Hopp til innhold

UDI opphevar innreiseforbodet: Snart får Selma (17) tilbake pappaen sin

For snart fem år sidan vart firebarnsfaren utvist frå Noreg etter å ha oppgitt feil identitet då han kom til landet. No har UDI oppheva innreiseforbodet.

Pappa Ahmad og Selma

Selma var 12 år då faren Ahmad Charafeddine måtte forlate landet.

Foto: Privat

– Det var eigentleg på tide. Eg har kjempa for det i mange år. Det har vore ein lang kamp for å få det oppheva, seier Ahmad Charafeddine.

Sist veke fekk han nyheita om at Utlendingsdirektoratet opphevar innreiseforbodet hans etter fire og eit halvt år.

– Eg har ikkje ord for å beskrive korleis det er å snart kunne gjenforeine familien.

I 2019 vart han utvist frå Noreg med innreiseforbod i fem år for å ha loge om identiteten sin då han søkte om asyl.

Og igjen sat kona og dei fire barna deira på Leknes i Lofoten.

Les også Mener Norge bryter konvensjon: Selma (16) må feire bursdag med pappa over Skype

Ahmad på bursdagen sin

No som UDI har oppheva innreiseforbodet kan Charafeddine søkje om familiegjenforeining eller besøksvisum.

Då eldstedotter Selma (17) fekk denne nyheita sist veke kom tårene.

Eg byrja å gråte av glede, seier ho.

Men det er framleis mykje som står att før faren får kome heim.

Eit steg nærare

For sjølv om han har fått oppheva innreiseforbodet, betyr ikkje det at han kan reise heim med ein gong.

– Det er veldig positivt at forbodet er oppheva, men det framleis ein lang veg igjen, seier Charafeddine.

Han må søkje om familiegjenforeining eller besøksvisum før han kan kome til Noreg igjen.

Og desse søknadene kan ha ei behandlingstid på seks til 18 månader.

Ahmad Charafeddine og hans fire barn

Her er Ahmed Charafeddine saman med dei fire døtrene sine på Leknes i Lofoten før han vart send ut av landet.

Foto: Privat

– Eg håpar det kan skje så fort som mogleg, og helst før jul slik at eg kan ferie jul saman med familien. Vi håpar på det, seier han og legg til:

– Vi er eit steg nærare, men det er framleis usikkert når eg kan kome heim, seier han.

Nye omstender i saka

Grunnen til at UDI oppheva innreiseforbodet eit halvt år for tidleg, var på grunn av barnets beste.

– Bakgrunnen for vedtaket om oppheving av innreiseforbodet, er nye omstender som har oppstått i tida etter vedtaket om utvising. UDI har lagt vekt på nye omstende knytt til Ahmad Charafeddine sin familie, skriver UDI i ein e-post til NRK.

Dette temaet har vore sentralt i saka tidlegare.

For det at Charafeddine ikkje har fått sett døtrene sine fysisk på snart fem år kan vere brot på menneskerettskonvensjonen. Det har Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS) tidlegare sagt til NRK.

I 2022 kom også ein rapport som såg på korleis utvisingssaker råkar barn. Rapporten foreslo mellom anna at foreldre som hovudregel ikkje bør utvisast dersom det ikkje er ei reell moglegheit for familien å halde fram familielivet i eit anna land.

– Eg kan ikkje beskrive kor viktig det er for barna å ha begge foreldra til stades, seier Charafeddine.

17 år gamle Selma trur livet blir lettare for henne og familien når faren snart får lov å kome heim.

– Vi treng han i kvardagen

– Søstrene mine saknar han, mamma saknar han og eg saknar han. Vi treng han i kvardagen. Eg trur det kjem til å bli mykje lettare for oss når han får lov å kome heim, seier Selma.

Ho har store planar for kva ho skal gjere når faren kjem heim.

– Eg vil at han skal møte kjærasten min. Eg vil at vi skal lage mat saman og vise han den nye vidaregåande skulen min. Også vil eg vise han rundt på Leknes, slik at han kan bli kjend med plassen igjen etter å ha vore vekke så lenge.

Charafeddine seier han skal jobbe hardt for å kome heim så fort som mogleg.

Slema Amin

Selma Amin seier det er synd at det tok så lang tid før faren fekk oppheva innreiseforbodet. Ho meiner det kunne ha vore oppheva mykje tidlegare.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Eg har mista mange bursdagar og hendingar som ikkje kan erstattast. Eg skal jobbe så godt eg kan for å rette opp i dette, men det er umogleg å få tilbake den tida som har gått. Vi ser framover og håpar vi kan lækje det såret etter at familien vart splitta.