Hopp til innhold

I streik

Mange private barnehagar stengde dørene klokka 12 i dag. Personalet protesterer mot eit forslag frå regjeringa om ny finansiering av barnehagane som dei opplever som urettvis. (Sjå video)

Video nsps_upload_2009_5_19_10_26_44_1056.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Kort dag

I dag rakk ungane ved Tryggheim barnehage i Ålesund berre å ete formiddagsmaten, før barnehagen stengde. Dei private barnehagane markerer si misnøye med eit lovforslag som gjer at dei ikkje lengre vil få den same økonomiske støtta som kommunale barnehagar.

Therese Hol er ein av dei som måtte hente barnet sitt tidleg i dag. - Dette er heilt greit, dette støttar vi, seier Hol.

Øydelegg arbeidsdagen

Men mange foreldre får vanskar med å organisere dagen og må gjere om på planane for å få det til å gå opp. - Dette øydelegg arbeidsdagen, seier Henry Vattøy. Men eg har forståing for at dei stengjer no klokka 12, seier han.

Henry Vattøy

Henry Vattøy sympatiserer med dei streikande.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Private og kommunale

Den 2. juni skal Stortinget behandle eit forslag frå regjeringa som kan truge ordninga med lik betaling for born uansett privat eller kommunal eige. Over halvparten av barnehagane i landet er private. Ålesund kommune har vore ein av verstingane når det gjeld venterlister på barnehageplass. At køane no er borte, er mykje takka vere oppstart av nye private barnehagar.

Fryktar for framtida

Randi Fagerhol Lauvås

Randi Fagerhol Tryggheim

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Tryggheim barnehage i Ålesund stenger dørene klokka 12. Bekymringa til barnehageleiar Randi Fagerhol Lauvås er at dei no kan kome til å måtte konkurrere med til dømes sjukeheimane om pengar til drifta.

- Vi stengjer fordi vi vil vere med på den politiske aksjonen for å markere frykta for framtida for barnehagane, seier Randi Fagerhol Lauvås. Det skal vedtakast i Stortinget no i vår. Dei tek vekk lova som sikrar oss likebehandling. Denne lova har sikra den økonomiske tryggheita for drifta vår, seier Fagerhol.

Stat og kommune

Tidlegare har barnehagane vore finansierte med både stalege og kommunale tilskot, i tillegg til det foreldra betalar. I følgje forslaget skal kommunane no stå for heile det offentlege tilskotet. - Då må vi kanskje slost om pengane på lik linje med sjukeheimsplassar og anna. Så vi ønskjer å behalde lova som sikrar oss likebehandling, seier Fagerhol.