Vikingtidsmuseet - intro

Ein turistmagnet på Bygdøy har vore gjenstand for mykje tautrekking

Vikingtidsmuseet - intro

Og nokre gonger krasjlandar gode planar i møte med verkelegheita

Vikingtidsmuseet - intro

Det skulle bli verdas beste vikingmuseum

Det skulle bli verdas beste vikingmuseum

Her er historia om den humpete vegen fram mot eit nytt vikingtidsmuseum, som sannsynlegvis opnar sommaren 2027.

I 2012 slo ei internasjonal ekspertgruppe alarm om fleire av verdas viktigaste vikingskattar. 15 av 41 gjenstandar var så skrøpelege at dei stod i fare for å bli utsletta.

Konklusjonen til ekspertgruppa var krystallklar.

Dei kravde akutt handling og utbygging av nytt vikingmuseum på Bygdøy i Oslo. Og gjenstandane kunne ikkje flyttast éin centimeter meir enn nødvendig, til det var dei altfor skjøre.

Vikingskipa blir av mange rekna som arkeologiske underverk. Dei er Noregs bidrag til verdsarven og blir nemnt i same andedrag som pyramidane i Egypt og grava til den egyptiske faraoen Tutankhamon.

QZ8_-JnFUhY

MAJESTETISK: Osebergskipet har heidersplassen i Vikingskipshuset på Bygdøy.

Foto: Anette Karlsen / Aftenposten

Over 20 millionar menneske, deriblant statsoverhovud som dronning Elizabeth og den amerikanske presidenten Bill Clinton, har besøkt Vikingskipshuset på Bygdøy i åras løp.

President Clinton på statsbesøk i Norge, besøker Vikingskipshuset.

I 1999 fekk Vikingskipshuset uventa besøk av USA-president Bill Clinton. Han ville ha ei kjapp omvising i museet før han drog vidare.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Filmstjerner besøker vikingskipa på Bygdøy

Dei amerikanske skodespelarane Ernest Borgnine, Kirk Douglas, Janet Leigh og Tony Curtis tok ein tur innom Vikingskipshuset i juni i 1957, før dei sette kursen mot Hardanger og innspeling av filmen «The Vikings» av Kirk Douglas.

Foto: Aage Storløkken / NTB
Dronning Elizabeth II besøker Vikingskipshuset på Bygdøy.

Dronning Elizabeth II studerer Gokstadskipet under statsbesøket i 1955. Saman med mannen prins Philip, kronprins Olav, prins Harald og prinsesse Astrid får ho omvisning av professor Bjørn Hougen.

Eleanor Roosevelt besøker Vikingskipshuset på Bygdøy

Under eit Oslo-besøk i juni 1950, tok Eleanor Roosevelt turen til vikingskipa på Bygdøy. Ho var i Oslo for avduke ein statue av sin mann, tidlegare president i USA Franklin D. Roosevelt.

Men sjølv om dei fleste er einige om at vikingskipa er noko av det mest spektakulære Noreg har å by på, var det ikkje noko politikarane hadde hatt for vane å prioritere.

Publikumskapasiteten på museet var for lengst sprengt. Støttene som held skipa oppe, var nær hundre år gamle. Gravitasjon, vibrasjon, temperatursvingingar og støv frå hundretusenvis av besøkande var alvorlege truslar for skipa.

Det tok to år frå ekspertgruppa slo alarm til toppen av norsk politikk tok affære. Ein e-post frå Solberg-regjeringa nådde den splitter nye direktøren ved Kulturhistorisk museum, Håkon Glørstad.

Glørstad

DIREKTØR: Håkon Glørstad har styrt Kulturhistorisk museum i Oslo i snart ti år.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Det var bestilling på utgreiing av nytt museumsbygg for vikingskipa på Bygdøy.

Stillingsbeskrivinga for dei neste åra var dermed lagt for den nybakte direktør Glørstad.

– Eg var ekstremt overvelda, spent og audmjuk til å handtere ei så enorm byggesak.

Men det skulle også vise seg å bli både frustrerande og ei tolmodsprøve.

Knust pinneved blei Noregs kronjuvel

Sjølve superstjerna i vikingsamanheng, Osebergskipet, blei funne utanfor Tønsberg i 1903. Det var bonden som nett hadde kjøpt tomta, som fann dei første fragmenta.

Det tok ikkje lang tid før den svensk-norske arkeologen Gabriel Gustafson skjønte at dei stod overfor eit spektakulært funn.

Osebergskipet under utgraving.

VEKTE OPPSIKT: Osebergutgravinga blei ein attraksjon sommaren 1904. Vakthald, rekkverk og skilting kom på plass for å halde skodelystne på avstand. Utgravingsleiar Gabriel Gustafson (i midten) skreiv i dagboka at han ikkje likte å arbeide på utstilling.

Foto: Olav Væring / Kulturhistorisk museum, UiO

Seglskipet, som også blei brukt til roing, blei bygd i år 820 på Vestlandet og gravlagt i 834. Tusen år under steinar og blåleire hadde knust det til småbitar, samstundes som leira hadde gjort at treverk og metall var nærast urørt av tidas tann.

Oseberggrava var ei av dei flottaste gravene som var funne på jorda. Ho inneheldt tusenvis av gjenstandar, mange med heilt makelause og delikate utskjeringar.

Leivningar etter to kvinner og gravgods beståande blant anna av hestevogner, sledar og kjøkkenutstyr gav ny og essensiell kunnskap om korleis vikingane levde.

Vikinggjenstander frå Oseberggrava

MAKTDEMONSTRASJON: Oseberg-grava demonstrerte økonomisk makt med mengdevis av flotte gjenstandar. Med denne rikhaldige grava blei det sendt eit tydeleg bodskap til både naboar og gudar.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Frå skur til millionar av besøkande

Nokre år tidlegare hadde Tuneskipet blitt funne i Fredrikstad og Gokstadskipet i Sandefjord.

I løpet av fire tiår blei verdas tre best bevarte vikingskip oppdaga innanfor ein radius på eitt par mil, rett ved Oslofjorden.

Men å stable på beina eit museum som var desse vikingskipa verdig, skulle ta meir enn eit halvt hundreår. Det sto langt nede på dei folkevalde si prioriteringsliste i første halvdel av 1900-talet.

I over 20 år sto Osebergskipet oppbevart i eit skur midt i Oslo sentrum, før det blei frakta til Bygdøy. Dei andre skipa måtte stå endå lenger i skur før dei blei flytta innomhus.

Osebergskipet ble flyttet fra Oslo sentrum til det nybygde Vikingskipshuset på Bygdøy i 1926. Det ble lagt jernbaneskinner på veien som skipet kunne trekkes på.

PÅ SKJENER: I 1926 blei Osebergskipet trekt på jernbaneskjener frå Oslo sentrum til det nybygde Vikingskipshuset på Bygdøy.

Då museet, etter mange års kamp, gradvis kom på plass, blei det Noregs aller best besøkte, og det skulle raskt bli for lite.

Trengselen rundt skipa blei ei alvorleg sikkerheitsutfordring, og den var også avgrensande for opplevinga av dei unike skipa.

Den enorme populariteten overgjekk arkitekt Arnstein Arneberg sine vidløftige spådommar på 1920-talet, då han teikna huset for 40.000 årlege besøkande. Nær 600.000 menneske gjesta Vikingskipshuset i 2019. I 70 år hadde museet vore for lite.

600 000 menneske løyste billetter i denne billettluka i Vikingtidshuset i 2019.

LOBBY: Millionvis av besøkande løyste billett i denne billettluka fram til Vikingskipshuset stengde mellombels for publikum i 2021.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Arkitektkonkurransen

Hundre år etter at Arnstein Arneberg vant arkitektkonkurransen blei det i 2015 lyst ut konkurranse om å teikne nytt vikingmuseum. Og 111 bidrag kom inn.

Det danske arkitektkontoret AART Architects hadde teikna ein sirkelforma bygning som batt saman to av fløyene i det eksisterande korsforma museet. Den gamle bygningen, som er freda, skulle bli renovert og få ein framståande plass i det nye museumsanlegget med vestibyle, auditorium, museumsbutikk og introduksjon til utstillinga.

Det nye bygget omslutta eit indre gardsrom og amfi. Romma for skipa var store kvelvkonstruksjonar som skulle få skipa til å skine. Det sirkelforma nybygget skapte ei fullverdig utstillingsløype, som enda med publikumskafé og museumsbutikk. Skuleklassar hadde også fått eit eige aktivitetsområde.

AART Architects

Øvre nivå i museet skulle innehalde:

  • museumsbutikk
  • publikumskafé
  • kjøkken
  • auditorium
AART Architects

Nedre nivå i museet skulle innehalde:

  • utstillingssalar for vikingskipa
  • 300 m² stor sal for skiftande særutstillingar
  • laboratorium og verkstader med tilgang for publikum
  • aktivitetsområde for skuleelevar
  • kontorlokale
  • utandørs terrasse og amfi

Arkitektkontoret hadde tilsynelatande tenkt på alt. Dei hadde planar for korleis ein skulle handtere éin million årlege museumsgjester. Og sidan den nye delen av museet var ei forlenging av det gamle museet, ville det gjere transportetappen for skipa til den nye utstillingsplassen så kort som mogleg.

Det danske bidraget begeistra Glørstad og resten av juryen så mykje at det gjekk heilt til topps i konkurransen.

Men vegen frå teiknebrettet og ut i livet skulle bli lengre og meir humpete enn mange hadde håpa.

Illustrasjon av Gokstadskipet plassert i nytt vikingtidsmuseum.
Bildetype

Vikingskipa får god plass i det nye museet og kan sjåast frå to ulike høgdenivå.

Illustrasjon: AART ARCHITECTS/STATSBYGG
NAUST

AART Architects tok utgangspunkt i det eksisterande museet til Arnstein Arneberg då dei teikna det sirkelforma bygget.

Illustrasjon: AART Architects/SLA
AART Architects sitt bidrag til nytt Vikingtidsmuseum

Den nye inngangen i museet blir den same som før.

Illustrasjon: AART Architects/SLA
AART Architects sitt bidrag til nytt vikingtidsmuseum

I den eksisterande delen av museet var det planlagt eit stort auditorium.

Illustrasjon: AART Architects/Statsbygg
AART Architects sitt bidrag til nytt vikingtidsmuseum

Det var også planlagt publikumsrestaurant i enden av utstillinga.

Illustrasjon: AART Architects/Statsbygg
AART Architects sitt bidrag til nytt Vikingtidsmuseum.

Utandørs var det planlagt museumspark, område for skuleelevar, og eit gardsrom med terrasse og amfi.

Illustrasjon: AART Architects/SLA

Tida var overmoden

Glørstad sine fire første år i direktørstolen hadde nesten berre dreidd seg om nytt vikingmuseum og om å få det inn på statsbudsjettet. Nå var det på høg tid.

Arkitekturen var spikra, og forprosjektet var kvalitetssikra. Så godt som alt var klart til å sette spaden i jorda. Det som mangla, var pengane.

Trass velmeinte råd om ikkje å ta sigeren på forskot, var skuffelsen likevel stor då det ikkje kom eit raudt øre på statsbudsjettet for 2019. Det hadde då gått sju år sidan den internasjonale ekspertgruppa ropa varsku om fleire av verdas viktigaste vikingskattar.

Tidspunktet for regjeringas nedprioritering var oppsiktsvekkande. Nye sprekkar i både Osebergskipet og Gokstadskipet var nyleg oppdaga. På Gokstadskipet hadde deler av skroget begynt å sige, og seks nye støtter blei montert for å avverje total kollaps.

Tida var overmoden for eit nytt museum, likevel kom ikkje pengane.

«Skandale», «sjokk» og «skuffelse» var ord som blei brukt om budsjettet.

Ei rekke norske kulturvernorganisasjonar nominerte vikingskipa til organisasjonen Europa Nostra si lite ærefulle liste «Kulturminnevernets wall of shame» og arrangerte demonstrasjon utanfor Vikingskipshuset i Oslo.

Håkon Glørstad på vei inn i Vikingskipshuset

Nyheita om Noreg si behandling av vikingskipa nådde også langt utanfor landegrensene.

BBC-journalist Matt Pickles kom til Noreg for å lage reportasje.

– Vikingane og vikingtida er ein del av vår felles europeiske historie og kultur, og difor også britisk historie. Kvar ein trussel mot nokre av verdas best bevarte eksemplar av vikingskip er ei stor sak for oss, sa Pickles.

Kinas største nyheitsbyrå, Xinhua, kom også for å rapportere heim om Noreg sin måte å handtere vikingskipa.

– At Noreg har så verdifulle gjenstandar, som styresmaktene ikkje har vilje eller råd til å ta vare på, vil sjokkere lesarane og sjåarane våre, meinte den kinesiske journalisten Liang Youchang.

Budsjett-nedturen fekk Glørstad til å brette opp ermene.

– Det var så klart frustrerande. Men i staden for å bli irritert, blei eg endå meir kampklar. Og lysta blei desto sterkare til å tydeleggjere for politikarane at dette var noko dei måtte prioritere.

Håkon Glørstad i Vikingskipshuset

Frå siger til vakling

Eit kontinuerleg trykk opp mot media og regjering måtte til for å halde saka varm fram mot budsjettet for 2020.

Og innsatsen skulle vise seg å gje resultat.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) kunne endeleg komme med ei gladmelding. Regjeringa gav klarsignal til bygging av nytt vikingtidsmuseum, som skulle stå ferdig i 2025, med ei bevillingsramme på 2,1 milliardar kroner.

– Eg trur eg sa i talen at eg antakeleg var Noregs lykkelegaste mann akkurat då. Det var ein historisk dag, seier Glørstad.

Regjeringa bevilga 35 millionar til nytt Vikingtidsmuseum i 2019.

BREIE GLIS: Jubelen sat laust hos høgare utdanningsminister Iselin Nybø, Uio-rektor Svein Stølen, direktør Glørstad og kulturminister Trine Skei Grande då pengar til oppstart av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy var eit faktum.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Omsider skulle skipa og oldtidsgjenstandane få forsvarlege bevaringsforhold. Publikum kunne glede seg til eit museum i verdsklasse. Og forskarar kunne sjå fram til laboratorium og verkstadar med plass til konservering og forsking på vikinggjenstandar.

Den britiske eksperten på vikingtida i Skandinavia, Neil Stuppel Price, for tida professor ved Uppsala universitet i Sverige, var oppglødd over planane for det norske vikingtidsmuseet.

– Det er inga overdriving å seie at forskingsmiljøet var lamslått av begeistring.

Stuppel Price var spesielt entusiastisk til planane om å skape eit nasjonalt senter for forsking på vikingtida.

– Det nye museet blei designa for å utnytte samlingane fullt ut, og skulle danne internasjonal tilgang til norsk kultur, som verkeleg ville ha vore i verdsklasse.

Trekte i naudbremsen

Men så skjedde det som ein nesten aldri kjem utanom: kostnadssmellen.

Høgare marknadsprisar som følgje av pandemien og kompleksiteten i prosjektet blei oppgitt som årsak til feilberekningar på éin milliard kroner.

Nye utrekningar frå byggherren Statsbygg viste ein prislapp på 3,14 milliardar, og ikkje 2,14 milliardar, som først anslått.

Regjeringa trekte i naudbremsen, og den nye forskings- og høgare utdanningsministeren, Ola Borten Moe, beordra kostnadskutt med éin milliard, altså halde seg innanfor opphavleg anslag.

Men eit slikt kutt ville få store konsekvensar, slo ein rapport fast. Eit så amputert budsjett ville ikkje vere nok til både å sikre gjenstandane òg sørge for god publikumstilgang, konkluderte Holte Consulting i rapporten bestilt av Kunnskapsdepartementet.

Glørstad blei uroleg for at denne vaklinga ville gå ut over sikkerheita til vikinggjenstandane.

Dyrehodestolpe fra Oseberggrava

DYREHOVUDSTOLPE: Fem dyrehovudstolpar med unike utskjeringar blei funne i Oseberggrava. Nå er det berre fire igjen, fordi den eine tørka inn og forvitra t.h. Arkeologisk tre er svært porøst, omtrent som kol, og toler veldig lite.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Mange blei opprørte, og tusenvis signerte ein underskriftskampanje for vern av vikingskipa.

Ein månad seinare gav regjeringa delvis etter for presset. Dei bestemte seg for å gje 700 millionar meir til museet. Med denne ekstra-summen kunne bygging av museet la seg gjennomføre. Men framleis mangla 300 millionar for å fullføre prosjektet som planlagt.

Etter kvart som tida gjekk, vart det tydeleg at pengekrana var skrudd hardt igjen.

– Ei nedskalering av prosjektet var heilt nødvendig, sidan prosjektet låg an til å bli mykje dyrare enn det Stortinget hadde vedtatt, seier statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i dag.

Glørstad, og alle dei som hadde gledd seg til eit globalt leiande forskingssenter på vikingtida, måtte innsjå at det ikkje kom til å bli det museet dei hadde håpa på.

Ei nedskalering av prosjektet inneber at nær 4000 kvadratmeter vil bli levert som rålokale, deriblant 400 kvadratmeter med utstillingsareal. Store område i bygget vil dermed bli levert uferdig og utan overflatebehandling og infrastruktur.

Vikingtidsmuseet
Vikingtidsmuseet

REDUSERT: Her kan du dra pila til venstre for å sjå kor mykje av den opphavlege planen som er borte. I det nedskalerte vikingtidsmuseet blir den ytre forma levert som planlagt, men nær 4000 kvadratmeter blir levert som rålokale. Av desse er 400 kvadratmeter ustillingsareal.

AART Architects/ Kjersti Lofthaug

Borte frå det opphavlege prosjektet er:

  • alle laboratoria og verkstadane med publikumstilgang
  • den planlagde restaureringa av det eksisterande museet
  • auditorium, utandørs og innandørs aktivitetsområde for skuleelevar og område for skiftande utstillingar
  • utandørs terrasse og amfi
  • kontorlokale for tilsette

Museumsbutikk, restaurant og utandørs museumspark vil heller ikkje bli levert som planlagt. Og fullføring av det reduserte museet var nå forskyvd med eitt år, til april 2026.

Tilbake står utstillingssalane med vikingskipa, som endeleg får dei oppbevaringsforholda dei så sårt treng.

Men sjølv når det er snakk om vikingskip av dette kaliberet, så er museum meir enn eit utstillingsområde for gjenstandar.

Det meiner den britiske professoren Stuppel Price, som ser på dei siste kutta som eit stort problem.

Dette skulle heilt klart bli det beste vikingmuseet i verda. Men mykje av det som gjorde det slik, er nå tilbake på teiknebrettet.

– Kostnadane ved å bygge det nye museet som opphavleg planlagt, er betydelege, men – for å seie det mildt – dette ville vore vel anvende pengar.

Professor i vikingtid og norrøn mellomalder på Island, Torfi Tulinius, meiner vikingskipa er av verdshistorisk betydning.

– Dei var ei stor teknisk nyvinning som påverka store deler av den europeiske historia. Å bevare eksisterande skip frå denne perioden er av stor betydning, og dei må visast under dei beste forhold, slik at flest mogleg får sjå dei.

Gripedyrstil

UNIKE MØNSTER: Mange av gjenstandane som blei funne i Oseberggrava, har mønster i såkalla gripedyrstil, som var typisk på metall i tidleg vikingtid. At denne stilen blei funnen på tregjenstandar, gjorde Oseberggrava unik.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Også i Danmark har dei følgt sagaen om det norske vikingskipsmuseet. Søren Michael Sindbæk, professor ved Aarhus universitet, meiner det burde vore eit punkt utan retur for desse planane.

– Skipa og tilhøyrande funn er absolutt førsteklasses verdsarv. Det verkar absurd og flautt at dei har hamna i ei slags tautrekking.

Areala i prosjektet, som blir levert som rålokale, blir bygd på ein måte som gjer at dei kan realiserast som opphavleg planlagt på eit seinare tidspunkt.

At det blir bygd utstillingssalar med optimale forhold for vikingskipa, gler Glørstad. Men at regjeringa ikkje finn pengar til å fullføre prosjektet dei har starta, ser han på som uforståeleg og frykteleg dårleg samfunnsøkonomisk butikk.

I staden for å fullføre prosjektet nå, spår han mange små prosjekt i framtida som vil kollidere med kvarandre. Totalkostnaden blir mest truleg mykje høgare på grunn av pris- og lønsvekst. Og museet må på ny stenge under ombygging.

Publikum vil gå glipp av skipa, og museet går glipp av inntening.

I februar i år sette Ola Borten Moe første spadetak i jorda på Bygdøy. Museet var planlagt å stå ferdig i april 2026. Men nyare planar antydar at museet ikkje vil opne før tidlegast sommaren 2027.

Då er det seks år sidan sist publikum kunne besøke vikingskipa, og 15 år sidan den internasjonale ekspertgruppa slo alarm om vikingskattane.

Dronebilde Vikingtidsmuseet

BYGGEPLASS: På Bygdøy er dei godt i gang med nytt museum. Våren 2024 vil bygget vere reist. Museet opnar for publikum tidlegast i 2027.

Foto: Petter F. Schmedling / Kråkefoto

NRK sende desse spørsmåla til Kunnskapsdepartementet og den nyutnemnde statsråden, Sandra Borch:

  • Kva tenker du om desse vala, om å ikkje fullfinansiere prosjektet, utifrå eit samfunnsøkonomisk perspektiv?
  • I kva grad har regjeringa sett seg inn i kva konsekvensar det får at prosjektet ikkje blir fullfinansiert?
  • Kva er bakgrunnen for denne politiske prioriteringa, at regjeringa ikkje fullfinansierer eit slikt kompleks, som ikkje berre er av stor betydning for folk i Noreg, men også for tilreisande frå heile verda?
  • Korleis er regjeringa sine planar for vidare finansiering av komplekset? Kjem det meir pengar?
  • Har ministeren besøkt byggeprosjektet etter at ho tiltredde?

Dette er svara vi fekk frå statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel:

– Det blir nå bygd eit fantastisk Vikingtidsmuseum på Bygdøy som skal sikre nasjonalskattane våre for framtida – både vikingskip og andre skjøre gjenstandar frå vikingtida. Det nye museet vil bli ein flott møtestad for publikum frå heile verda, og vi sikrar nå komande generasjonar tilgang til kulturhistorisk kunnskap.

– Prosjektet låg an til å bli mykje dyrare enn det Stortinget hadde vedteke, difor var det nødvendig å skalere ned prosjektet noko. Regjeringa er oppteken av at vi bruker fellesskapet sine pengar best mogleg i ei krevjande økonomisk tid. Stortinget slutta seg til den nye kostnadsramma som er på nærare 4 milliardar kroner. Sjølv om det er gjort justeringar i prosjektet undervegs, er det samstundes tilrettelagt for å vidareutvikle museet på fleire område etter at det opnar.

– Seinast i førre veke var forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch på byggeplassen saman med rektor på UiO. Vi ser fram til å få presentert det ferdige prosjektet.

Hei! Har du kommentarar til saka eller tips til andre spanande saker, send meg gjerne ein e-post. Ønskjer deg ein god dag!