Hopp til innhold

Utrykning med broddar

Det har falle uvanleg mykje snø over fylket siste døgna. I Kristiansund er ambulansesjåførane fortvilte over uframkomelege vegar, og
Isbroddar har blitt standardutstyr på utrykning.

Video Utrykning med broddar

Broddar må til når det er is under snøen.

Og når det snør i sidegatene i Kristiansund, kan snøen bli liggjande lenge. Så lenge at den blir hardpakka og at mildver gjer den om til is med djupe spor. Økonomien tillet brøyting kun i kontortid i bustadområde.

Vanskeleg for brøytemannskapa

Video Vanskelege forhold for brøytemannskapet

I Ålesund er det også ille. Brøytebilsjåfør Anton Helland kan fortelle at han likar å arbeide om natta fordi det då er arbeidsro. Den verste tida er når folk har vakna og skal rekke barnehagen og arbeidet.