– Det er lett at det negative tek oss litt raskare enn det positive. Men dei har hjelpt oss med å finne ut at vi gjer mykje positivt òg.
Det seier Synøve Jota Gulla, avdelingsleiar på Smøla sjukeheim.
I 2020 vart sjukeheimen med i eit bransjeprogram med vekt på inkluderande arbeidsliv (IA). Målet til programmet er mellom anna å bidra eit betre arbeidsmiljø, mindre sjukefråvær og fråfall på arbeidsplassen.
Det har dei lukkast med på Smøla. For sidan starten av prosjektet i januar 2020 har det skjedd store endringar i sjukefråværet på sjukeheimen som har rundt 60 faste tilsette og vikarar.
Tok kontakt
Nina Grawert som er IA-rådgivar for Nav Arbeidslivssenter i Møre og Romsdal fortel at dei tok kontakt med Smøla sjukeheim fordi det var meldt frå om høgt sjukefråvær og fleire andre utfordringar.
– Skal ein lukkast med å redusere sjukefråvær så må ein jobbe førebyggjande med arbeidsmiljøet saman med partane på arbeidsplassen, seier ho.
Dagmar Landstad og Nina Grawert har vore IA-rådgivarar på Smøla.
Foto: Eirik Haukenes / NRKTotalt har ti sjukeheimar rundt om i landet vore med på liknande prosjekt som på Smøla.
Ved hjelp av ekstern kompetanse, som går tett på arbeidskvardagen til dei tilsette, har dei saman funne løysingar som gjer at dagane fungerer betre.
– 40 prosent av sjukefråværet i sjukeheimar kan relaterast til forholdet på arbeidsplassen, Grawert.
Vanskeleg å rekruttere
Norsk Sykepleierforbund si medlemsundersøking frå 2022 viser at berre 6,8 prosent av sjukepleiarane som fekk autorisasjon i 2021 ønskte seg jobb i ein kommunal sjukeheim.
– Når det er så vanskeleg med rekruttering er det endå viktigare å leggje til rette for at dei som faktisk er i jobb skal ha det best mogleg. På den måten kan dei gjere det samfunnsoppdraget dei er sette til på ein best mogleg måte, seier IA-rådgivar for Nav Arbeidslivssenter i Møre og Romsdal, Dagmar Landstad.
Etter fleire år med testing har det vorte utvikla eit verktøy som skal gi betre arbeidsmiljø på fleire sjukeheimar.
– Smøla sjukeheim har vore med på å utvikle verktøyet som no skal ut nasjonalt, seier Landstad.
Synøve Jota Gulla som er avdelingsleiar på Smøla sjukeheim er takksam for hjelpa dei har fått.
Foto: Eirik Haukenes / NRKMykje betre enn før
Ikkje berre har dei bidrege med å utvikle eit nytt verktøy. Prosjektet har også gitt gode resultat for Smøla sjukeheim. I januar 2020 var sjukefråværet på 20 prosent. No er det halvert.
– Eg klarer ikkje hugse korleis det var før. Det har vorte mykje betre, seier Gulla.