Hopp til innhold

Éin omkom og tre vart skadde i frontkollisjon på E6 i Nordland

Ein mann i slutten av 20-åra vart stadfesta død på staden då to personbilar frontkolliderte på E6 sør for Mo i Rana seint torsdag kveld.

Ulykka skjedde ved Karihaugen sør for Mo i Rana i Hemnes kommune. Ein mann i slutten av 20-åra omkom i ulykka.

– Det er snakk om ein front mot frontkollisjon med store materielle skadar, seier operasjonsleiar Kai Eriksen i politiet i Nordland til NTB.

Han legg til at det var vanskelege køyreforhold og kraftig vind i området.

Ulykka skjedde i ei 80-sone på E6 ved Karihaugen, nokre kilometer sør for Mo i Rana, like over grensa til Hemnes kommune, klokka 23.30 torsdag.

Det var to personar i kvar personbil, alle menn i 20-og 30-åra.

– To av dei er lettare skadd. Ein person er meir alvorleg skadd, medan den fjerde vart erklært død på staden av lege, seier Eriksen.

Dei pårørande er varsla.

E6 Saltfjellet stengt pga uvær

E6 har i natt vore stengt over Saltfjellet på grunn av uvêr.

Foto: webkamera, Statens vegvesen

Vanskelege køyretilhøve

E6 var stengd nokre timar etter ulykka, men opna for fri ferdsel etter at politiet var ferdig med åstadundersøkingar.

Lenger nord er E6 stengd over Saltfjellet på grunn av uvêret. Bilistar som kjem nordfrå vert bedne om å stoppe ved Storjord. Førebels er vegen stengd fram til klokka 8.

Lenger sør, i Vefsn, er E6 stengd ved Mjåvatnet der det er omkøyring, og det er kolonnekøyring sør for Korgfjelltunnelen.

Aust for Mo i Rana er E12 stengd ved Umbukta pga. uvêret.

Uvêr langs kysten

Operasjonssentralen hos politiet melder om ei travel natt med storm i Nordland. Levegger og stillas er tatt av stormen, men dei har ikkje fått meldingar om personskadar i uvêret.

Bruer blir stengde og blir opna i uvêret.

– Spesielt høge bilar bør vurdera om dei vil køyra over. Sjølv på gult kan det vera for mykje vind, opplyser Vegtrafikksentralen til NRK.

Stengt vegbom på E12 ved Umbukta

Stengt på E12 Umbukta.

Foto: Webkamera Statens Vegvesen