Hopp til innhold

Kjelder til NRK: Ny flyplass i Bodø får pengar i neste års statsbudsjett

Regjeringa ønskjer framleis å realisere planane om ny rullebane i Bodø, får NRK stadfesta frå fleire kjelder. Dermed fortsett begge desse prosjekta i 2023.

I Bodø er planen å flytte dagens flystripe 900 meter. Det skal både gje ein ny flyplass og samtidig frigjere store areal til ein heilt ny, grøn bydel. Prosjektet kostar i underkant av 7 milliardar kroner.

Ein tunnel gjennom Stadlandet skal gje sikrare passasje for skipstrafikken enn no som båtane må krysse det farlege Stadhavet. Prosjektet er kostnadsrekna til 2,8 milliardar kroner. Kystverket har fått i oppdrag å starte forarbeidet.

Samferdselsministeren har tidlegare sagt til Aftenposten at dei skyv på ei rekke vegprosjekt, men seier også at starta prosjekt, som E18 vest for Oslo ikkje vil bli utsett eller kutta, men skal fortsette.

Ny by ny flyplass
Grafikk: Team Bodø