Rompuy vil ha alle EU-leiarar til Oslo

EU-presidenten vil at statsoverhovud frå alle 27 EU-land kjem til Oslo for å hente fredsprisen. Det kan bli ei sikkerheitsutfordring for Oslo-politiet.

Van Rompuy vil ha alle statsleiarane i EU til Oslo for å motta fredsprisen.

Sjå Herman Van Rompuy sin tale frå EU-toppmøtet.

Agnese Bremere
Journalist

– For å markere dette gledelege høvet håpar eg at alle stats- og regjeringssjefar i EU kan vere med på feiringa i Oslo i desember, sa presidenten for Det europeiske råd, Herman Van Rompuy, på starten av EU-toppmøtet torsdag.

Førre veke fekk EU Nobels fredspris for sin innsats i fred- og forsoningsarbeid i Europa.

Men Rompuys ønske kan vise seg å bli problematisk for Oslo-politiet. Det er nemleg ikkje ein draumesituasjon å få 27 presidentar og statsministrar å passe på.

– Eg synest det er ei naturleg og inkluderande fråsegn frå Rompuy, men politiet si oppgåve er å tenkje sikkerheit, så me håpar på ein minst mogleg sikkerheitsutfordring, seier Johan Fredriksen, politiinspektør i Oslo-politiet.

(Saka held fram)

Johan Fredriksen

Johan Fredriksen i Oslo-politiet.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

EU-troika kjem

Tidlegare denne veka kom meldinga om at det blir Van Rompuy, kommisjonspresident Jose Manual Barroso og parlamentsleiar Martin Schultz som skal kome til Oslo for å ta imot prisen.

Dette var Oslo-politiet nøgde med.

– Me er i ei tidleg planleggingsfase og syntest det såg greitt ut at dei tre EU-toppane kom. Men me held oss til realitetane og dei beskjedar me får, seier Fredriksen.

Han legg til at politiet er vande med at det blir endringar i planane.

– Arrangementet skal gå plettfritt uansett kven som vinn fredsprisen. Slik sett er utdelinga alltid ei utfordring for oss, seier han.

Dyrt

Jose Manuel Barroso

EU-kommisjonens president José Manuel Barroso då han vart gratulert med fredsprisen førre veke. Han er ein av dei tre EU-toppane som er varsla til Oslo i desember.

Foto: Yves Logghe / Ap

Sikkerheita rundt Obama-besøket i 2009 kosta skattytarane 74 millionar kroner. Den gong fekk politiet tilført ekstra pengar.

Jo større sikkerheitsutfordring, jo meir kostar det, fortel Fredriksen.

– Men kvar av EU-leiarane har sin eigen posisjonsrisiko og sikkerheitsvurdering. Også har arrangementet som heilskap sin eigen. Så det blir ikkje Obama gonger 27, forsikrar han.

Det er framleis uklart kven som skal halde nobelforedraget på vegner av EU. Og det er også uklart kva som skal skje med dei nærare 6,8 millionar norske kroner i prispengar, men det er venta at dei skal gå til veldedigheit.