På Me-Åkneset med Per Åkernes og Einar Lundanes

Per Åkernes t.v. og Einar Lundanes finn glede i sjel og sinn når dei kan møtast på trappa på Me-Åkneset. Fjellgarden ligg like under den farlege Åknesremna som utvidar seg og ein dag kjem til å rase ut i Sunnylvsfjorden.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det rasutsette Åkneset var barndomens paradis

Den velkjente, brunbarka husrekkja under hammaren helsar traust dei to eldre karane velkomne tilbake til barndomens rike. Varmen dirrar frå tømmerveggene, sola blinkar muntert frå alle vindaugo.

90 år gamle Einar Lundanes må stanse i den sommargrøne, grasdekte vollen framfor den eldgamle husrekkja. Med eit glad, men vemodig blikk tek han inn barndommens rike på fjellgarden Me-Åkneset. Han flytta frå garden som 12-åring. Men hjarte og sjel la han på mange vis att på fjellgarden.

– Det kjennest kjent, men likevel fjernt og uverkeleg å vere her igjen. Eg er fullstappa av minner herifrå, og no strøymer dei på, seier 95-åringen og må blinke eit par ekstra gonger.

Bygning på fjellgarden Me-Åkneset i Stranda.

Den karakteristiske fjøsen i eine enden av den 35 meter lange husrekkja på Me-Åkneset. Geitene gjekk inn portalen til sin fjøs i 2. etasje, medan sauer og kyr heldt til i kjellaren.

Foto: Remi Sagen / NRK
Frå stova på Me-Åkneset

I kråa i stova på Me-Åkneset blei både Einar og søstrene hans fødde.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Tanken på at garden ligg ved foten av det frykta og omtalte fjellet Flosteinsnibba, med Åknesrimna i ein halvboge rundt ut- og innmark, åkrar, hage og hus, får ligge så lenge. Det er nok med ein liten kommentar om at taket på husa er laga som ei forlenging av fjellhammaren, slik at dei store snøfonnene kan gå over taket utan å knuse husa under.

Respekt for naturen

Sommardagen med leikande skyer over fjelltoppar, og solsteik over ein spegelblank Sunnylvsfjord kunne ikkje vore vakrare. Det er som om naturen helsar Einar og hans gode kamerat Per på 85, når dei kjem tilbake på kjende stiar.

Einar kjem frå Me-Åkneset, Per frå ein annan fråflytta gard i den bratte fjellsida lenger ute i fjorden; Ytste Åkneset, rundt 13 kilometer frå Hellesylt. Per flytta heimanfrå som 14-åring, medan foreldra og resten av familien takka for seg i 1958. Etter det har ingen budd der fast.

Per Åkernes på besøk på Me-Åkneset

Per Åkernes vaks opp i lag med 12 søsken på Ytste Åkneset. Familiane på Åknes-gardane hadde eit usedvanleg godt granneskap, understreka Per fleire gonger under besøket på Me-Åkneset.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Ja, her er vakkert i dag. Men naturen kan vise mange andre sider også. Vi frykta han ikkje akkurat, men spelte på lag med han i eitt og alt, slår Per fast.

Spor av ei tid som var

Den rusta greipa og spaden er minner om ei tid som var. Kor mange trevlar reiskapen har sett att i arbeidshender då dei var i bruk, kan ein berre ane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han peikar og fortel om steinsprang og snøfonner, farlege nordavindar og kulde på fjorden, om hamrar og gjel, ein iskald fjord, som har kravd liv og helse fram gjennom hundreåra.

Om livet på fjellgardane

Dei to karane set seg ned på den store trappehella under den karakteristiske bogen over døra til det som ein gong var geitefjøsen i den 35 meter langehusrekka. Der sprang 60–70 geiter inn og ut. Saue- og kufjøsen vara kjellaren under. Så kom bustad-delen i husrekkja, deretter høyløe og utedo.

Det går godt an å dingle med beina frå ei god trappehelle, uansett alder og år.

– Jau, då, øss e no spreke enno, ler dei mot kvarandre.

Einar var einaste guten i ein søskenflokk på fem på Me- Åkneset. I tillegg til Lundanes-familien, budde også Gausdal-familien på garden, onkel og tante til Einar. Til saman sat både 12 og 14 til bords. Familiane delte husrekkja mellom seg, og hadde kvar sin halvdel av bustadhuset.

– Her leika eg med geitene, og prøvde ut det som står i songen om "Blåmann, Blåmann bukken min". Eg la meg ned på ein stor stein og let som eg " var daud" – røyvde meg ikkje. Då hoppa geitene opp på steinen til meg, og skrapa med klauva på føtene min. Dei skjønte det var skodespel, ler Einar.

– Ja, dyra, dei kjenner folket, smett Per inn.

Einar Lundanes heime på Me-Åkneset

Einar er lommekjent også på andre sida av fjorden, og peikar ut stader i Oaldsbygda.

Foto: Remi Sagen / NRK

Namn på kvar ein krik og krok

– Men så var det stadnamnet; Åkerneset eller Åkneset?

Begge smattar på namnet, og fortel at gardane eigenleg heiter " Åkerneset" fordi dei består av eit lappeteppe med små åkrar, bygd opp i terrenget med stein og handemakt.

Det blir sagt at Me-Åkneset hadde bortimot 20 slike små åkerlappar. Kor mange åkrar Yste Åkneset har hatt, tør ikkje Per spå. Men mange var det, slår han fast.

Per Åkernes og Einar Lundanes

Dei to karane, Per t.v. og Einar, kjenner kvar ei grov, gyl, snøfonn, sprekke og råser i terrenget ved Åkneset.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– I daglegtale seier vi Åkneset, og slik har det no vorte, seier Einar, og peikar ut kvar Smieåkeren ligg.

No er Smieåkeren dekt av høgt gras som duvar i vinden under bladrik hegg og rogn, lutande over åkeren og legg han i skugge.

Berga frå kneståande

Åknesgardane Einar og Per vaks opp på, er berre to avmange fjord-, strand- og fjellgardar langs den 86 kilometer lange Storfjorden på Sunnmøre.

Medvitet om at dei eldgamle, nedlagde gardane har stor kulturhistorisk verdi, vakna for vel 40 år sidan, og førte til at "bergingsmannskap" danna foreininga Storfjordens Venner. Dei har hindra nedfall av meir enn 130 bygningar.

– Ja, du og du, for ein innsats dei har gjort. For ein kulturskatt for ettertida dei har berga, seier dei to karane på trappehella.

Bustadhuset og løa på Me-Åkneset

Denne delen av husarekka på Me-Åkneset inneheld bustaddel for to familiar, så løe og utedo til høgre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei har begge hus å kome tilbake til, takka vere foreininga.

På Ytste Åkneset datt både løa og uthuset ned, men med god hjelp frå verne-entusiastane i Storfjordens Venner blei huset sett i god stand.

Husrekkja på Me-Åkneset heldt også på å knele under eit falleferdig torvtak då same entusiastane hjelpte til og fekk vølt husa.

Arbeidde frå dei var små

Slipesteinen på Me-Åkneset

Den gamle slipesteinen på Me-Åkneset har gjort si teneste. Mang ein gong sveiva Einar steinen når ljåen skulle brynast i oppveksten.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Heimegarden der Per vaks opp på, ligg vel 170 meter over fjorden. På den vesle garden budde to familiar med til saman 24 menneske. Per hadde 11 søsken, pluss ei stesøster, tante og onkel hadde fem born. I tillegg budde to besteforeldre på garden.

– Nåja, det var ikkje alltid like lett, nei. Det var senger over alt! Så måtte vi sjølvsagt arbeide og hjelpe til frå vi var små. Sprang i fjell og li, passa geiter, mjølka kyr på setra og såg etter sauene, minnast Per.

Også Einar fekk tidleg lære at arbeidsdagen var lang.

– Travelt var det, men vi hadde gleda med oss. Vi lei aldri naud, heller tvert om, seier han.

Slik som på Me-Åkneset, var det også på Ytste Åkneset, eit kav og eit styr å koke mat på vedomnen til så mange munnar. Brød skulle bakast, fisk og kjøt tørkast og saltast. Utan straum, frysebok eller kjøleskap meistra kvinnene kunsten å ta vare på maten på anna vis.

Varslaren Per

I samtalen på trappehella får vi høyre korleis Einar og Per sprang etter geiter og sauer i bratte berg og lier langs Åkneset. I slåtten hjelpte dei til med stuttorv over alt i fjellsida. Høyet blei lagt under hellerar her og der, før det blei teke heim til løa.

Det finst neppe ei einaste bot som er ukjend for dei to karane.

Lokalkunnskapen og eit vake auge for alt i naturen, gjorde også at Per var den som oppdaga at Åknesremna utvida seg faretrugande for nokre tiår sidan.

Åkneset sett frå Oaldsbygda

Åkneset med Flosteinsnibba, Åknesremna og Me-Åkneset, sett frå Oaldsbygda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Remna har utvida seg til alle tider. Det visste foreldra og besteforeldra våre så vel. Då vi var barn var sprekken om lag 10 centimeter brei, og vi fekk plass til knyttneven ned i. Når vi kasta stein nedover, høyrde vi han lande langt der nede, minnest Per.

Tidleg på 1980-talet gjekk han og to brør over fjellet frå Strandadalen.

– Vi kom tilfeldigvis ned ei rås til remna, og blei forskrekka over kor mykje ho hadde utvida seg. No gapte ho om lag tre meter i nedste enden, øvst var gapet fleire meter breitt.

Per prøvde å varsle om at Åknesfjellet kunne vere ein stor trugsel mot alt og alle langs fjorden. Men første åra var det få som ville lytte.

– Dei var redde for turisme, næringslivet og busetjing, og ville vel ikkje skremme nokon bort, meiner han.

Først fleire år seinare tok Stranda kommune for alvor fatt i saka. No er fjellet overvaka av ein teknologi i verdsklasse. NVE held oppsikt dag og natt med kvar ei rørsle i fjellet via Åknes Tafjord Beredskapssenter på Stranda.

– Det er ei stor lette at remna endeleg er teken på fullt alvor. No får eg til og med skryt for at eg varsla frå, seier Per.

Frå Einar får han eit vennskapleg smil. Han også er glad for at alt er under overvaking.

Tankar ved kaffibordet

Hurtigruta glir forbi på Sunnylvsfjorden

Hurtigruta glir forbi kjøkkenvindaugo på veg til Geirangerfjorden.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Eit brødbit, kaffi og god prat over kjøkkenbordet inne i stova høyrer sjølvsagt med til ein tur på gamle trakter.

Mellom ruta, kvite og gule gardiner og vindaugssprossene, glir Hurtigruta forbi på fjorden. Ein liten motorbåt dreg dorga etter seg, før lufta sprekk opp i lyden av heile fem helikopter som stemnar på skrå over mot Geirangerfjorden.

– Turistane er på plass med luksusbåtane sine, kjem det frå eine karen.

– Eg hadde ikkje villa bytt med dei. Lærdomen vi fekk med oss herifrå bakkane over fjorden er meir verd enn nokon forstår, legg den andre til.

Men kva seier Einar til at Me-Åkneset ein gong kan følgje med raset frå det farlege fjellet rett bak oss, hamne i fjorden og skape ei flodbølgje vi ikkje har sett maken til?

– Remna går lenger ute, i gylet der bort. Eg trur aldri at ein kulturarv som dette vil forsvinne i fjorden, slår Einar fast.

– Eg er nok ikkje heilt samd med deg, der, svarar Per, og ristar på hovudet.

På Seljeflot

Ein svipptur til Seljeflot i Oaldsbygda for dei to kompisane. I bakgrunnen ligg Åkneset med garden til einar i fjellsida og Åknesremna til venstre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kva som ligg der framme veit ingen.

Dei to kompisane vil heller leve i nuet, dele historier og rusle rundt i det som ein gong var heile livet deria.

– Ein fabelaktig dag, dette, oppsummerer Einar, og ruggar på ei helle utanfor døra.

Midt i utsikta står tunbjørka i full flor, den lilla akeleiene bakar i ettermiddagssola og Per dreg pusten djupt inn for å få med lukta frå sjø og land.

Einar ser til at heile den brunbarka husrekkja er låst og forsegla før helikopteret kjem og tek dei tilbake til kvardagen.

Under det trugande fjellet Flosteinsnibba ved Sunnylvsfjorden på Sunnmøre ligg garden Me-Åkerneset. Nitti år gamal kjem Einar Lundanes tilbake til barndomsheimen saman med venen Per. Til fjellgarden der ingen lenger kan bu, for ein dag kan raset og flodbølgja koma.