På Ålesund vidaregåande skule har nokre av ungdommane starta elevbedrift. Målet er å styrke den psykiske og sosiale helsa til både unge og eldre.
– Eldre er dei vi skal ta vare på. Dei har gjort mykje for oss då dei var yngre. Derfor føler vi at vi må ha eit ekstra hjarte for dei, ta vare på dei og passe på at dei ikkje kjenner seg utelate, seier dagleg leiar Thea Stensønes (16).
Dei siste vekene har søkelyset på eldreomsorga tatt seg opp med Brennpunkt-dokumentaren «Omsorg bak lukka dører», som har avdekka fleire kritikkverdige forhold med skjult kamera. Også elevane i Ålesund har blitt prega etter å ha sett på.
– Vi blei så triste. Det gjer vondt å sjå nokon slite på den måten, når dei spør om hjelp og treng hjelp, og ikkje får det, seier Stensønes.
Thea Stensønes håpar eldrekaféen vil vere eit tilbod som vil bli godt mottatt.
Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRKDet har gitt ungdomane endå større motivasjon til å gjere ein forskjell. Neste veke arrangerer dei eldrekafé der dei vil selje kaffi og mat, som eitt av fleire tiltak dei har på blokka.
– Vi hadde ikkje hatt ein god norsk velferdsstat om det ikkje hadde vore for dei eldre, dei har bygd opp Noreg. Derfor synest eg det er veldig viktig at vi hjelper dei, seier Åsa Eldøy (16), kommunikasjonsansvarleg i elevbedrifta.
I videoen ser du ei eldre kvinne med full bleie. NRK si filming avdekka at kvinna vanlegvis fekk bleia skifta to gonger i døgnet. Ein gong gjekk det eit heilt døgn mellom skifta.
– Heilt fantastisk
Eldreombodet har hatt mykje å gjere den siste tida. Dei roser initiativet til ungdommen.
– Det er jo heilt fantastisk. Det er veldig kjekt at ungdommen no tar eit grep og begynner å blande seg inn i den saka som eldre politikarar har vore veldig dårlege på i det siste, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen.
Eldreombod Bente Lund Jacobsen. Regjeringa har vedteke av Eldreombodet skal avviklast 1. juli.
Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRKHo meiner det er mykje viktig frivillig innsats i dag for dei eldre, men at det trengst endå meir av det.
– Det kjem til å bli fleire eldre og færre yngre, og då er det så fint at yngre engasjerer seg, står på, finn på ting og kan gjere ting saman med eldre. Det blir flott framover, seier Jacobsen.
Vil inspirere andre
Åse Eldøy skal også ut i praksis på ein sjukeheim etter kvart. Ho synest det er veldig gjevande å vere med dei eldste blant oss.
– Eg gler meg veldig til å sjå kva dei tenkjer om eldrekaféen, om det blir ein suksess, noko eg håpar veldig på. Då får dei samla seg, snakka saman, vi får snakka med dei, og høyrt historier og sånt, seier Eldøy.
Åsa Eldøy er kommunikasjonsansvarleg i elevbedrifta Ei hjelpande hand.
Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRKKjenner de eit ansvar for å passe på dei eldre?
– Ja litt, eg kjenner i alle fall eit ansvar for å passe på besteforeldra mine. Eg synest det er dumt om dei blir åleine. Derfor er eg hos dei veldig ofte for å passe på at dei har det bra, seier Eldøy.
Elevbedrifta håpar å kunne ta fleire oppdrag framover. Dei ønsker også å inspirere andre til å bidra.
– Vi unge må ha meir respekt for dei eldre, vi må kunne vere der, støtte og hjelpe til. Vi kan vise at vi gjer det, så kanskje fleire ungdommar vil gjere det også, seier Thea Stensønes.