Slik vil regjeringa hjelpe den maritime næringa gjennom koronakrisa

Regjeringa foreslår å løyve 684 millionar kroner til nye maritime prosjekt i perioden 2020–2024. Skuffande og tafatt, svarer den maritime næringa.

Næringsminister Iselin Nybø (V) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) på verftet Vard Langsten i Tomrefjord

BESØKTE VERFT: Næringsminister Iselin Nybø (V) la fram krisetiltaka saman med distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) på verftet Vard Langsten i Tomrefjord onsdag kveld.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Pengane vil mellom anna gå til oppgradering av fartøy på norske verft for Sjøforsvaret, ei ny låneordning for grøn flåtefornying og til forsking knytt til meir miljøvenleg skipsfart, opplyser næringsdepartementet.

Vil auke aktiviteten

Skipsverfta har tynne ordrebøker og store aktørar i den maritime næringa kan stå i fare for å gå konkurs utover hausten og neste år. Tusenvis av arbeidsplassar langs kysten kan dermed forsvinne.

Krisetiltaka næringsminister Iselin Nybø (V) la fram onsdag kveld, er ein del av fase tre av dei økonomiske krisepakkane til regjeringa. Resten blir etter planen lagt fram fredag.

Næringsminister og digitalisering- og distriktsminister på Vard Langsten.

Næringsminister og distrikts- og digitaliseringsminister på Vard Langsten.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dette er tiltaka:

  • Oppgradering av kystvaktfartøy: Som ein del av vertspakken foreslår regjeringa å forsere arbeidet med å oppgradere Skjold-klassen blant fartøya til Sjøforsvaret. Fartøya skal oppgraderast ved eit norsk verft.
  • Grøn flåtefornying: Regjeringa foreslår å opprette ei ny låneordning for grøn flåtefornying for nærskipsfarten og fiskefartøy med ei tapsavsetning på 150 millionar kroner. Dette svarar til ei låneramme på 300 millionar kroner.
  • Forsking knytt til grøn skipsfart: Dei foreslår å auke ramma til næringsretta forsking og utvikling knytt til grøn skipsfart i Noregs forskingsråd (Maroff) med 65 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til løyving til Klimasats, som mellom anna gir 20 millionar kroner til fylkeskommunane sitt arbeid med grøne hurtigbåtar.

Skuffande og tafatt

Den maritime næringa har allereie vore gjennom fleire tøffe år og mange er i ferd med om omstille seg. Fall i oljeprisen og ein usikker verdsøkonomi på grunn av korona, gjer situasjonen endå tøffare.

Arnfinn Ingjerd i Maritimt forum synest tiltakspakken ikkje møter næringa sine behov.

– Dette var skuffande og tafatt. Eg hadde venta at dei hadde kome i møte dei tydelege innspela våre, seier Ingjerd.

Maritimt forum har lagt fram ein tiltakspakke på 40 punkt. På lista står blant anna endring av permitteringsreglar frå dagens 26 veker til 52 veker og bygging av statlege skip, der norske verft blir prioritert.

Arnfinn Ingjerd.

Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Tøff haust

Det har ikkje kome nye ordrar inn i dei usikre tidene med korona og Ingjerd viser til milliardkontraktar som var klare til signering 12. mars, men som er lagt på vent på grunn av korona.

– Det er ikkje oppseiingar og konkursar no, men vi fryktar med god grunn at det blir tøft utover hausten og neste år, seier Ingjerd. Han ventar at det kjem ytterlegare tiltak og at opposisjonen legg milliardar på bordet.

Konsulentselskapet Menon Economics har utført ein analyse på vegner av Maritimt Forum. Konklusjonen er at kvar fjerde tilsette i maritim industri kan miste jobben i verste fall.

Smittetiltak for millionar

Korona har kosta skipsverfta til Vard fleire millionar kroner i smitteverntiltak kvar veke. Utanlandske arbeidarar sit i karantene i brakker for å kunne jobbe ved verftet og det er innført skiftordningar for unngå så mange på jobb samstundes. Dagleg leiar i Vard, Erik Haakonsholm, synest ikkje tiltaka regjeringa kjem med er nok.

– Det vi treng er ein pakke som dekker deler av kostnadane vi har dagleg på grunn av korona. Dei burde hatt større fokus på situasjonen no, seier Haakonsholm.

Erik Haakonsholm, dagleg leiar ved Vard

Erik Haakonsholm hadde håp om at regjeringa dekkjer delar av koronakostnadene verftet har.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Stod på ynskjelista

Næringsminister Iselin Nybø forstår at det er ein vanskeleg situasjon for verftsnæringa. Ho meiner pakken regjeringa kjem med er tiltak næringa sjølv har ynskt seg og som kjem godt med for å få hjula i gang.

– Sjølvsagt har dei ulike næringane høge forventingar til kva staten kan bidra med i ei slik krise. Dette er ein pakke som kjem i tillegg og på toppen av andre krisepakkar i hundre millionar kroners klassen, seier Nybø.

– Det var tøft

Helga Krogsæter Ytrebø

Helga Krogsæter Ytrebø fekk god tid til hobbysnikring då ho blei permittert frå jobben.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Helga Krogsæter Ytrebø er ei av mange i den maritime næringa som blei permittert 13. mars. Ho jobbar for Ask Safety – eit firma i Ålesund som kursar sjøfolk. Ho synest det har vore tunge tider.

– Det var tøft til å begynne med. Det å ikkje kunne få lov til å jobbe. Det var det vanskelege, seier ho.