Dei polske isbadarane

LØRENSKOG (NRK): Langt unna Instagram-feeden din finn du dei argaste hardhausane i Noreg.

20 polakkar har samla seg ved Langvannet i Lørenskog ein søndags formiddag. Med spett og spadar lagar dei eit hol i isen. På land tenner nokon eit lite bål, så begynner dei å skifte til badetøy.

Dei siste par åra har interessa for isbading auka betrakteleg i Noreg. Sosiale medium fløymer over av hypre livsglade badefolk, som kastar seg ut i kaldt vatn og hyler, brøler, baksar og bannar før dei krafsar seg opp på land igjen som livredde siamesiske kattar.

Denne gjengen skil seg ut i så måte. Dei er rolege og ingen verkar å la seg affisere av det tette snøvêret eller at termometeret i vatnet viser 3 grader.

Her er det ikkje snakk om å ta seg ein rask dukkert; den polske badekulturen handlar om å stå ute i det kalde vatnet – lenge.

Morsy Lørenskog

ISBRYTARANE: Artur Majder og Jarosław Szydłowski lagar holet større og set stigen på plass for resten av badarane.

Foto: Nima Taheri / NRK

Første mann uti er snikkaren Artur Majder (46). Han har vinterbada sidan han var 14 år, og er ifølge resten av gjengen den tøffaste av dei alle.

Rekorden hans er å bade ein time i strekk i isvatn. Kor lenge held han ut i dag?

Eit badande folk

I Polen er isbading nærmast som ein folkesport å rekne; det finst hundrevis av badeklubbar over heile landet. Badarane kallar seg kvalrossar (morsy) og samlast jamleg gjennom vinteren for sosialt samvær i det kalde vatnet.

Morsy Polen

BADEKART: Det finst 519 registrerte isbadeklubbar i Polen.

Foto: Google Maps

Landet har i skrivande stund fleire isbadar-rekordar:

  • Største gruppe som isbadar samtidig – 1799 personar i badebyen Mielno i 2015.
  • Lengste symjetur i isvatn – Krzysztof Gajewski sumde 3,9 km i ein iskald innsjø i Polen den 16. desember, 2021.
  • Lengste bad med isbitar – Litauaren Valerjan Romanovski (busett i Polen) stod nedsenka i eit kar med isbitar i 3 timar og 1 minutt den 23. oktober, 2021.

Polakkane er også kjent for å vere eit folk som ofte flyttar på seg, og over 100.000 har enda opp i Noreg, noko som gjer dei til vår desidert største innvandringsgruppe (over dobbelt så stor som Litauen på andreplass).

Då er det kanskje ikkje så rart at det også har dukka opp fleire polske isbadeklubbar rundt om i landet, frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør.

Sommar på vinteren

Tilbake i Lørenskog har Artur snart bada i 15 minutt.

Fleire badarar har hoppa uti. Eit triks dei brukar for å gjere badet mindre smertefullt er å heve armane. I det kalde vatnet går kroppen nemleg i beredskapsmodus, og prioriterer å halde varmen i dei indre vitale organa. Hender og føter er mindre viktig og får difor dårlegare blodsirkulasjon.

Det vil seie – Artur er eit lite unntak her. Han lar hendene vere under vatn, og smiler frå øyre til øyre

Morsy Lørenskog

FELLESSKAP: Langvannet i Lørenskog er også ein sosial arena, sjølv om det meste av praten går føre seg rundt bålet etterpå.

Foto: Nima Taheri / NRK

Er du ikkje kald, Artur?
Nei.
Ikkje litt ein gong?
Nei.
Ok.

Eit anna triks dei brukar er å stå heilt roleg. Då evner kroppen å varme opp vatnet som ligg nærmast, og kuldeangrepet mot huda bli dermed ikkje like sterkt. Det må nemnast at Artur også her er eit lite unntak. Han står ikkje akkurat roleg, men dukkar og baskar rundt i vatnet som ein sel.

Vi likar å gjere det same om vinteren som om sommaren, forklarer Artur. Vi badar, vi et mat rundt bålet og har «good times». Av og til drar vi på tur i skogen og søv under open himmel, så lagar vi hol i isen og badar i innsjøane.

Morsy Lørenskog

MORSY LØRENSKOG: Flest menn, men også nokre få kvinner, møtest i Langvannet i Lørenskog for eit søndagsbad. Dei tek også med seg ungar, men dei brukar heller tida på aking med rattkjelke i bakken like ved.

Foto: Nima Taheri / NRK

«The afterdrop»

Utan erfaring er det vanleg å oppleve kuldesjokk i møte med kaldt vatn. Då mistar ein kontrollen over pusten, blodårene trekker seg saman og blodtrykket går opp – noko som i verste fall kan føre til at ein pustar inn vatn eller får hjarteinfarkt (og druknar).

Om ein derimot øver seg på å kontrollere pusten, vil kroppen reagere mildare, og til ei viss grad venne seg til den nye situasjonen. Men altså – det er jo framleis kaldt, det er jo det. Når kroppen begynner å skjelve, er det eit tydeleg signal om at det er på tide å kome seg opp.

Det er også viktig å ha med i berekninga at kjernetemperaturen held fram med å falle i fleire minutt etter at ein har kome opp av isvatnet. På engelsk blir dette fenomenet kalla «the afterdrop». Det er som om kulda seier:

«Jaså, du trur du er kald no? Berre vent til du prøver å flykte frå meg, då skal eg love deg at du kjem til å bli enda kaldare.»

Morsy Lørenskog

«THE AFTERDROP»: Det tar lang tid å varme opp ein kald kropp. Først må huda, som nesten har same temperatur som vatnet, bli varma opp, så feittet, musklane, før kjernetemperaturen til slutt begynner å stige. Det er difor viktig å forlate vatnet I GOD TID før ein blir kraftig nedkjølt.

Foto: Nima Taheri / NRK

I dag klatrar dei første badarane opp stigen etter ca. 10-15 minutt.

Ein av dei som framleis står igjen heiter Mariusz Goska (32). For nokre veker sidan flaug eit helikopter like over vatnet der han står, på leiting etter han.

Redningsaksjonen

Mariusz synest det er kjekt å møte vennar og bade på søndagane. Faktisk så kjekt at det var han som starta Facebook-gruppa «Morsy Lørenskog» for fem år sidan, som no har blitt den største polske isbadeklubben i Noreg med 183 medlemmar.

Mariusz Goska

KVALROSS: Mariusz Goska jobbar som teknisk leiar på ein bilverkstad, og likar å ta kalde bad på fritida.

Foto: Nima Taheri / NRK

Men det Mariusz likar aller best er å ta seg eit roleg isbad heilt aleine, gjerne på kvelden.

Då set eg meg ned i vatnet, lukkar auga og konsentrerer meg om å puste djupt, forklarer han.

Også denne kvelden for nokre veker sidan var det akkurat det han gjorde. Frå eit vindauge såg ein av naboane at isbadaren gjekk ut i vatnet. Men då ho speida etter den vinterbleike kroppen i månelyset nokre få minutt seinare, var Mariusz vekke. Naboen ringde politiet.

Morsy
Foto: Twitter

Det tok ikkje lang tid før helikopter og dykkarar var i full gang med å leite etter den sakna polakken. Men Mariusz var ingen stad å finne. Naudetatane frykta det verste. Kvar hadde han blitt av?

Eg låg heime på sofaen og såg på TV, seier Mariusz.

Når han badar aleine på denne måten, tar han ikkje sjansen på å bli for nedkjølt, og held seg til relativt korte bad, så då naboen såg ut vindauget for andre gong, var han truleg allereie på veg heim.

Eg høyrde plutseleg eit helikopter som flaug over huset, og gjekk ut for å sjå. Så begynte eg etter kvart å tenkje: «Hm, kanskje dei leitar etter meg?»

Morsy
Foto: Twitter

Ismannen Artur

I Langvatnet har stoppeklokka passert 30 minutt. Artur står aleine igjen i holet i isen, og ja, no innrømmer også han at det begynner å bli litt kaldt.

Alle dei andre har gått opp for lengst, og ingen av dei hevar augebryna over at landsmannen deira har isbada i over ein halvtime.

Dei er meir opptatt av å le, prate og varme seg rundt bålet. Nokon av dei grillar pølser, andre drikk kaffi og te (iblanda litt sprit).

Det er ikkje godt å seie kvifor Artur held ut så mykje lenger enn dei andre isbadarane, som igjen held ut mykje lenger enn dei fleste «vanlege» folk.

Artur Majder
Foto: Nima Taheri / NRK

For å vere lenge i kaldt vatn, må kroppen klare å produsere tilstrekkeleg varme for å stenge kulda ute. I tillegg har dei aller fleste ekstreme vinterbadarar ein annan faktor til felles: Dei er ikkje kjempetynne. Feitt fungerer som eit lag med isolasjon under huda, og varmen slepp difor ikkje ut like lett.

Ok, no må eg opp, seier Artur bestemt.

Den polske snikkaren klatrar opp stigen, raud som ei kokt krabbe, og stoppar klokka etter 35 minutt i isvatnet.

PS: Vil du lære deg å isbade på den polske måten? Artur og dei andre isbadarane ønskjer seg norske badevennar. På Facebook-gruppa «Morsy Norwegia» kan du kome i kontakt med fleire klubbar rundt om i landet.

Ta kontakt!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Send meg ein e-post! 
Her finn du fleire langlesingar frå NRK Kultur