Hopp til innhold

Bli med backstage i Steinkjer

Rett før MGP-artistane skal tre inn i rampelyset på delfinalen i Steinkjer, er lufta bak scena prega av litt nervar og mykje spenning.

Er artistane nervøse før første delfinale? Sjå video!

Startskotet er ikkje langt unna for den første av tre delfinaler i Melodi Grand Prix 2013.

Bak scena gjer artistane sine siste førebuingar før dei skal kjempe om å få kome vidare til finalen. Dei gler seg – men det er også litt nervar inn i biletet.

– Eg skal verkeleg prøve å gjere mitt beste, så satsar eg på at det held. Eg skal kose meg, seier Carina Dahl.

Sjå korleis artistane reagerte då dei fekk vite kven dei skal konkurrere mot.

Artistane som skal i elden i Steinkjer laurdag kveld er Datarock, Vidar Busk, Carina Dahl, Tom Hugo, Gromth og Emil Solli-Tangen, Julie Bergan og Mimi Blix.

Les meir om artistane som skal konkurrere mot kvarandre her!

Den første delfinalen i Steinkjer ser du på NRK1 – startskotet går klokka 20:00.