Fryktar at asylsøkarar droppar helsesjekk

Asylsøkjarane må sjølve legge ut kostnader for helsesjekk. Tore Vaagen, i interesseorganisasjonen for mottaka, er redd for at dei dermed let vere å dra til lege.

Tore Vaagen

Tore Vaagen meiner det burde ha vore enklare for asylsøkjarane å få att pengar som dei har lagt ut for helsehjelp.

Foto: privat

Mange av asylsøkjarane som kjem til landet har behov for helsehjelp. På Sunndal asylmottak på Nordmøre får dei dagleg inn nye flyktningar, men Tore Vaagen som er leiar, ser stadig at asylsøkjarane vegrar seg for å dra til lege.

Grunnen er at dei må betale kostnadene sjølve. Vaagen er også leiar i interesseorganisasjonen for dei som driftar mottaka, DROF. Han seier at problemet er likt over heile landet.

– Asylsøkjarane har valet mellom ein middag eller å ta seg råd til å dra på sjukehus. Dei har lite pengar å leve for i mottak, seier Vaagen.

LES OGSÅ:

Får ikkje att pengane

Pengane asylsøkjarane legg ut, skal dei få refundert frå Helfo. Sidan dei ikkje har bankkonto, får asylsøkjarane ei utbetalingsanvisning som kan løysast ut i bank eller post. Problemet er at posten og banken ikkje godkjenner asylsøkarbeviset staten skriv ut.

Dermed får asylsøkjarane ikkje betalt tilbake pengane dei har lagt ut. Sjølv dei som har godkjente identifikasjonspapir har det same problemet, fordi desse papira ofte er innleverte til politiet.

Smittefare

– Det er i samfunnets interesse at vi legg til rette for at folk som treng ein helsekontroll, får gjennomført det, av smitteomsyn, seier Vaagen.

Han meiner at ein måte å løyse problemet på kunne ha vore at asylmottaka betalte helseundersøkingane for bebuarane, og at mottaka fekk att pengane frå UDI. Vaagen meiner også at bank og post burde ha godkjent asylsøkjerbeviset på små beløp.

Jobbar med problemet

Knut Henrik Berntsen.

Knut Berntsen, fagsjef for Region- og mottaksavdelinga i UDI, seier dei har jobba lenge for å løyse problemet med identifikasjonskort.

Foto: Rushda Syed / NRK

Knut Berntsen, fagsjef for Region- og mottaksavdelinga i UDI, seier at problemet med å at asylsøkjerbeviset ikkje kan brukast som identifikasjon og dermed fører til at asylsøkjarar ikkje får refundert pengane dei har krav på, er noko UDI har jobba lenge med.

– UDI har ikkje løysinga på dette problemet. Vi har ein dialog med Posten, men det er ei stor utfordring for dei å handtere slike unntak, seier Berntsen.

Vil strekke seg

Det er DNB som har ansvaret for alle banktenestene i posten. Kommunikasjonsrådgjevar Marit E. Giske, seier at det er kjent at asylsøkjarbeviset ikkje kan brukast som legitimasjon, men at dei vil strekke seg for å hjelpe asylsøkjarar som skal ha betalt tilbake pengar for helsehjelp.

Marit E. Giske

Kommunikasjonsrådgjevar i DNB, Marit E. Giske.

Foto: DNB

– Vi kan unntaksvis gi løyve til utbetalingar i slike tilfelle. Då må kundebehandlar godkjenne at personen er den same som det er bilete av på kortet, seier Giske.

Er ikkje det tungvint med tanke på alle asylsøkjarane som kjem til landet no?

– Det kan du seie, men asylsøkjarbeviset er ikkje godkjent som gyldig legitimasjon og då må vi handle deretter, seier Giske.

Ho seier at DNB har utvikla eit bankkort som asylsøkjarane kan bruke, og at refusjonen frå legeundersøkingar kan settast direkte inn på det kortet.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.