Hopp til innhold

- Letta over at det er over

– Mannen frå Ålesund som bidro til at saka om legen frå Hedmark rulla opp i går, er letta over at lang tid med redsel no er over, fortel advokaten hans, Morten Grimstad.

Morten Grimstad

Morten Grimstad er advokat for Ålesund-mannen som er letta over at mannen som pressa han for pengar no er sikta i saka.

Foto: Privat/Morten Grimstad

– Klienten min vart veldig letta då legen vart pågrepen. Han har vore livredd for å verte oppsøkt av den sikta legen. Samstundes var det eit stort sjokk for han å sjå omfanget av det legen skal ha gjort, seier Ålesund-mannens advokat, Morten Grimstad, til nettavisa VG Nett.

Mannen frå Ålesund som meldte frå om legen, trudde han sendte meldingar og bilete til ei vakker, vaksen kvinne. Deretter ringte legen og presenterte seg som faren, og kravde pengar for å ikkje melde han.

Den sikta legen skal ha sendt meldingar og bilete til ei kvinne som kalte seg "Victoria".

Det heile starta veldig uskuldeg, men vart berre grovare og grovare. Den som sendte meldingane, var legen frå Hedmark som i går tilstod å ha trua Ålesund-mannen og fleire jenter i alderen 11 til 16 år.

Les også:

Utga seg deretter som faren

Etter nokre veke ringte plutseleg legen til Ålesund-mannen og utga seg for å vere kvinna sin far.

– Han sa: Dette skal svi på pungen. Klienten min vart livredd, seier Grimstad til VG Nett.

Legen kravde 120.000 kroner frå mannen, men ifølgje Dagbladet skal legen først ha kravd ein million kroner for å ikkje røpe kva Ålesund-mannen hadde gjort.

Pressekonferanse Ålesund

Politiadvokat Unni Moen Vikebakk og etterforskingsleiar Terje Rishaug under pressekonferansen onsdag.

Foto: NRK

Var livredd lenge

Ålesund-mannen vurderte deretter å betale pengane. Ifølgje advokat Grimstad tykte han det var flaut og kvidde seg for å gå til politiet.

Han skal ha fått beskjed om at pengane måtte betalast kontant i Oslo.

Då mannen til slutt gjekk til politiet førte det til at politiet kunne ta til å nøste opp i fleire tilfelle av trugslar, sex-meldingar, videofilmar og ID-tjuveri.

Tror flere har gått i fella

Advokat Grimstad seier til Dagbladet at han trur fleire kan vere råka av mannen sine gjerningar, og at det er veldig sannsynleg at nokon har betalt han pengar.

Legens advokat Svein Tømmerdal fortalde i går til NRK at seksuelle preferansar ikkje var motivet då han gjennomførde trugslane, men at han hadde eit akutt pengebehov.

– Mannen skal ikkje ha utnytta sin posisjon som overlege når han skal ha fått dei mindreårige jentene til å sende han bilete og filmar, seier mannens forsvarar Svein Tømmerdal.

Tømmerdal seier vidare at mannen hadde store gjeldsproblem, og at dette var grunnen til at han tydde til utpressing av mannen frå Ålesund.