For den erfarne handtverkaren starta det som ein heilt vanleg dag. Sist tysdag reiste 31-åringen innom ein kunde for å gje pris på skifting av eit vindu. Det som skjedde då døra opna seg og ein stor hund kom til syne, kjem han aldri til å gløyme.
– Det var ingen teikn til agressivitet i det heile tatt. Eit hundredels sekund etter på hoppa han rett på meg, seier Mats Nakken.
Trur han kunne døydd
Mats Nakken kjende umiddelbart at han var hardt skadd i kjeven, etter at ein hund angreip sist veke. Han seier han kjem til å vere meir på vakt om han møter liknande hundar i framtida.
Foto: privatTobarnsfaren kjende kor tennene til hunden grov seg inn i leppa hans og heilt inn til tanngarden, før han slepte taket og blei dratt inn i huset.
Først då han fekk summa seg, merka han at deler av underleppa var borte. Sjølv er han sikker på at det hadde stått om livet, dersom han ikkje var så rask.
– Hadde han bite av strupen på meg så hadde eg hatt eit par minutt på meg før eg hadde døydd, hadde han rive av meg halsen, hadde eg ikkje site her i dag, seier 31-åringen nøktern.
Les også:
Eigaren vil ikkje la seg intevjue av NRK, og ikkje stadfeste kva for hunderase han har hatt i hus. Han som bleiangripen skildrar hunden som kraftig og med store musklar. Ifølgje politiet er han no avliva, og dei etterforskar saka.
Omlag 5000 menneske må kvart år til legen etter å ha blitt biten av hund, ifølgje Folkehelseinstituttet.
Etterlyser strengare reglar
Slik såg han ut rett etter at skaden var eit faktum. Mats Nakken omtalar seg sjølv som eit hundemenneske, men seier det er viktig at dei som eig hund, har kontrollen.
Foto: privatMåndag formiddag var den tidlegare elitesoldaten tilbake på kontroll på Ålesund sjukehus. Han blei operert før helga, og går no på smertestillande og pencilin. 31-åringen omtalar seg sjølv som eit hundemenneske, men etterlyser strengare kontrollar med folk som har dyr.
– Det skulle vore strengare reglar, akkurat som i barnevernet. Er du ikkje kapabel til å ta vare på dyra dine, får du ikkje ha dei, seier han.
Sjølv er han berre glad for at han kom seg derifrå i live.
– No misser eg halve trynet, tenkt eg, korleis skal dei få sydd saman dette? Men dei har heldigvis gode legar i dette landet. Ein får berre vere glad for at ein er i live, seier han.