Hopp til innhold

Arnold Weiberg-Aurdal er død

Tidlegare stortingsrepresentant for Senterpartiet, Arnold Weiberg-Aurdal frå Sykkylven er død, 90 år gamal. Han representerte Møre og Romsdal på Stortinget i fire periodar. Arnold Weiberg-Aurdal var mellom anna leiar av samferdselskomiteen på Stortinget og leiar for den norske FN-delegasjonen i 1982. Han var også ordførar i Sykkylven i fleire periodar.