Mannen la ut på tur tidlegare i veka og skulle gå frå Vindølbuhytta og mot Trollheimshytta i Trollheimen.
Fredag morgon tok han sjølv kontakt med naudetatane for å be om hjelp.
– Han var i kontakt med naudetatane, men samtalen blei brote, seier Tor André Gram Franck, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.
Då sette politiet i gang ein storstilt leiteaksjon.
Funnen i god behald
Like før klokka 13 fredag meldte politiet at mannen var funnen.
– Vedkomande blei funnen av politihelikopteret, i god behald.
Dei skriv at mannen var noko medteken etter å ha gått ute i heile natt, og at han vil bli sett til av helsevesenet.
Ifølge politiet starta mannen turen på tysdag og skulle vere framme i dag.
Han var kledd og førebudd på ein lang tur.
Mannen skulle gå frå Vindølbuhytta og mot Trollheimshytta i Trollheimen
Mange deltek i søket
Politi og ein rekke frivillige deltok i søket etter mannen.
Mellom anna Røde Kors i Møre og Romsdal og Trøndelag. I tillegg deltok Norsk Folkehjelp, Norske Redningshunder, ambulansehelikopter og politihelikopter.
– Vi kjem til å søke både med folk og hund. Vi vurderer også å bruke båt. Planen er å leite frå begge retningar, sa Anders Magne Ormset, innsatsleiar på staden, fredag morgon.