– Eg hadde planlagt denne reisa i to år. Ikkje berre for meg, men for dottera mi òg. Ho gledde seg veldig, kvar dag spurde ho når vi skulle møte bestemor og tantene hennar. Det er hjarteskjerande, seier Sara Mahboubnia.
Sara Mahboubnia har ikkje sett familien sin på to og eit halvt år.
Foto: Shiva Ghalvazi / NRKHo gifta seg og flytta til Noreg for fire år sidan for å bu saman med mannen sin, som bur i Molde. Sidan den gong har ho ikkje vore i Iran.
Ei lenge planlagt reise
No jobbar Mahboubnia som tilkallingsvikar på ein sjukeheim i Molde.
– Sidan eg hadde planar om å reise i sommar, takka eg nei til sommarvaktene, tok permisjon frå barnehagen for dottera mi, kjøpte klede og gåver og var klar, fortel Mahboubnia.
Fredag 13. juni hadde Mahboubnia flybillett til å reise til Iran. Ho reiste saman med mannen sin og den to år gamle dottera si til Oslo dagen før, for å vere klare til avreise.
– Natta før fekk eg ikkje sove og var spent og rørt over tanken på å endeleg få klemme familien min igjen, seier ho.
Morgonen etter vakna ho til nyheita om at Israel hadde angripe Iran. Familien sende henne etter kvart meldingar der dei bad ho om å ikkje kome.
– Eg kunne ikkje tru det. I mange år har det vore truslar mellom Israel og Iran, men eg trudde aldri det skulle bli alvor. Det fall meg ikkje ein gong ein prosent inn, fortel Mahboubnia.
Ho byrja å følgje med på nyheitene for å finne ut kva som hadde skjedd. Plutseleg fekk ho ein e-post frå flyselskapet, alle flyvningar til Iran var avlyste på grunn av krig.
– Eg ringde familien min med ein gong. Dei var òg leie seg. Dei hadde førebu seg og gjort klart til å ta imot oss. Eg følte meg sjuk i fleire dagar, seier Mahboubnia.
Uroleg i heimbyen
Situasjonen i heimbyen hennar, Mahabad, er ikkje roleg. Byen har ikkje blitt utsett for direkte angrep, men lyden av rakettar og eksplosjonar kan høyrast om natta, noko som gjer at alle kjenner på panikk og uro, fortel ho.
– Situasjonen er ustabil. Folk er redde for å gå ut og har låst seg inne, seier Mahboubnia.
Ho fortel at det er krevjande å halde kontakta med familien fordi nettet i Iran er ustabilt.
– Eg føler meg deprimert. Eg prøver å vere positiv, men det er vanskeleg når eg les nyheitene og tenkjer på familien min. Det er håplaust når eg ringer og ingen svarar.
Mahboubnia veit ikkje når ho får moglegheit til å reise igjen.
– Eg håpar berre det snart blir fred, så eg kan reise tilbake og klemme dei eg er glad i, seier ho.
UD med nye reiseråd
Utanriksdepartementet frårår alle reiser til Iran på grunn av krigen med Israel.
Mathias Rongved, pressevakt i UD, opplyser at dei lenge har åtvaring mot reiser til Israel, Iran og fleire andre land i regionen.
– Vår moglegheit til å yte konsulær bistand i desse landa er svært avgrensa, fortel Rongved.
Dersom du reiser til eit land som er omfatta av ei reiseåtvaring, bør du undersøkje om reiseforsikringa di gjeld for reisa, seier Mathias Rongved, pressevakt i UD.
Foto: Utenriksdepartementet– Det er om lag 270 norske borgarar som har registrert seg i Iran. Vi ber alle norske borgarar i Iran til å registrere seg på reiseregistrering.no eller i appen Reiseklar, forklare han.
UD ber også norske borgarar i området om å følgje med på lokale medium og følgje råd og anbefalingar frå lokale myndigheiter.