Hopp til innhold

Dette kan vere ei dødsfelle

Lause gjenstandar i bilane har teke liv i kollisjonar. UP ber bilistane tenke over det dei meiner er ein undervurdert fare i trafikken.

lause gjenstandar

Ved ein kollisjon fyk lause gjenstandar som eit prosjektil

Foto: Olav Arne Nedrelid / NRK

Det er ikkje berre fart, promille og manglande bilbeltebruk som er farleg i trafikken. Utrykkingspolitiet ber bilistane vere merksame på at også lause gjenstandar i bilen kan vere livsfarleg om det blir bråstopp.

- Undervurdert fare

Jan Halkjelsvik

Jan Halkjelsvik er distriktsleiar for UP i Møre og Romsdal.

Foto: Allan Eikrem / NRK

Distriktsleiar Jan Halkjelsvik i Utrykkingspolitiet i Møre og Romsdal seier at lause gjenstandar er ein undervurdert fare i trafikken.

- Alle har ein mobiltelefon, fotokamera, flasker eller andre lause gjenstandar liggande i bilane sine. Det ganske farleg om ein kjem ut for ei ulykke. Blir bråstopp blir alt som er laust til prosjektil, sier Halkjelsvik.

Les også:

Store skadar og dødsfall

Når familiebilen blir lasta i sommarferien kan det bli ekstra mange ting som ligg laust i bilen. UP-leiaren ber oss tenke nøye på kva vi har rundt oss på biltur. Det kan gjere at ein unngår skadar og kanskje dødfall i trafikken.

– Ambulansepersonell som hjelpt til i trafikkulykker har fortalt at folk har blitt drepne eller fått alvorlege hovudskadar på grunn av lause gjenstandar i bilen når dei har kollidert, seier Halkjelsvik.