Stortingspresidenten ser det som naturleg at Stortinget er betre representert på Nobelmiddagen enn i går. Han synest det er spesielt rart at leiaren for utanrikskomiteen (Ine Marie Eriksen Søreide frå Høgre) ikkje var blant dei inviterte.
Mange frå næringslivet
Dag Terje Andersen reagerer på at det var såpass mange næringslivsleiarar til stades.
Inge Lønning ville hatt fleire politikarar til stades under Nobelmiddagen.
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX- Det at sponsoarar deltek på konserten dei sponsar er ikkje så rart, men spørsmålet er om det er like naturleg at dei blir inviterte til Nobelmiddagen, seier han.
Han får støtte frå tidlegare stortingsrepresentant Inge Lønning (H). Han reagerer sterkt på at ikkje heile presidentskapet i Stortinget vart invitert. Han synest også det er «umusikalsk» at ikkje regjeringsmedlemene og partileiararane Kristin Halvorsen (SV) og Liv Signe Navarsete (Sp) fekk vere med.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ :
Avviser kritikken
Geir Lundestad avviser kritikken.
Foto: Heiko Junge / ScanpixDagleg leiar for Nobelinstituttet og sekretær for Nobelkomiteen, Geir Lundestad, avviser kritikken. Han minner om at det var langt fleire politikarar enn næringslivsleiarar til stades ved banketten, og at det ikkje har vore gjort endringar i forhold til i fjor.
Han fnyser av påstandane om at banketten liknar meir og meir lik ein amerikansk "fund raising dinner", der amerikanske poltikarar inviterer pengesterke næringslivsfolk held for å sikre seg valkamppengar.
Han seier at næringslivstoppane var inviterte fordi dei sponsar Nobelkonserten, men også fordi dei støttar Nobelsenteret i Oslo. Lundestad minner om at det ikkje ville ha vore mogleg å drive senteret utan støtte frå sponsorar.