sjekkar kring sine eigne hus, garasjar og båtar, og gjev oss beskjed om ein finn noko, seier Olsen.

Mannen blei meld sakna i natt i firetida. Politiet valde å sette ressursar i sving med det same.

– Han har brunt hår, er kring 170 cm høg og hadde ei brun skinnjakke og dongeribukser på seg sist han vart sett, seier Olsen.

– Er det slik at mannen ikkje ynskjer å bli funnen?

– Vi veit rett og slett ikkje, svarar Olsen.

Leiteaksjon i Brønnøysund

MANGE INVOLVERT: Det leitast iherdig etter mannen, både på land, sjøen og frå lufta.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Røde Kors i Brønnøysund har hadde om lag 60 frivillige i søk sundag kveld. Dei spurde også om hjelp frå resten av befolkninga til søk.

Stoppar søket om kvelden

– Me tek opp at leitinga i morgon tidleg ved soloppgang, seier Rune Leer, informasjonsmedarbeidar i Politiet.

Både Sivilforsvaret, hundepatruljar, Redningsskøyta og Røde Kors vil halde fram søket i området kring Brønnøysund. Frivillige var med på søket sundag, og det er ikkje klårt om desse vil trengast igjen.

– Parallelt med redningsaksjonen går det føre seg ei etterforsking. Vi vil finne ut av kva som har skjedd med mannen og kvar han kan opphalde seg, seier Leer.

– Har de nokon teori om kva som kan ha gått føre seg?

– Nei. Vi ynskjer framleis tips frå befolkninga. Om nokon ser eller veit noko – ta kontakt med Politiet, seier Leer.

Politiet kan kontaktast på telefon 02800.

Redningsaksjon i Brønnøysund