Hopp til innhold

Eksplosjonsfare etter brann - Har senka gassflaske i sjøen

Gassflaska som førte til eksplosjonsfare etter ein brann på Vigra er senka i sjøen. 46 husstandar som blei evakuerte på grunn av brannen får no flytte heim.

Brann Vigra

Kraftig brann i lagerbygning på Roald på Vigra på Sunnmøre.

Foto: Møre og Romsdal 110

Ei gassflaske førte til eksplosjonsfare etter brann i to lagerbygg på Vigra i Giske i natt. Det var to gassflasker inne i det eine bygget. Ei av dei inneheldt oksygen, den andre inneheldt det brannfarlege og eksplosive stoffet acetylen.

Ein skarpskyttar skulle måndag føremiddag skyte hol på flaska. Men Christian Vegsund i politiet fortel at dei no har senka gassflaska i sjøen i staden.

– Det var så store sotskadar på flaskene at ein klarte ikkje å identifisere rett flaske. Ein kunne ikkje sjå kva som var oksygen og kva som var acetylen. Så då blei det alternativ to, som er å senke dei i sjøen og la dei ligge der eit døgn. Då blir dei nedkjølt slik at det ikkje lenger er eksplosjonsfare.

Christian Vegsund, politiet Møre og Romsdal.

Innsatsleder: Christian Vegsund.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

46 husstandar blei evakuerte

Det blei evakuert i ei sone på 300 meter i området. Det gjaldt 46 husstandar. Dei får no flytte heim, fortel Vegsund.

– Alle får flytte heim så fort flaska er senka i sjøen, og det skjer no umiddelbart.

Dei som bur i området blei vekte i 03.30-tida for å bli eveakuerte.

Dei som bur i området blei vekte og bedne om å evakuere.

Foto: Mathilde Nyhammer

Bebuarane i området blei varsla via mobiltelefonen i morgontimane. I tillegg køyrde brannvesenet rundt med sirener i området for å vekke folk, opplyser skadestadsleiar Odd-Arne Brunjulfsen til NRK.

Giske kommune informerer om at innsjekkingsområdet på Ålesund Lufthamn er oppmøtestad for dei evakuerte.

– Det er nokre som har kome til flyplassen, men det verkar som om mange har funne seg andre løysingar hos vener og familie, sa Brynjulfsen måndag morgon.

Alle som bur i området blei oppmoda om å late igjen alle vindauge på grunn av røyken og dei giftige gassane.

Brann i lagerbygning på Vigra på Sunnmøre.

Ikkje fare for spreiing

Naudetatane fekk melding om brannen klokka 04.20. I tillegg til eksplosjonsfare var det giftige gassar i samband med brannen. Det er ikkje meldt om nokon skadde personar. Men bygningane har fått stor skade.

Både Ålesund brannvesen og Giske brannvesen er på staden med alt tilgjengeleg materiell. Dei får og bistand frå brannmannskapa frå Ålesund lufthamn Vigra.

Sløkkearbeidet pågår både frå land og sjø.

– Bygget ligg for seg sjølv ute på ein molo, så det er ikkje fare for spreiing til andre bygningar, seier Franck i morgontimane.

Vegsund, brann og evakuering

Lagerbygget er heilt utbrend.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK