Hopp til innhold

Susann inviterer til 17. mai-feiring – vil opne døra for 10 framande

Ikkje alle har nokon å vere med på 17. mai. Det vil Susann Bøe Kleive (26) og venegjengen gjere noko med.

Susann Bøe Kleive

VELKOMEN: Susann Bøe Kleive og tre venninner inviterer andre til å vere i lag med dei på nasjonaldagen: – Eg håpar fleire blir inspirerte til å gjere det same.

Foto: Privat

Med 17. mai rett rundt hjørnet, gler vi oss til festdag med finstas og hygge.

Det betyr også at sosiale medium vil drukne i bilde av folk som kosar seg.

Særleg for unge er store frukostar blitt vanleg.

Då er det lett å kjenne seg ekstra einsam for den som ikkje blir invitert.

– Vi tenkte det ville vere artigare at vi er fleire som møtest og blir kjende med nye folk. Nokon har kanskje ikkje nokon å vere med, og då kan dei godt kome til oss.

Det seier Susann Bøe Kleive, som bur i Mo i Rana og går tredje året på sjukepleiarstudiet.

Responsen har vore enorm.

Skjermdump av Facebook innlegget til Susann Bøe Kleive.

ENGASJEMENT: Det tok ikkje lang tid før det rann inn med positive kommentarar på Facebook-innlegget.

Saman med venegjengen la ho ut open invitasjon til feiring av 17. mai på Facebook.

Sju timar etter at dei publiserte innlegget hadde det fått 1260 likarklikk. Over 100 har kommentert innlegget.

Førstemann til mølla

På grunn av plass, er det førstemann til mølla for å få vere med, sjølv om dei kunne tenkt seg å vere endå fleire.

Venegjengen har berre fått positive tilbakemeldingar, folk synest at det er eit bra tiltak.

– Nokre blei rørt og synest det er eit fint og inkluderande tilbod. Og dei skriv at dei håpar folk nyttar seg av det, seier 26-åringen.

Susann Bøe Kleive

STOR RESPONS: Sju timar etter at Susann Bøe Kleive publiserte innlegget hadde det fått 1260 likarklikk. Over 100 har kommentert innlegget. – Gledeleg, sier ho.

Foto: Privat foto

Og det er akkurat det folk har gjort.

Så langt har tre unge jenter tatt kontakt.

– Ho eine sa at ho hadde hatt lyst til å delta på ein slik frukost lenge, men har ikkje hatt nokon å spørje, seier Bøe Kleive.

Ein mann har også meldt seg. Då er det fire som har sagt dei vil vere med.

Mange kjenner seg einsame

I ei undersøking frå 2021 kartla Røde Kors korleis det står til med norsk ungdom etter pandemien.

Kvar fjerde ungdom fortalde at dei kjenner seg einsame ofte.

Berre halvparten av dei spurte svarte at det går bra med dei.

«Meiningslaus, uviktig og aleine» er nokre av orda som går igjen når ungdomen sjølv skal sette ord på kjenslene sine.

Psykolog Peder Kjøs (52), kjend frå NRK-serien «Eg mot meg», har gitt ut bok om det å vere aleine.

Han meiner unge menneske kan kjenne på skam for å vere aleine på ein dag som nasjonaldagen.

Ein vil jo gjerne legge ut bilde som viser at ein feirar saman med nokon, og det kan kjennest sårt å ikkje ha denne moglegheita. Ein samanliknar seg med «alle andre» og kjenner på sakn og kanskje skam.

Psykolog: Veldig sympatisk gjort

Han synest det venegjengen i Mo i Rana har gjort er veldig bra.

Veldig sympatisk gjort! Som på alle høgtidsdagar er det mange som manglar nokon å vere saman med. Det er raust å sleppe andre inn i ein så privat sfære som dette pleier å vere.

Peder Kjøs, psykolog

KJENNER PÅ SKAM: – Unge menneske kan kjenne på skam for å vere aleine på ein dag som nasjonaldagen, sier psykolog Peder Kjøs.

Foto: Privat foto

Trur du det er mange unge som gruer seg til 17. mai fordi dei ikkje har nokon å vere saman med?

Det er sikkert mange unge som til dømes har flytta og ikkje etablert nytt nettverk endå og som gruer seg til å vere aleine.

Men han trur og det er eldre som gruar seg, og ikkje minst dei som har delt foreldreskap og skal vere utan barna på sjølve barna sin dag.

Kjøs seier ikkje alle har ein familie å vere i lag med denne dagen.

– Eller at dei har ein familie som det ikkje er greitt å vere saman med. Eg trur ikkje at andre typar nettverk har høgare status enn familie denne dagen.

Ikkje tenk at det må vere så stort

I år er det første gong sidan pandemien at dagen kan feirast heilt som vanleg. Om mogleg er forventingane endå større i år.

Psykologen har desse råda til dei som er redde for å bli aleine 17. mai:

Ta gjerne kontakt med nokon andre som kanskje og har eit litt tynt nettverk, og foreslå at de gjer noko hyggeleg saman. Ikkje tenk at det må vere så stort; to eller tre saman kjennest mykje betre enn å sitte aleine.

Skulle fleire ha gjort som venegjengen i Mo i Rana?

Det er ein fin ting å gjere, så om det er mogleg, så, er det tommel opp frå meg!

Ida Kjøstelsen kommenterer barnetoget i Oslo, programleder Nadia Hasnaoui leder sendingen på NRK1, Lise Finckenhagen lager 17. mai-maten og Matias Alegria er utegående reporter. Alle fire i bunad, to vifter med det norske flagget. Gratulerer med dagen! 17 mai 2022

17.-MAI-GJENGEN: Desse skal lose oss gjennom 17. mai på NRK.

Foto: Ole Kaland / NRK

Vil inspirere andre til å invitere

Venegjengen i Mo i Rana, som no skal bli til ein endå større gjeng, håpar på godvêr 17. mai.

– Vi tenkte at alle skal lage noko tapas-greier og ta med, slik at ikkje ein person treng å lage alt. Så vi skal berre ete mat, kose oss og sjå på bilkortesje.

Susann Bøe Kleive, som opphavleg er frå Molde, ser fram til feiringa.

– Eg håpar fleire blir inspirerte til å gjere det same, for det er alltid kjekt å møte nye folk. Det er så dumt at nokon sit heime aleine og kanskje ikkje tør å spørje, men om dei ser eit slikt innlegg så tør dei kanskje å ta kontakt.