Hopp til innhold

Politiet åtvarar om kvitvasking på Vipps

Advokat Erling Grimstad fryktar at Vippslån kan utnytte personar med svak økonomi som pengemuldyr.

Mann som held ein mobiltelefon.

Nokre «Vippslån-grupper» på Facebook har tusenvis av medlemmer, der ein kan be om å låne eller låne ut pengar privatpersonar imellom. Biletet er av ei slik Facebook-gruppe, men frå ei annan sak.

Foto: Jan Arne Austad / Echo Media AS

– Lukka Facebookgrupper som kombinerer hjelpsamheit med pengar, kan tiltrekkje seg folk med uærlege hensikter. Det må folk vere obs på, seier Marius Haugland Martinsen.

Han er avsnittsleiar for økonomi og miljøkriminalitet hos Møre og Romsdal politidistrikt.

Marius Haugland Martinsen, avsnittsleiar for økonomi og miljøkriminalitet hos Møre og Romsdal politidistrikt står framfor ein vegg med politiet sin logo.

Marius Haugland Martinsen, avsnittsleiar for økonomi og miljøkriminalitet hos Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Møre og Romsdal politidistrikt

Han kallar det grålånsmarknaden.

Det er ein uformell lånemarknad, der privatpersonar låner ut pengar til skyhøge renter, ofte med kort løpetid. Ofte vert Facebook-grupper med tusenvis av medlemmer brukt til å formidle behova for lån.

Dersom ein driv med slik formidling av lån, går det ei grense for når det blir ei form for næringsverksemd som krev løyve, forklarer Grimstad.

I tillegg til uformelle lån, har tenesta blitt brukt til kvitvasking av pengar.

Les også «Erik» (27) låner pengar frå ukjende på Facebook

Mann sit med mobiltelfonen i handa.

Meiner Vipps kan misbrukast til kvitvasking

Nyleg vart ei 19 år gammal kvinne dømd til 75 dagar i fengsel for å ha kvitvaska pengar som blei vipsa til henne, ifølgje TV 2.

Vi har sett eksempel på at enkelte driv med kvitvasking som ein bijobb. Det vil seie at dei får betalt for å ta imot pengar frå ukjende personar for deretter å sende pengane vidare til andre ukjende personar, seier advokat Erling Grimstad.

Han var tidlegare leiar for Økokrim og har jobba mykje med kvitvasking og bedrageri.

Erling Grimstad, advokat, står ute i ein park iført ein grå blazer og lyseblå skjorte. Bakgrunnen består av grøne tre og gras som syner ein solrik dag.

Advokat Erling Grimstad har jobba svært mykje med bedrageri, kvitvasking og anna økonomisk kriminalitet, mellom anna som leiar for Økokrim.

Foto: NRK

Grimstad meiner folk som driv med Vipps-lån må vere klar over at dei kan verte misbrukte til kvitvasking.

– Dei må for det første vite kven pengane kjem frå.

Han seier privatpersonar sin konto kan verte nytta som ein gjennomstraumskonto som gjer det vanskelegare for politiet å oppfatte at pengane kjem frå uærlege kjelder.

– Det kan vere kriminelle aktørar dei flyttar pengane til. Og det kan jo vere ei form for medverknad til kriminalitet som er svært alvorleg, seier Grimstad.

Grimstad seier svindlarar brukar ofte personar dei har svindla før. Dei nyttar bankkontoen deira til å gjennomføre betalingstransaksjonar for å kvitvaske utbytte frå kriminalitet. Dei kan også be om å få tilbake pengar som dei påstår feilaktig er innbetalt til offerets konto.

– Svindelofferet kan risikere straffansvar, sjølv om dei har blitt svindla, åtvarar Grimstad.

Les også Svindlerne blir stadig mer kreative – oppga e-postadressen kundeservice@vipps.no

Caroline Lunde, kommunikasjonssjef i Vipps

Overvakar alle betalingar

Hege Hagen, anti-kvitvaskingssjef i Vipps, skriv til NRK at dei har strenge system for å førebyggje og avdekke kvitvasking.

Alle betalingar blir elektronisk overvaka for å oppdage mistenkt svindel. Saker som blir flagga, vil bli følgde opp manuelt, skriv Hagen.

NRK har tidlegare skrive om korleis Vipps også brukar kunstig intelligens til å identifisere mogleg kriminell oppførsel.

Om vi har mistanke om at du er involvert i kvitvasking, blir dette rapportert til politiet. Alle som er involverte i svindel eller muldyraktivitet vil miste tilgangen til Vipps-kontoen sin, skriv Hagen.

Hege Hagen leder avdelingen som håndterer økonomisk kriminalitet hos den digitale betalingstjenesten Vipps. Her blir hun intervjuet av NRK på kontoret.

Hege Hagen er anti-kvitvaskingssjef i Vipps.

Foto: Tommy Iversen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Geiranger med Geirangerfjorden ein vinterdag med blå himmel og blikkstille fjord.

Nær 15.000 har søkt om å få bu gratis her: – Heilt spinnvilt