Hopp til innhold

Sparebanken Møre åtvarar kundane mot svindelforsøk

Mange har fått e-post som ser ut for å vere frå Sparebanken Møre. Dette er eit svindelforsøk og kundane vert bedne om å slette e-posten.

Informasjonssjef Kjetil Hauge i Sparebanken Møre

Kjetil Hauge seier at banken aldri sender ut e-post med spørsmål om bankkontoen til kundar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes/NRK

Sparebanken Møre har ikkje oversikt over kor mange som har fått e-post som gir seg ut frå å vere frå kundeservice i banken og ber om sensitive opplysningar. No åtvarar banken om å svare på den falske e-posten og opna lenka.

– Dette er forsøk på svindel. Banken sender aldri ut slike spørsmål. Vi har all informasjon vi treng om kundens konto, seier informasjonssjef Kjetil Hauge.

Norske bankar har dei siste åra sett mange eksempel på at kriminelle prøver å få tilgang til bankkontoen anten ved falske påloggingssider på nett eller falske e-postar. Dette er likevel første gongen det har skjedd i så stor skala i Sparebanken Møre.

Kva med dei som har latt seg lure?

– Dei som har trykt på lenka og latt seg lure, må ringe kundeservice slik at kontoen kan bli sperra, seier Hauge. Han ser alvorleg på saka.

Falsk epost