Hopp til innhold

Full strid om klimahus på Sortland

Eit kunstprosjekt i Vesterålen vekker så stort engasjement at dei må arrangere eit folkemøte.

Klimahus på Sortland. Et hus er tegnet med blåfarge nederst for å vise hvor havnivået kan være i år 2150.

Klimahuset «The Sunken House» på Sortland i Vesterålen viser kor havlinja kan gå om 127 år. Kunstnaren Deana Kolencikova fekk idéen gjennom sitt Artist in Residence-opphald her.

Foto: Monica White Martinsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

«The Sunken House» er eit kunstprosjekt på Sortland i Vesterålen som viser kor høgt havnivået kan stige om 127 år.

Samtidig meiner ein stor del av befolkninga i Noreg i dag at klimakrisa ikkje er menneskeskapt.

– Ideen er å visualisere ei verst tenkeleg stigning av havnivået i byen. Vi vil få til ein dialog om korleis vi skal snakke med dei unge om klima og miljø.

Det seier Ane Høyem, ei av dei som står bak prosjektet.

No arrangerer dei eit folkemøte 24. mai for å ha ein open debatt.

Kvar fjerde nordmann er nemleg klimaskeptikar, ifølgje Faktisk.no. Dette trass i at FN seinast i mars åtvara mot kva konsekvensane kan bli om vi ikkje tar grep.

– Kva om dei såkalla klimaskeptikarane hadde valt ut eit hus i byen og malt med store bokstavar at klimakrisa er medieskapt?

– Det er lov å bruke byen til å komme med ulike uttrykk. Det vi er opptekne av er å få til ein dialog, seier Ane Høyem.

Og huset på Sortland har skapt reaksjonar.

Ane Høyem står foran et hus i Sortland som er malt med blåfarge for å signalisere hvor mye havet kan stige før år 2150.

Ane Høyem i forskings- og teknologiprosjektet Gaia Vesterålen er ein av dei som står bak klimahuset.

Foto: Monica White Martinsen / NRK

– Skremmande

– Det er skremmande å tenke at havet kan stige fleire meter. Då vil heimen min ligge under vatn. Det er viktig at vi gjer folk medvitne på at det kan skje.

Det seier Marelius Lind Johansen (14), leiar for Sortland ungdomsråd.

Han seier det er blanda meiningar om kunstprosjektet blant vennane hans.

– Det er bra at vi blir medvitne på at det skjer ei endring her i verda og at vi må ta grep. Men dette er kanskje ikkje måten å gjere det på. Det kan skremme litt.

Marelius Lind Johansen (14), leiar for Sortland ungdomsråd, står foran klimahuset og ser rett inn i kamera.

Marelius Lind Johansen (14) er leiar for Sortland ungdomsråd.

Foto: Monica White Martinsen / NRK

Det er akkurat det kritikken går ut på.

Fleire seier at dei som står bak «The Sunken House» skremmer dei unge.

NRK spurde folk på gata kva dei synest om huset, og meiningane er delte:

Les også Tilskuddene til strandrydding halvert: – Vil se flere slike bilder

Død skarv med tau kveilet rundt halsen. Strandsøppel, Reno Vest LoVe mar, Vesterålen. maritimt avfall.

– Rein bløff

Ifølgje Faktisk.no er det ein ganske tydeleg profil for kven som er skeptiske til at klimaendringane er menneskeskapte:

Egil Enåsen på Sortland kallar seg klimarealist. Han les mange klimarapportar og er spesielt engasjert i saka.

Men også han meiner bodskapen til huset skremmer dei unge.

– Det er ein rein bløff at havet skal stige så mykje som FNs klimapanel seier.

– Det er veldig mykje som blir definert som kunst i dag, for meg er dette tagging, seier Enåsen.

Egil Enåsen med briller og sort jakke.

Egil Enåsen les mange klimarapportar, men meiner likevel at FNs klimapanel farar med bløff.

Foto: Monica White Martinsen / NRK

– Verst tenkeleg utfall

Men personen bak kunstprosjektet seier dei har faktasjekka tala.

Det blå feltet rundt bygget skal vise status om havet stig om lag 4,5 meter frå dagens nivå, 2,02 meter over bakkeplan på Sortland torg.

Kalkuleringa av høgdemarkeringa på «The Sunken House» er ifølge Ane Høyem gjort i dialog med Kartverket og med tal frå NASA sin rapport «Sea Level Change». Dei har også fått hjelp av Sortland kommune si tekniske avdeling.

Blåmalinga viser det verst tenkelege utfallet ifølge NASA, med utgangspunkt i Vesterålen i 2150.

– Dette talet er basert på eit veldig høgt utsleppsscenario og høg global oppvarming, og i tillegg med ein dramatisk kollaps av enkelte delar av Antarktis, seier Matthew Simpson i Kartverket til NRK.

Tala er henta frå FN sin sjette klimarapport, og sjølv om dette ikkje er det sannsynlege utfallet, er det heller ikkje noko vi utelukke, seier Simpson.

Han fortel vidare at tala dei i dag brukar for å planlegge for havstiging i kommunane er basert på tal frå den femte FN-rapporten. No jobbar dei med å oppdatere tala frå den sjette rapporten.

– Kan få ein «ulv, ulv»-effekt

Men hjelper det eigentleg å skremme folk for å få merksemd om klimatrusselen? Vi har spurt ekspertar ved Bjerknessenteret, som forskar på jorda sitt klimasystem.

– Det kan i nokre tilfelle ha ein effekt, som det kan hende det har hatt på Sortland, seier kommunikasjonssjef Gudrun Sylte.

Men ettersom klimakrisa er stor i tid og omfang, kan du fort få ein «ulv, ulv»-effekt, seier ho.

– Ropar ein for høgt og for ofte, blir folk lei og lukkar øyra.

Ifølge ho, er dei på Bjerknessenteret forsiktige med overskrifter og bodskap som kan ha ein skremmande effekt. Likevel kan dei ikkje late vere å vise fram fakta, seier Sylte.

Kva synast du om klimahuset på Sortland?

Forskar Kristin Richter ved NORCE og Bjerknessenteret er med i ei gruppe forskarar som til hausten slepp ein ny havnivårapport for Noreg.

Ho seier at det finst fleire estimat på kor høgt havet vil stige. Dei er basert på kor mykje vi klarar å redusere CO₂-utsleppa. Havnivåstigninga heng saman med global oppvarming, oppvarming av hav og smelting av is på land, spesielt i Antarktis og på Grønland, seier Richter.

– I verste fall ein meter på middelnivå. I tillegg vil slike estimat også ha med eit verste tilfelle av stormflod, som ein må ta høgde for. Her må ein allereie i dag ta høgde for at det kan komme stormflod med om lag to meter ekstra, seier ho.

Kartverket.no kan ein faktisk sjekke fleire estimat for kor høgt havet kan stige der ein bur.

– Det finst eit ekstremt estimat for havnivå, basert på smelting av Antarktis og Grønland. Det vil ha stor konsekvens for oss, men dette er veldig usikre tal, seier Richter.