Hopp til innhold

–Aggressiv hund burde ha blitt stoppa før

Hunden som gjekk til angrep på Mats Nakken, har vore aggressiv tidlegare. I fjor drap han nabohunden. Eigaren av denne hunden meiner Mattilsynet og politiet burde ha gjort meir for å hindre fleire åttak.

Mats Nakken

Mats Nakken fekk store skader i munnpartiet etter at ein hund gjekk til åttak på han.

Foto: Øyvind Sandnes

Då handtverkar Mats Nakken (31) frå Vestnes skulle inn til ein kunde sist veke, hoppa hunden i huset rett på han. Tennene til hunden grov seg inn i leppa hans og heilt inn til tanngarden. Nakken er sikker på at hunden, som er ein Dogo Canario, kunne ha tatt livet av han.

– Hadde han bite av strupen på meg så hadde eg hatt eit par minutt på meg før eg hadde døydd. Hadde han rive av meg halsen, hadde eg ikkje site her i dag, seier 31-åringen.

Mats Rørhuus Nakken

Mats Nakken kjende umiddelbart at han var hardt skadd i kjeven, etter at ein hund angreip sist veke.

Foto: privat

Tok livet av nabohunden

Det er ikkje første gongen hunden har vore aggresiv. Den tok livet av den lille chihuahuaen til Erika Kanishi Daugstad i fjor. Ho rakk å knyte sterke band til hunden, men no har ho berre grava i hagen heime i Vestnes igjen.

Daugstad er sterkt kritisk til at politiet og Mattilsynet ikkje har gjort meir.

– Eg syns det er ei feilvurdering, det er synd at ein må risikere eit menneskeliv før dei gjer noko, seier ho.

Erika Kanishi Daugstad

Erika Kanishi Daugstad sørgjer framleis over at hunden hennar måtte bøte med livet. I ettertid har ho skaffe seg ein ny av same rasen.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk

Les også:

Fekk hjartestans og indre blødningar

Mor til Erika var ute og lufta hunden hennar, då den store nabohunden kom springande, tok den lille chihuahuaen i kjeften og drap han. Ifølgje veterinæren var brystkassa klemt sund, truleg med påfølgande blødningar og hjartestans.

Gudrun Kalvatn

Politiadvokat Gudrun Kalvatn seier dei burde vurdert saka annleis då Dogo Canarioen drap nabohunden. Eigaren fekk ei bot.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Politiet blei varsla om saka i fjor haust, gav eigaren ei bot, men meinte det ikkje var nødvendig å krevje hunden avliva.

– Det er klart at dersom vi hadde visst det vi veit no i fjor, så er eg sikker på at vi hadde gjort ei anna vurdering, seier politiadvokat Gudrun Kalvatn.

– Men burde ikkje de skjønt korleis dette kunne gå når han drap ein annan hund?

– Eg kjenner ikkje den første saka i detalj, så det blir vanskeleg for meg å svare, seier ho.

Charlie ble bitt ihjel

Den lille chihuahuaen Charlie hadde lite å stille opp med, og døydde, då nabohunden, ein Dogo Canario, gjekk til angrep.

Foto: Privat

Blei varsla om hunden for to år sidan

Dogo Canario er ein omstridd rase. Ifølgje Aftenposten blei fleire hundar avliva i rusmiljøet i Stord for to år sidan. I Trøndelag fekk hunden Loke dødsdommen etter å ha bite eit menneske.

Regionssjef Magne Mo i Mattilsynet stadfestar at dei blei varsla om den farlege hunden i Vestnes allereie i august 2014. Mattilsynet har ifølgje dyrevernslova plikt til å gripe inn dersom folk ikkje tek godt vare på dyra sine.

Magne Mo i Mattilsynet

Distriktssjef Magne Mo i Mattilsynet i Romsdal vedgår at dei burde gjort meir med varselet dei fekk for to år sidan.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK / NRK

Innringaren meinte at hunden var ein kamphund, og sa at politiet også var varsla. Det gjorde at Mattilsynet ikkje gjorde noko meir. Distriktssjef Magne Mo vedgår at det var ei feilvurdering:

– Det vi kunne gjort i ettertid, var å tatt kontakt med politiet og forsikra oss om at dei hadde saka, seier Mo. Han legg til at det som har skjedd er heilt forferdeleg.

Les også:

  • Tre år gamle Loke venter på å dø
    Hunden Loke

    Det var ein hund av denne typen som nyleg gjekk til angrep på Mats Nakken i Vestnes. Også denne hunden, Loke, fekk dødsdommen etter å ha mite eit menneske i Trøndelag tidlegare i fjor sommar.

    Foto: Eivind Aabakken/NRK

Etterlyser strengare reglar

21-åringen har no skaffa seg ein ny chihuahua, for Charlie får ho aldri igjen. Ho meiner både politiet og Mattilsynet burde lære noko av dei to hendingane i Vestnes.

– Det var heilt forferdeleg, seier 21-åringen nøkternt, seier ho.

Hunden er no avliva, og eigaren vil ikkje kommentere saka overfor NRK.