Hopp til innhold

Bustadhus i Vesterålen brann ned

Eit bustadhus i Bø i Vesterålen er brunnen ned. Alle personar kom seg ut av huset.

Nedbrent hus i Vesterålen

NEDBRUNNE: Bustadhuset brann til grunnen. Til høgre kan ein sjå garasjen. Den greidde brannvesenet å redde.

Foto: Jens Andre Mehammer Birkeland

– Sløkkjearbeidet går enno føre seg, seier Terje Øverdal, underbrannmester ved 110 Bodø.

Politiet er på staden, men i følgje avisa VOL er ingen andre enn bebuaren sjølv evakuerte. Personen skal vere uskadd, og takast hand om av naudetatane.

– Det er ikkje fare for at det skal spreie seg til andre hus. Det einaste som kan vere nær nok er ein garasje, seier Øverdal.

Overtent bustadhus i Bø i Vesterålen

OVERTENT: Slik var brannen då Politiet kom til staden. Huset sto ikkje til å redde.

Foto: Politiet