Fleire tusen kundar har fått ein SMS frå banken om at dei må møte opp og legitimere seg. Dette er på grunn av den nye kvitvaskingslova, som krev at bankane skal vite kven kundane sine er.
Har ein fått beskjed om å gjere dette, og ikkje gjer det innan fristen, kan alle kontoar og tenester bli stengde.
Denne meldinga fekk Tutta Henriksen frå Nordea førre veke. «Dersom du ikkje legitimerer deg innan fristen vil vi måtte sperre kontoar og andre tenester du har hos oss.»
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK– Det gjer folk redde
92 år gamle Tutta Henriksen i Ålesund har vore kunde i Nordea i 50 år, men har verken pass, førarkort eller bank-ID. Då ho fekk melding sist veke, ante ho ikkje kva ho skulle gjere. Ho fekk frist til 1. desember.
– Det gjer at folk blir redde. Ein veit ikkje kva det betyr, eller kva ein skal gjere med det, seier Henriksen.
Ho forstår kvifor banken sender ut meldingane, men reagerer på måten dei går fram på.
Mange eldre ho har snakka med på dagsenteret tysdag var heilt fortvila. Fleire skaffa seg pass, noko som fort blir dyrt for ein minstepensjonist.
– Det er veldig vanskeleg for folk, og mange kan ikkje gå heller. Eg skjønar ikkje kvifor dei skal straffe nokon som ikkje har gjort noko gale, seier 92-åringen.
Fekk godkjenning likevel
Løysinga blei at svigerdotter Grete-Gunn Henriksen blei med svigermor til banken og bidrog til å stadfeste identiteten hennar. Det heldt for banken, sjølv om ho ikkje hadde gyldig ID.
Det var kø på Nordea då Tutta Henriksen møtte opp for å legitimere seg.
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRKHenriksen er glad det løyste seg for svigermor, men reagerer på ordlyden frå banken. Den synest ho er skremmande.
– Det er så kort varsel og rett før jul. Det er mange som blir redde av å lese ei sånn melding.
Oppfordrar usikre kundar om å ta kontakt
Kommunikasjonsdirektør Christian Steffensen i Nordea seier han forstår frustrasjonen til dei eldre, men peiker på at det er lovpålagde krav, som har til hensikt å forhindre svindel.
Det er berre dei som har fått beskjed om at dei må legitimere seg som må gjere det, seier kommunikasjonssjef i Nordea, Christian Steffensen.
Foto: NRK– Det er aldri godt nok viss kundane blir usikre. Vi kunne sikkert ha informert litt betre, og skulle gjerne hatt meir tid, seier Steffensen.
Nordea har stor pågang av kundar som må legitimere seg, og har auka bemanninga og opningstidene for å ta unna køane. Dei oppfordrar folk som har vanskar med å legitimere seg, om å ta kontakt.
– Det er ikkje lett for alle å identifisere seg, og då forsøker vi å finne løysingar for dei det gjeld, og det lèt seg som regel gjere, seier Steffensen.