Lite jordskred traff garasje i Rauma
Eit jordskred skal ha truffe ein garasje i Isfjorden i Rauma.
Politiet seier det er snakk om eit lite jordskred, og at det framstår udramatisk.
– Delar av ein veg har løsna ut. Det har kome eit lite skred som har truffe ei garasje, seier operasjonsleiar Jan Arild Austnes.
Han seier at det foreløpig ikkje er skade på garasje eller veg.
– Men dette må undersøkast ordentleg i dagslys, seier Austnes.
Geolog og entreprenør er varsla. Det er ikkje behov for evakuering.