Hopp til innhold

Hoppa i sjøen då det byrja å brenne i båten: – Det var jo litt dramatisk

Jonas Odland og familien måtte berge seg i land då det byrja å brenne i båten deira i Sykkylven på Sunnmøre.

Det er en båtbrann i Sykkylven.

BRANN: Fem personar måtte ta seg til land etter ein båtbrann i Sykkylven.

Foto: Christine Fohlin Verneland / NYSS

Det var like etter klokka 14.00 at politiet melde om ein brann i ein båt utafor Ikornnes i Sykkylven.

– Båten var framleis fortøydd. Vi skulle berre starte motoren og så smalt det, fortel Jonas Odland.

Han fortel at det byrja å brenne i motoren.

– Dei to gutane våre som sat bak båten i ein tube ropte at det brann.

Om bord i båten var også den to år gamle dottera til Odland.

– Ho låg framme i baugen og sov. Vi hadde ei SUP som vi hadde padla ut til båten med. Så då hoppa vi på den. Frua og minstejenta padla inn igjen på den, medan eg svømde med tuben for å få inn dei to gutane.

– Det gjekk veldig bra. Alle kom seg heilskinna inn til land, legg Odland til.

Jonas Odland

Jonas Odland og familien båten berge seg i land då det byrja å brenne i båten deira.

Foto: Christine Fohlin Verneland / NYSS

– Dramatisk

Han fortel at ingen av dei blei skadd i brannen.

– Det var jo litt dramatisk. Det er litt skummelt når slike ting skjer. Vi har aldri opplevd noko liknande før så vi visste ikkje korleis det ville utvikle seg, seier Odland.

Han fortel at ting skjedde veldig fort, og at dei var mest opptatt av å kome seg i land.

– Spesielt med småbarn i båten. Vi visste jo ikkje om det kunne kome til å eksplodere, seier Odland.

Han fortel at dei nyleg hadde fylt drivstoff på båten og rekna med at det kunne vere rundt 30–40 liter på tanken.

Uklar brannårsak

Båten blei raskt overtent i brannen.

Alle naudetatane rykte ut til staden etter å ha fått melding om brannen.

– Vi fekk melding om at det var full fyr i ein liten fritidsbåt. Alle dei fem som var i båten har tatt seg til land, sa Tor André Gram Franck, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt etter hendinga.

Det er så langt uklart kva som var årsaka til brannen.

– Årsaka er usikker, men det blir truleg klarlagt gjennom etterforskinga, seier Gram Franck.

Båten låg eit godt stykke frå land. Det skal ikkje ha vore fare for at brannen skulle spreie seg.

Brannvesenet jobbar med å sløkke brannen og å få kontroll på båten.

– Vi har ein eigen båt på staden og har starta sløkkingsarbeidet. Brannen skal ha starta i motoren på båten, seier Kenneth Solvang-Søvik, ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.