Thomas Davíð Stankiewicz og Birnir Jón Sigurðsson i utedusjen i Vesturbæjarlaug i Reykjavik.
Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Naken under tvang

Norske unge vil ikkje dusje nakne saman. Det vil heller ikkje islendingane, men dei må.

Dei siste ti åra har det kome fleire hundre variantar av denne overskrifta:

Norske ungdomar vil ikkje dusje nakne saman.

Overskrifter fra nettaviser om nakenhet i fellesdusjer (FAKSIMILE: TV2, VG, NRK, Nettavisen)

Skular og symjeanlegg rapporterer om den same utfordringa. Elevane vil ikkje dusje etter kroppsøving, og badegjestane beheld tøyet på i dusjen. Og dette gjeld ikkje berre ungdomar.

Vi ser at unge vaksne også slit med dette, heilt opp til 30-årsalderen, seier Håkon Andree Egeberg Johansen, direktør ved Alexander Dale Oen Arena i Bergen.

Illustrasjon dusjesak

Nordmenn er langt ifrå det einaste folkeslaget som kvir seg for å kle seg i blanke messingen. Den blyge vinden har også møtt våre frilynte, badeglade naboar i vest.

Men islendingane har eit hemmeleg våpen som gjer at alle framleis dusjar nakne saman.

I alle fall i badeanlegga.

Badefolket

Vi må leite med lykt og lupe for å finne eit folk som er like glad i å bade som islendingane. På øya har kvar vesle tettstad med respekt for seg sjølv eit ordentleg badeanlegg med symjebasseng, boblebad, kaldkulp og dampbad.

I eit av desse anlegga møter vi teaterregissør Birnir Jón Sigurðsson (30). Det siste året har han tenkt meir på bading og nakenskap enn dei fleste.

Birnir Jón Sigurðsson

KUNSTNAR: Birnir Jón Sigurðsson jobbar som regissør, skodespelar og forfattar.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Han har nyss sett opp teaterstykket «Sund» («Bad») i Reykjavík. I framsyninga har han gjort scena om til eit badeland som skodespelarane kosar seg i.

På Island er badebassenga som parkar. Heilt frå vi er bitte små kjem vi hit for å leike, snakke og henge med vennar, seier Birnir.

Teaterstykket "Sund" av Birnir Jón Sigurðsson.

BADETEATER: Hausten 2023 har teaterstykket «Sund» spelt for fulle hus i Reykjavík. Ein stor del av opplevinga er å høyre på alle dei anerkjennande lydane og latterane frå det islandske publikumet gjennom stykket.

Foto: Owen Fiene / Sund

Han har ikkje nøyaktig tal på kor mange islendingar som badar regelmessig, men anslår at dei aller fleste brukar bassenga frå tid til anna. Mange badar fleire gongar i veka. Men før dei får lov til å bade, må alle dusje nakne.

Dusjing er ikkje eit stort problem fordi det er så strenge reglar. Vi har ikkje noko val: Vi vere nakne i dusjen.

Birnir Jón Sigurðsson i dusjen saman med andre badegjestar i Vesturbæjarlaug i Reykjavik.

DUSJPRAT: Birnir Jón Sigurðsson (i midten) saman med andre badegjestar i symjeanlegget Vesturbæjarlaug i Reykjavík.

Foto: ÞÓRDÍS BJÖRT SIGÞÓRSDÓTTIR / NRK

I Noreg «må» også alle dusje nakne før dei går ut i bassenget. I badeanlegga heng det skilt med store bokstavar:

«DUSJ NAKEN!»

Men islandske fellesdusjar har noko som norske fellesdusjar ikkje har:

Midt i dusjområdet kan du nemleg finne eit lite kontor, og inne på dette kontoret sit det ofte ein fullt påkledd person som passar på at du dusjar naken.

Denne personen er dusjvakta.

Dusjvakta

Karen Björk Eyþórsdóttir (28) jobbar som prosjektleiar for Statsministerens kontor på Island, men har også mange år på baken som dusjvakt.

Karen Björk Eyþórsdóttir i Kopavogslaug på Island

DUSJVAKT: Karen Björk Eyþórsdóttir har lang fartstid som dusj- og badevakt i symjeanlegget Kópavogslaug i Kópavogur.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Ho mimrar tilbake til alle gongane ho sprang etter folk som dusja med badetøy, men som regel opplevde ho at andre gjestar gav beskjed før ho sjølv rakk å seie frå.

Dette er så indoktrinert i islendingane: ALLTID dusj utan badetøy. Det er faktisk skikkeleg skamfullt å ikkje gjere det. Folk kjem til å kome bort til deg og seie:

«Hallo! Kva driv du på med?»

Illustrasjon dusjesak

Men kvifor skal det på død og liv vere så utruleg viktig å dusje naken?

I mange land er det heilt absurd å kle av seg framfor ein haug framande menneske. I Nederland til dømes er dusjane ein del av bassengområdet. Der er det ulovleg å ta av seg badetøyet når ein dusjar.

Moderne reinseanlegg har også blitt så gode at det ikkje lenger er nokon risiko for bakteriar. Dei berre pøser på med meir klor om vatnet blir skittent.

Men klor er ikkje bra for verken huda eller håret ditt. Mange får utslett og kløe. Når eg badar i andre land, er det alltid så mykje klor. Eg hatar det, seier Karen.

Vesturbæjarlaug på Island|

REINT: Det luktar påfallande lite klor i dei islandske symjebassenga. Til gjengjeld luktar det ein del svovel av vatnet som kjem frå dei varme kjeldene.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Den tidlegare dusjvakta vedgår likevel at dette ikkje berre handlar om klor og hygiene. Naturleg nakenskap er ein viktig del av den islandske folkesjela.

Og kvar ser dei andre nakne kroppar om ikkje i fellesdusjen?

– Samfunnet blir meir og meir pornofisert. Barn begynner å sjå porno allereie som tiåringar. Vi lære oss å sjå forskjellige nakne kroppar. Dette er viktig for kropps- og sjølvbildet.

Illustrasjon dusjesak

Denne islandske verdien vart ekstra tydeleg i 2015. Då kjempa Karen og andre islandske kvinner for retten til å vere like nakne som gutane.

Berre at denne gongen handla det ikkje om nakenskap i dusjane, men i badebassenga.

Free the nipple

Ein marsdag i 2015 la ei 17 år gammal jente frå Reykjavík ut eit topplausbilde av seg sjølv med emneknaggen #freethenipple på Twitter. Det tok ikkje lange tida før ho fekk ein trakasserande kommentar frå det motsette kjønn, og dermed vart det full baluba.

Dagen etter hadde hundrevis av islandske kvinner lagt ut bilde av brysta sine på internett, deriblant ein stortingsrepresentant og fleire andre kjendisar. I dagane som følgde gjekk kvinner i topplaus-parade ned hovudgata i Reykjavík og møtte opp utan BH på jobb.

Karen ønskte å bidra i kvinnekampen på sin måte og begynte å tenkje: «Hm ... Kva med å arrangere ein topplausfest i Islands største badeanlegg?»

Faksimile Iceland Magazine: #Free the Nipple campaign reached its peak yesterday evening when women went swimming topless

TOPPLAUS: Karen (nr. 3 frå venstre) og andre festdeltakarar i symjeanlegget Laugardalslaug i Reykjavík.

Det finst ingen logisk grunn til at det eine kjønnet må skjule ein kroppsdel som det andre kan vise. Det gir verkeleg inga meining for meg, seier Karen.

Den topplause badefesten (og andre liknande arrangement) førte til at fleire begynte å droppe bikinitoppen. Bystyret i Reykjavík gjekk også offentleg ut og sa at det ikkje fanst reglar som krev at kvinner dekker til brysta i symjebassenga.

I dag, åtte år seinare, er det likevel svært få som nyttar seg av den moglegheita. Sjølv Karen, som var ei av frontkvinnene for heile rørsla, føler seg ikkje lenger komfortabel utan bikinioverdelen.

Det er så mange år sidan sist. Eg kunne nok gjort det saman med nokon andre, men vil eg vere den einaste topplause jenta i heile bassenget? Nei, eg trur ikkje det.

Illustrasjon dusjesak

Som folk flest synest Karen at det er enklare å vere naken når andre også er nakne. Det er ein grunn til at dette er eit av dei vanlegaste mareritta: å vere naken på ein offentleg plass, omgitt av masse påkledde menneske.

Det er på tide å møte dei som er mest kjente for ikkje å vere så glade i å dusje nakne saman: ungdomane.

Rart, ekkelt og ubehageleg

På ein vidaregåande skule kan mykje tyde på at ungdomar er ungdomar, også på Island. Som i Noreg er nemleg dusjing valfritt etter kroppsøving på dei islandske skulane.

Svava Ýr Baldvinsdóttir har jobba som lærar i kroppsøving i over 30 år. Dei siste åra har ho merka ei endring i den islandske skulen: Elevane har slutta å dusje saman.

Før brukte alle å dusje uansett, men då dei fekk vite at dei ikkje måtte, slutta dei.

I dag anslår Svava at maks 10 prosent dusjar i fellesdusjen på skulen. Resten droppar dusjen eller dusjar heime. Ein jentegjeng som heng og sleng i korridorane, stadfestar stoda.

Nesten ingen dusjar etter kroppsøving. Eg kjenner ingen som gjer det, seier Alexandra (16).

Elevar på Fjölbrautaskólinn í Breiðholti

DELT PÅ MIDTEN: Sara (15), Elisabeth (16), Alexandra (16) og Julia (16). Sara og Elisabeth synest det er heilt greitt å vere nakne i dusjen, medan Alexandra og Julia synest det er ukomfortabelt.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Kvifor dusjar de ikkje?

Eg fekk puppar tidleg og har fått mange kommentarar i dusjen. Eg har også blitt mobba for å vere litt tjukk og ha mykje hår på kroppen. Så ja ... For meg er det rart og ukomfortabelt å vere naken framfor andre.

Klassevenninnene hennar verkar å vere delte på midten. Den eine halvparten er komfortabel med å dusje naken, medan den andre halvparten synest det er ubehageleg. Likevel pleier alle uansett å dusje heime. Det har berre blitt slik, seier dei.

I symjebassenga, derimot, har dei ikkje noko val, anten dei vil eller ikkje. Og det verkar som «alle» har sine eigne historier med dei skumle dusjvaktene.

Då eg gjekk i tredjeklasse på barneskulen, sa ei vakt at eg måtte vaske meg grundigare på tissen, seier Sara (15). – Det var ekkelt.

Men andre elevar trekker også fram positive ting med dusjvaktene, til dømes er dei veldig strenge om nokon prøvar å ta opp mobilen i dusjen eller garderoben. Noko som gjer at dei føler seg tryggare. Ein kjem likevel ikkje vekk frå at mange opplever dei som ei pest og ei plage.

Ein av vaktene sine verste fiendar heiter Daniel (16). Han har to personlegdomstrekk som kan vere krevjande på Island:

  1. Han elskar å bade.
  2. Han hatar å vise seg naken.

I førre veke kom vakta og sa at eg måtte kle av meg badeshortsen i dusjen, men eg sa «nei» og berre sprang ut i bassenget. Så vart eg utvist. Men eg kom tilbake neste dag, da, seier den aspirerande gangsteren.

Elevar på Fjölbrautaskólinn í Breiðholti

TRIVST BEST PÅKLEDD: Daniel (16), Daniel (16) og Jóel (17). Ingen av desse karane likar å vere nakne i fellesdusjen, men Daniel i midten prøver seg likevel.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Daniel og fleire andre på skulen hans meiner det er på tide å avskaffe dusjvaktene i dei islandske symjebassenga. Dei synest den norske modellen høyrest ut som ein draum, altså at du «må» dusje naken, men at du i realiteten ikkje må noko som helst og kan gjere akkurat som du vil.

Teaterregissør Birnir Jón Sigurðsson meiner at dette er ein dårleg idé. Han har nemleg sjølv vore ungdom – ein beskjeden ungdom som hata å vere naken.

Fri til å sleppe å velje

Birnir ligg og duppar i eit 40 grader celsius varmt badebasseng. Sola skin, himmelen er blå, og det er framleis mange timar igjen til neste førestilling. Han kosar seg.

Birnir Jón Sigurðsson i Vesturbæjarlaug i Reykjavik.

BADEGUT: Birnir Jón Sigurðsson elskar å bade. Noko av det han likar best med bassenga, er at han får ein tvungen pause frå mobilen sin.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Men livet har ikkje alltid vore like harmonisk som det er akkurat no. Regissøren skildrar ungdomsåra i symjebassenga som ei traumatisk tid. Han har inga tru på at dagens ungdom er noko meir beskjedne enn kva han sjølv var for 15 år sidan.

Ungdomar er sjenerte. Skilnaden er kanskje at dei har blitt meir vant til å kunne flykte frå ukomfortable situasjonar. Det er bra at dei lærer seg å setje grenser, men av og til er det viktig å kjempe seg gjennom det ukomfortable, seier han.

I utedusjen i Vesturbæjarlaug

For Birnir representerer dusjvaktene fridom – fridom til å sleppe å ta eit eige val.

Om vi må velje mellom noko enkelt eller vanskeleg, så vil vi nesten alltid velje det enkle, sjølv om det vanskelege er best på lang sikt.

Med dusjvaktene slepp islendingane å ta dette valet: Skal eg eller skal eg ikkje dusje naken?

Valet er allereie tatt.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!