Hopp til innhold

– Natur er best utan søppel!

Saman med rundt 10 000 andre frivillige har speidarane i Molde teke med seg hanskar og søppelsekkar og rydda strender i helga.

Strandryddedagen

Også kajakk vart teke i bruk då speidarane i Molde gjorde ein fantastisk innsats under «Strandryddedagen» i helga.

Foto: Bjørn Erik Hjellset

Speidarar i alle aldrar deltok då Moldespeiderne var med på den landsomfattande ryddeaksjonen «Strandryddedagen» i helga.

Etter hauststormane og snøsmeltinga er norske strender fulle av både plastflasker, gamle dekk, tau, fiskeutstyr og glasskår.

Ved å plukke søppel frå strendene blant anna ved Lubbenes og på Sæterøya gjorde speidarane i Molde ein viktig innsats for lokalmiljøet.

Verdshava fylt opp av søppel

Ifølgje UNEP (United Nations Environment Programme) er det estimert at det vert dumpa 6,4 millionar tonn søppel i verdhava kvart år.

Berre i norske farvatn er mengda søppel som vert dumpa i sjøen rekna å vere heile 36 000 tonn årleg. Av dette er det omtrent 70 prosent som sekk til botnen, 15 prosent flyt opp og berre 15 prosent vert skylt i land.

Strandryddedagen

Speidarane i Molde tek seg ein velfortent pust i bakken etter å ha rydda strendene for søppel.

Foto: Bjørn Erik Hjellset

Også på fugleøya Runde i Herøy vart det fylt opp sekkar med søppel frå strendene i helga.

– Naturen er best utan søppel, seier Lise Chapman ved Runde miljøsenter, som koordinerte ryddeaksjonen på Runde.

– Vi er ein nasjon av menneske som elskar å vere ute, og vi er glade i å oppleve vakker natur. Forsøpling er stygt og utriveleg å sjå på.

Omfattande skader

Chapman fortel at på Runde, slik som mange andre stader, har folk vorte flinke til å rydde strendene sine etter hauststormane. Likevel tok folk eit ekstra tak i helga under Strandryddedagen.

– Søppel er farleg for menneske, det er mykje av søppelet ein kan skade seg på, og det er farleg for dyr. Dyr kan prøve å ete søppelet, og vert skadde på den måten. Det aller farlegaste er når plastikken vert broten ned og hamnar i næringskjeda. Då er det umogleg å fjerne.

Strandryddedagen

På fugleøya Runde i Herøy fylte dei nærare 50 sekkar med blant anna plastikk og gamalt fiskeutstyr dei fann i fjøra.

Ifølgje ein rapport frå FN er det i gjennomsnitt 46 000 bitar av plastsøppel som flyt rundt i kvar einaste kvadratkilometer hav, altså tre gongar så mykje i vekt som plankton.

Om lag 20 personar hjelpte til med å rydde strendene på Runde i helga. Sjølv om Lise Chapman skulle ønskje det var fleire, føler ho at dei fekk gjort ein del.

– Vi fekk rydda ganske mykje, rundt femti sekkar med søppel vart det til slutt. Vi fann mest plast og garn.