Denne veka går ei heilt spesiell sak for retten i Oslo tingrett. No skal det norske rettssystemet ta stilling til om tvangsmedisineringa av ein psykiatrisk pasient var brot på menneskerettane.
Inger-Mari Eidsvik (60) frå Ålesund hevdar ho har blitt ulovleg tvangsmedisinert, skjerma og isolert fleire gonger.
– For meg er det så uforståeleg at vi møter menneske i livskrise med tvangsmedisinering, isolat og beltelegging, seier ho.
Inger-Mari Eidsvik og hunden Kompis på tur med naboen, Kristin Langva og hunden Una.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKBlei halden med makt
60-åringen blei første gang psykisk sjuk i 1988. Då ho blei innlagt på Hjelset i Molde blei det slått fast at ho var psykotisk, og ho blei halden med makt medan ho fekk sprøyter med medisin som skulle gjere henne betre.
Seinare skjedde det same igjen fleire gonger.
Men Eidsvik meiner behandlinga berre gjorde henne verre, og at legane heller burde snakka med henne, gitt henne ro og late henne sove ut.
– Vi blir rolege, vi blir handterlege, men spørsmålet er – blir vi friske, spør ho retorisk.
– Men meiner du det ikkje finst noko diagnose som er så alvorleg at folk må tvangsmedisinerast?
– Nei, meiner eg. Eg trur at om vi fekk tid, ro og trygging i gode relasjonar, ville vi finne tilbake til den vi er, seier ho.
Tidlegare i år slo Høgsterett fast at det knapt finst rettspraksis på knytt til spørsmålet om tvangsbruk, og gav Eidsvik medhald i at behandlinga av henne i 2014–2016 burde prøvast i retten. Ho har tidlegare fått fleire avslag, fordi sakene har vore forelda.
Inger-Mari Eidsvik har brukt mykje tid på å setje seg inn i lovverket rundt tvangsbruk i psykiatrien.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKMeiner det var nødvendig
Bjarne Snipsøyr hos Regjeringsadvokaten avviser at helsevesenet har brote menneskerettane i behandlinga av Inger-Mari Eidsvik.
Det er han som skal føre saka for staten i Oslo tingrett.
Snipsøyr skriv i ein e-post til NRK at dei vil vente til rettssaka med å utdjupe dette.
– Vi oppfattar at Eidsvik hevdar at sjølve lova om tvunge psykisk helsevern er i strid med menneskerettane. Staten er ikkje einig i det og meiner at lova er i samsvar med menneskerettane, noko Høgsterett også har sagt i andre saker.
Bjarne Snipsøyr til høgre frå Regjeringsadvokaten. Han fører saka i retten.
Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRKStadig fleire under tvang
Tvangsmedisinering av psykisk sjuke pasientar er omstridd. Berre i 2020 blei nærare 1800 nordmenn tvunge til å ta antipsykotiske medisinar.
Dei siste åra har ekspertane diskutert om det er mogleg å bruke mindre medisinar og mindre tvang.
Den internasjonale juristkommisjonen, som er partshjelpar under rettssaka, hevdar at Noreg konsekvent bryt lova:
«Konsekvensene av at psykisk helsevernloven praktiseres i strid med Norges menneskerettslige forpliktelser er at personer underlagt tvungent psykisk helsevern utsettes for menneskerettighetsbrudd den norske stat».
Håper ho vinn fram
Inger-Mari Eidsvik i Ålesund opplever turane på byfjellet Aksla med hunden Kompis som den beste medisinen. No har det gått åtte sidan siste innlegginga på psykiatrisk avdeling. Til dagleg arbeider ho i spesialisthelsetenesta med rusomsorg.
Eidsvik er overtydd om at ho hadde vore ufør om ho hadde brukt den medisinen som legane har ønskt at ho skulle ta etter tvangsinnleggingane.
Ho har tidlegare stilt opp i fleire filmar og engasjert seg i interesseforeiningar for å kjempe mot tvangen i psykiatrien. No er ho klar for å kjempe i retten.
– Eg tek denne saka på stort alvor. Skamma er ikkje mi. Eg håper eg vinn fram og at eg kan sleppe å leve resten av livet i redsel for tvangsmedisinering, seier ho.
Inger-Mari Eidsvik og hunden Kompis på tur med naboen, Kristin Langva og hunden Una.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKI ein tidlegare versjon sto det at dette er den første rettsaka i sitt slag i det norske rettsvesenet. Partane er usamde om dette, men Høgsterett slo tidlegare i år fast at det knapt fanst rettspraksis på spørsmål om tvangsmedisinering er brot på menneskerettane. Endra klokka 11.01.