Hopp til innhold

Avlyser barneleir

- To av deltakarane har truleg svineinfluensa, seier kommunelegen.

Brusdalsheimen

Barneleiren på Brusdalsheimen er avlyst, og deltakarane blir heimsende.

Ein leir for barn i regi av Sunnmøre indremisjon er laurdag avlyst på grunn av at to av deltakarane er sjuke.

43 barn er i ferd med å bli heimsende frå Brusdalsheimen, og kommunelege Lars Lona i Skodje meiner det er grunn til å tru at barna har svineinfluensa.

Nærkontakt

- Dei har vore i nærkontakt med ein annan som hadde svineinfluensa like før dei drog på leir, seier kommunelegen.

Leiren var for barn frå 5.-7.klasse, og avgjerda om å avlyse vart tatt av arrangørane i samråd med kommunelegen i Skodje.

Leiren ved Brusdalsheimen skulle etter planen vere frå fredag til søndag.