Tugushan Alp driv salatproduksjon i eit bomberom i Molde
Foto: Remi Sagen / NRK

Bonden i bomberommet

Han har dyrka grønsaker i rundkøyringar i Istanbul. No driv Tugushan Alp (37) salatproduksjon i eit tilfluktsrom under jorda i Molde. Han meiner framtida er urbant landbruk.

Bak ei tung metalldør i ein parkeringskjellar i Molde, spirer og veks det. Det vesle bomberommet er fullt med salatar i hyller som går frå golv til tak. Lyset i rommet er rosa, og difor går dei som jobbar her med spesielle briller for å unngå å bli svimmel. I dag er det innhausting. Med lette bevegelsar klatrar dagleg leiar Tugushan Alp i stillaset og kuttar ned plantene frå 4. hylleetasje.

– Eg er ein bybonde og dyrkar salat der ingen skulle tro at noko kunne gro, ler den energiske 37-åringen og ser på betongveggane.

Alp er oppvaksen midt i metropolbyen Istanbul i Tyrkia. Heilt sidan 9-årsalderen har han vore lidenskapleg oppteken av å dyrke sine eigne vekstar. Han starta med å så bønner og linser i vinduskarmen, og etter kvart tok han i bruk ledige jordflekkar han fann i byen, slik som midtrabattar og rundkøyringar på vegane.

Ublidt møte med norsk salat

Alp utdanna seg innan hotell og reiseliv og bestemte seg for å utforske andre delar av verda. 19 år gamal kom hobbygartnaren til Noreg og fekk eit brutalt møte med ruccolasalaten i butikkhylla.

– Det var berre namnet som stemte. Ruccolaen var verken krydra eller kjøttfull slik den skal vere, seier Alp. Han var så skuffa at han bestemte seg for å prøve å gjere det betre sjølv.

Full av pågangsmot sådde han frø i ein liten jordflekk bak leilegheita si i Molde, men to-tre veker seinare byrja ruccolaen å blomstre og gå i frø. Altså var forsøket mislukka og det vart ingen avling. Om att og om att skjedde det same, og frustrasjonen vaks. Den unge mannen heiv seg over litteraturen for å finne ut kva han gjorde feil og oppdaga at ruccolasalaten ikkje likar for mykje dagslys. Frå den dagen vart ein liten spire av ein ide sådd. Kva med å dyrke salat utan naturleg lys?

Tugushan Alp driv salatproduksjon i eit bomberom i Molde

Tugushan Alp har dyrka sine eigne vekstar heilt sidan han var 9 år. No plantar han salatane i vatn.

Foto: Remi Sagen / NRK

Urbant landbruk

Hydroponisk dyrking er namnet på det Tugushan Alp driv med. Metoden går ut på at plantane vert dyrka i vatn med næringsstoff. Ledlys sørgar for vekst.

Professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Sissel Torre, seier at denne type produksjon så vidt har starta i Noreg. Det finst nokre få kommersielle produsentar som dyrkar under fullstendig kontrollerte omgivnader ved hjelp av vekstlys. Andre land i verda, som USA og Japan har jobba med dette i fleire år. I Noreg er det tradisjon for å dyrke salat og grønsaker i veksthus, og i jorda utandørs.

– Vi har ikkje så tett befolka område og dermed ikkje denne arealbegrensinga som i Japan. Der dyrkar dei planter effektivt, og ein av metodane er å dyrke dei i fleire lag over kvarandre, seier Torre.

Fordelen med å dyrke i vatn og bruke lysdioder er at ein kan optimalisere næringstilgangen svært nøyaktig. Vassforbruket vert mindre, og ein slepp problem med sopp og skadedyr. Dermed unngår ein å måtte bruke sprøytemiddel på plantane.

Professoren seier at grønsakene produsert på denne måten skal vere like sunne som dei som er produsert på tradisjonelle måtar. Analysar som er gjort av plantane i plantefabrikkane, viser at dei har like høgt innhald av mineral, vitamin og næringsstoff som plantar utandørs eller i veksthus.

– Ved hjelp av lyskvaliteten kan ein i stor grad bestemme kva planten skal innehalde. Ein kan få planten til å produsere vitamin, seier Torre.

Tugushan Alp driv salatproduksjon i eit bomberom i Molde

For å utnytte plassen i det vesle bomberommet, veks plantane i hyller i høgda.

Foto: Remi Sagen / NRK

Slost mot byråkratiet

Ein stille lyd av vatn som sildrar fyller det 170 kvadratmeter store bomberommet i Molde. Vatnet går gjennom små rør til kvar enkelt plante og sørgar for at alle får den mengda dei skal ha. I hyllene står salatar av alle slag og mikrovekstar som reddik, erter og sennepsfrø. Det rosa lyset får dei grøne salatane til å sjå brune ut.

Det gjekk 11 år frå Tugushan Alp starta å produsere salat med kunstig lys i liten skala heime hos seg sjølv til han tok det store steget og vart kommersiell. Han har ikkje tal på kor mange timar som har gått med til å studere teknologien. Systemet han har installert med vatn og lys har han bygd opp sjølv. Dei gule og grøne fargane er eliminert bort. Det er tonane av raud og blå farge som gjer fotosyntesen effektiv.

I ein liten krok i tilfluktsrommet er det pakkeavdeling. Der blir kvar plante nøye sjekka før den blir forsegla. To gongar i veka går salatpakkane ut til dei lokale butikkane Alp har avtale med.

– Avstanden til kundane vert liten når gartneriet ligg midt i byen, seier gründeren. Han har ikkje berre brukt mykje tid å bli ekspert på urban dyrking. Tida har også gått med til nokre runder mot byråkratiet. Sidan han er ein av dei første i landet som driv kommersiell dyrking på denne måten, finst det lite kunnskap hos styresmaktene. Eit av problema har vore korleis Mattilsynet skal definere verksemda hans.

– Det endte til slutt med at eg ikkje driv eit gartneri, men eit næringslokale, seier Alp.

Sprø ide

Den urbane bonden har Innovasjon Norge, Forskingsrådet, investorar og mentorar med seg på laget.

Steinar Johnsen, seniorrådgivar i Innovasjon Norge, innrømmer at han synest ideen om gartneri i eit bomberom i Molde var litt uvanleg.

– Eg synest ideen var litt sprø. Den var også spenstig og innovativ. Eg fekk sansen første gong eg høyrde om prosjektet og såg moglegheiter i det, seier Johnsen. Han har stor tru på at urbant landbruk kjem til å skyte fart i Noreg.

Ideane til bomberomsbonden vekkjer også begeistring i Norges bondelag. Dei trur det kjem til å kome endå fleire matprodusentar i byane i tida framover.

– Det at bybefolkninga vert meir observante på moglegheitene til å produsere grønsaker og mat bynært er positivt. Folk kan bli meir bevisste på norsk matproduksjon, seier leiar Lars Petter Bartnes.

Det er glatt og kaldt i gatene i Molde, men i betongkjellaren til Tugushan Alp er temperaturen behageleg.

Gartnaren sitt hårete mål for framtida er at importen av grønsaker frå utlandet skal reduserast med 10–20 prosent. Han har planar om å gradvis utvide forretninga si.

– Eg vil gjerne gjere verda til ein litt reinare stad å bu, seier 37-åringen.

Tugushan Alp driv salatproduksjon i eit bomberom i Molde

To gongar i veka er det innhausting. I første omgang har Tugushan Alp avtale om å levere til daglegvarebutikkar i nærområdet.

Foto: Remi Sagen / NRK