Hopp til innhold

Slik vart Vårsøg til

Tekst: 47-åring våren 1945. Melodi: 19-åring, 1971.

Henning Sommerro får Vårsøgplata av NRK

Henning Sommerro var 19 år då han skreiv melodien til Vårsøg.

Foto: Mari Langva / NRK

Vårsøg er sangen som alle vil høyre. Det er få som kan teksten utanat, men melodien sit inne hos dei fleste. Ikkje minst ettersom han er kjenningsmelodi på Nattønsket på NRK P1.

Henning Sommerro skreiv melodien som 19-åring i 1971:

– Tonane kom i løpet av nokre få minutt, seier musikaren og komponisten frå Surnadal. Han er i dag professor i musikk ved NTNU i Trondheim.

Det var sambygdingen Hans Hyldbakk som skreiv teksten som eit dikt våren 1945, for sytti år sidan.

Ikkje berre vår

– Alle tenker at sangen handlar om våren. Men innhaldet er nok svært prega av at det gjekk mot fred etter tunge kringsår, seier Sommerro. Likevel er det vel dei færraste som tenkjer på Vårsøg som ein fredsssong om våren i fedrelandet.

Komponisten påpeikar at både vår, sommar og haust er med i teksten, som Hyldbakk skreiv i eitt av sine kjente Kleivabrev frå Surnadal på Nordmøre.

Vårsøg

Dette er gruppa Vårsøg, på Spellemannprisen i 1979, med Johnny Gausemel, Knut Blekken og Henning Sommerro.

Foto: Knai, Vidar / Scanpix

Vårsøg er ikkje noko vanleg uttrykk blant surnadalingar, i følge Sommerro. Det er ein lyd. Ein høyrer våren, på ein måte.

Diktet kom inn i Folkehøgskolens Sangbok, men då med ein heilt annan tone.

Starten på noko stort

I 1971 var tenåringen Henning Sommerro i Kanndalen i Romsdal hos familien til mor si. I full fart skreiv han melodi til nokre av Hyldbakk-dikta.

Dette vart starten på noko stort. Totalt har han sett melodi til tretti tekstar av Hans Hyldbakk, som levde frå 1898 til 2001. Han vart 103 år gammal.

Siste dans på lokalet

Sommerro spelte i dansebandet Mad Movies Band. Dei spelte på dansefestar helg etter helg, og Vårsøg vart ein kjærkomen låt til siste dansen.

– Vi har nok spleisa mange par med den, ler Sommerro.

Henning Sommerro

Mad Movies Band og Henning Sommerro hadde Vårsøg som fast siste dans når dei spelte på lokalet.

Foto: Aina Rødal / NRK

Etter kvart kom bandet på NRK TV, i program som "Etter fjøstid" og "Frå rock til barkokk".

Først i 1977, seks år etter at Sommerro skreiv melodien, kom Vårsøg på plate. Vårsøg var namnet både på plata, tittelsporet og gruppa. Det gjekk ikkje lang tid før dei fekk Spellemannprisen.

– Tromming og skrommel, sa Hyldbakk

Tekstforfattar Hyldbakk var allereie då godt oppe i åra, og syntest kanskje at musikken vart vel moderne:

– Det er så mykje tromming og skrommel, sa han.

Rytmiske tekstar

Men det snudde fort. Hans Hyldbakk likte godt at dikta og sangane kom ut på denne måten. – Han fekk vel litt rettigheitspengar også, ler Sommerro.

– Tekstane til Hans er så rytmiske og gode at dei er lette å setje tone til, seier han.

Melodien er vanskeleg å sette i sjanger. Den har snev av både vise, folketone, pop, rock og jazz.

Vårsøg

Gruppa Vårsøg fekk Spellemannpris i 1979.

Sigmund Groven sin munnspelversjon og Nils Petter Molvær på trompet er velkjent frå Nattønsket. Aleksander Rybak har spelt den inn, og det har kome rappeversjonar i Asia.

Musikk til bryllup og gravferd

Sangen har vore brukt i utallige bryllup og gravferder. – Det er godt å tenke på at vi har laga ein tekst og ein melodi som betyr noko for folk.

Teksten kan vere litt vanskeleg, då den er skriven på dialekt. – Eg får mange spørsmål om kva dét og dét betyr, seier Henning Sommerro.

– Kva er grunnen til at sangen har slått så godt an hos så mange?

– Eg er vel høgst inhabil her. Men det er noko fint og godt over det heile. Det er ikkje mykje negativitet å spore.

Gruppa Vårsøg vart oppløyst etter at dei spelte på Moldejazz i 1980. Slagverkaren Johnny Gausemel bur i Molde i dag. Bassgitaristen Knut Blekken bur i Oslo. Sjølv er Henning Sommerro professor i musikk ved NTNU i Trondheim. I 2012 var gruppa samla igjen på Vårsøghelga i Surnadal.

Vårsøgeventyret er over. Men sangen lever vidare.

Video Vårsøg gjenforent

Gruppa Vårsøg vart gjenforent på Vårsøghelga i Surnadal i 2012.

Foto: Nyhetsspiller

VÅRSØG

No skin det sol e høgste Svealiå
No bli det vår, det kjeinne e så vel
Det søng så tongt kring aille dalasiå
og synnavijn, hain kjæm og gjer me sel

Når sommar'n kjem, da bli det fint e fjellå
Da ska e dit å hør kor bekkjin søng
å kliv te topps e brattast berjesteillå
å vea gras og tort å tågberløng

E kjeinne lokt tå gras kring aille haua
og sola skin, og bjøllån kleng så kløkt
og tjønnin legg så blank der e ska laua
me berg ekreng, der e kainn sol me trøkt

Å du, å du, kår sårt å selt e stoinna
når sola skin frå kvite høgdå ne
Da væt e vår'n, han e kje længer oinna
at e får levva slik ein sommar te

Da væt e vesst at bekkjin legg å venta
poinn kaille isa med så sval ein drekk
Når hausten kjem og sistkveillskløva heinta
Da ska e takk førr sommar'n så e fekk.