Hopp til innhold

Vil utbetre Trollstigen for 14 mill

Dei berømte svingane skal oppgraderes for å ta imot lengre bussar.

Trollstigen i Møre og Romsdal
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

I dag er det ikkje lov med køyretøy som er lengre enn 12,4 meter i Trollstigen, men både turist- og transportnæringa ynskjer ei endring.

Turistnæringa vil utbetre strekninga til å ta imot 15 meter lange bussar. Prislappen på utbetringa har kome på 14 millionar kroner, men reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke i Rauma trur dei vil ha pengane allereie til neste år.

– Lengdebegrensninga gjer at turoperatørar vel vekk Trollstigen. Reiselivsnæringa i heile Midt- Norge er skadelidande på grunn av dette, seier Gråberg Bakke i ei pressemelding.

Den tyske bussen blei ståande fast i Trollstigen.

KAN KANSKJE UNNGÅ DETTE? I juli var vegen stengd i fire timar då ein tysk turistbuss tok ein av svingane for krapt, og stod bom fast.

Foto: Ottar Rydjord.

Les Trollstigen opna etter fire timar.

Statens Vegvesen har prøvekøyrd strekninga i ein 15 meter lang buss i sommar, og fann at sju av totalt 11 svingar treng utbetring skal dei lange bussane få plass.