Hopp til innhold

Meir pengar til fylkesvegane

Forslaga til regjeringa i sitt framlagde statsbudsjett påverkar fylkesvegane på fleire måtar, også i Nordland:

• Regjeringa foreslår å auke dei frie inntektene med 1 milliard kroner i 2026. Fylkesvegane blir finansiert i hovudsak gjennom dei frie inntektene til fylkeskommunen.

Dei frie inntektene til ein fylkeskommune i Noreg består hovudsakleg av:

Skatteinntekter. Det inkluderer skatt på inntekt og formue frå innbyggarane, og naturressursskatt frå kraftføretak.

Rammetilskot. Det er overføringar frå staten som blir fordelt gjennom inntektssystemet.

Rasteplass på Uredd ved kommunegrensen Meløy-Gildeskål langs Kystriksveien FV17.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK