Hopp til innhold

Lege sett fri - politiet ankar

Ein 38 år gammal lege frå Hedmark er sett fri etter eit rettsmøte i dag.

Han har sagt seg skuldig i å ha fått mindreårige jenter til å sende seg seksuelle bilde og videoar, for så å presse dei for pengar.

Det stadfestar forsvarar Svein Tømmerdal. Retten meiner det ikkje er fare for at bevis skal gå tapt.

Politiadvokat Unni Vikebakk er usamd, og meiner mannen framleis kan påverke vitne i saka, og at det difor er fare for at bevis kan gå tapt.

Dei har difor anka avgjerda.