Hopp til innhold

Vil ikkje terge på seg Kina

Serbia og Filippinene kjem ikkje til Nobel-seremonien. Dei seier dei ikkje vil terge på seg Kina, som er ein viktig handelspartnar.

Utenriksminister i Serbia Vuk Jeremic

Utenriksminister i Serbia Vuk Jeremic vil ikke terge på seg Kina. De er en for viktig handelspartner, mener han.

Foto: Bela Szandelszky / Ap

Den serbiske utanriksministeren Vuk Jeremic forsvarar at Serbia ikkje vil delta på Nobel-seremonien i Oslo fredag.

Han seier det er viktig for landet å halde ved like gode handelsforbindelsar til Kina som dei har i dag.

– Serbia meiner det er ekstremt viktig å ha eit godt forhold til Kina. Vi gjer alt vi kan for å oppfylle nasjonale interesser. Kina er ein av dei viktigaste partnarane for Serbia, seier Jeremic ifølgje nyheitsbyrået Beta.

Vil ikkje terge Kina

Ein talsmann for det filippinske utanriksdepartementet ville ikkje fortelje kvifor dei ikkje kunne delta. Men ein erfaren diplomat seier det er fordi landet ikkje ønskjer meir bråk med Kina.

– Vi ønskjer ikkje å terge Kina meir, seier han ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Kina skal framleis vere sinte på Filippinene på grunn av måten president Benigno Aquino takla ei busskapring i august, der åtte personar frå Hong Kong miste livet.

Filippinenes president, Benigno Aquina III, besøker bussen fra gisselaksjonen

President Benigno Aquina besøker bussen for gisselaksjonen. Kina meiner Filippinene ikkje takla situasjonen godt.

Foto: Palace Photo / Reuters

Kina har sendt brev til utanriksministrar og ambassadar der dei ber diplomatar å bli heime. I breva åtvarar dei om konsekvensane for dei som viser støtte til fredsprisvinnaren Liu Xiaobo.

Press frå Kina

I tillegg til Serbia, Filippinene og Kina, vil ikkje Russland, Kasakhstan, Colombia, Tunisia, Saudi-Arabia, Pakistan, Irak, Iran, Vietnam, Afghanistan, Venezuela, Egypt, Sudan, Ukraina, Cuba og Marokko komme til Nobel-utdelinga.

Algerie og Sri Lanka har ikkje svart på invitasjonen. 44 ambassadar har takka ja til å komme.

Direktør for Nobelinstituttet Geir Lundestad seier til NRK at gruppa av land som ikkje kjem, kan delast i to grupper: dei som det ikkje passar for, og dei som brukar høvet til å reagere på tildelinga etter press frå kinesiske styresmakter.

Geir Lundestad

Ikkje alle som lar vere å komme, gjer det i protest, seier Nobeldirektør Geir Lundestad.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

– Skamlaus løgn

Kinaekspert i Amnesty International Corinna-Barbara Francis meiner Kina burde halde seg for gode til å presse andre land.

– Det er veldig uheldig at Kina brukar si politiske og økonomiske makt til å tvinge diplomatar til å halde seg borte, seier ho til Reuters.

Menneskerettsaktivistar og dissidentar i Kina reagerer med vantru på at Kina påstår at dei har støtte frå størstedelen av verda i korleis dei behandlar Liu.

– Det er berre vrøvl, seier Li Datong, tidlegare journalist og ein dei som var med på å skrive under på ei oppmoding om å sleppe fri Liu.

– Utanriksdepartementet er skamlause. Det er løgn, rett og slett, seier han.