Hopp til innhold

Nettmobbing kan ha ført til sjølvmord

Nettmobbing kan ha ført til sjølvmord. Det opplyser politiet i Ålesund.

Video nsps_upload_2009_2_5_20_34_36_143.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ved fleire skular slår skuleleiinga no alarm. Det er særleg på nettstaden "Nettby" at born mobbar kvarandre.

Straffbart

- Dersom det var vaksne som hadde formidla ord og trugslar, slik born gjer, ville dette ha blitt råka av straffelova, seier politiførstebetjent Arild Helland til NRK Møre og Romsdal.

Arild Helland

Politiførstebetjent Arild Helland koordinerer arbeidet mot nettmobbing.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Han koordinerer no arbeidet mot nettmobbing på Sunnmøre. Han fortel at talet på slike saker aukar.

- Fleire saker har hamna i konfliktrådet. Dette skjer gjerne i samband med bekymringssamtalar. Borna er under kriminell lågalder, og desse sakene har ikkje endt opp i rettsaparatet så langt, seier han.

Sjølvmord

Arild Helland knyter 3 saker der ungdom har teke sitt eige liv opp mot mobbing på internett. - Dei siste åra har vi hatt tre ungdomssjølvmord. Det er ikkje heilt sikkert at nettmobbing var den einaste direkte årsaka, men dette er alvorleg, seier han.

Voldsom ordbruk

Ordbruken på "Nettby" kan vere voldsom. Ei kort gjennomlesing av nokre gjestebøker, viser at der er trugslar om bank, opplysningar om at brukaren eig balltre som han kan bruke, medelevar blir kalla "retarded", "tapar" osv.

- Borna ser ut til å ha oppfatta internett som ein arena der det ikkje er sett grenser for kva ordbruk som er akseptabelt, seier undervisningsinspektør Svein Ola Lillestøl ved Lerstad barneskole.

Svein Ola Lillestøl

Svein Ola Lillestøl, inspektør ved Lerstad skole.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Lerstad barneskole er no ein av skulane i Ålesund som har inngått eit samarbeid med politiet. - Ordbruken er voldsom, og det har fått store følger for dei som er råka av denne forma for mobbing, seier han.