Hopp til innhold

"Anna Karoline" med i planane

Innbyggjarane i Bodø må vente til 20. mai før dei får presentert utforminga av kulturkvartalet.

Jekta Anna Karoline

Nordlandsjekta 'Anna Karoline'

Foto: NRK

I ei pressemelding skriv Bodø kommune at juryen då vil leggje fram resultatet av konkurransen, og premierte forslag vil verte presentert. Juryarbeidet har vore krevjande og må kvalitetssikrast seier Ordførar Odd Tore Fygle i Bodø.

- Eg skjønnar at folk ikkje forstår kvifor me ikkje vil seie noko om resultatet før 20.mai. Men slike konkurransar har retningslinjer ein må følgje. me har mellom anna ein ekstern jurysekretær som skal skrive grunngjevinga til juryen, og me meinar at det er riktig å presentere alt på ein gong 20. mai. Då vert det lettare å presentere grunngjevinga til juryen, seier Fygle.

Avgjersla skal behandlast i bystyret 20. juni.

Anna Karoline

Men sjølv om avgjersla fyrst skal presenterast 20. mai innrømmer ordførar Odd Tore Fygle at Jektmuseet "Anna Karolines hus" er med i planane.

- Eg tykkjer faktisk det er veldig gledeleg at så mange av dei som har teke utfordringa med å sende inn forslag har sett at jekta har ein plass i Nerbyen her i Bodø. Eg skal ikkje konkludere no, men det eg kan seie er at juryen kjem til å diskutere plasseringa av jekta i kjenninga. det betyr at jekta inngår i planane til kulturkvartalet i Bodø.

Djupt inn i planane

Fygle seier at dei har gått djupt inn i forslaga.

- Me har gått djupt inn i alle desse forslaga, og sett på korleis dei løyser utfordringane me har rommessig. Me har særskilt vurdert korleis dei ulike forslaga løyser utfrodringane med byromma og hamnepromenaden. Til sjuande og sist er eg heilt sikker på at me kjem til å sitje med gode løysingar som arkitektane skal teikne ferdig, seier Fygle.

Premierer fire

I pressemeldinga står det at juryen har bestemt seg for å premiere fire av dei mottatte forslaga. I tillegg gir dei heiderleg omtale til seks forslag.

- I alt kom det inn 95 forslag, og ifølgje fagfolka i juryen er det vanleg at rundt 10 prosent av forslaga vert vurdert, seier ordførar Odd Tore Fygle i Bodø.