Hopp til innhold

Avsluttar jervejakt

Jakta på jerven i fjellet mellom Innerdalen og Sunndalen blir avslutta sidan fellingsløyvet gjekk ut måndag føremiddag, opplyser Marit Hjellmo i Sunndal kommune. Eit fellingslag har prøvd å finne jerven etter kadaverfunn i det prioriterte beiteområdet i Trollheimen. Jerv har tatt mykje sau og lam tidlegare år i området. Turistar som ferdast i fjellområdet blir oppmoda om å tipse dersom dei ser spor av jerven.