Tonje Tornes

I 1984 opptredde Tonje Tornes, då Larsen, i «Husker du» på NRK. Populariteten til programmet kan samanliknast med dagens gullrekkjeprogram «Nytt på Nytt» og «Beat for beat». Lille Tonje var kjendis.

Foto: NRK

Den kristne barnestjerna som valde vekk trua

Som lita jente folda Tonje Tornes hendene i Noregs største aviser og song om evangeliet på TV.

Det er kristentreff i Molde sentrum i 1982. På ei scene ute på torget står fem personar og held opp kvar sin store bokstav. Dei smiler, dei er kledd i jeans og dei stavar JESUS, klart og tydeleg. Framfor dei sit ein mann ved eit trommesett, han slår lett på cymbalen. Ein far med halvlangt hår står på scena. Han vender ansiktet sitt ned mot ei lita jente på fem år. Det blonde håret hennar er knytt opp i musefletter som står rett ut. Munnen er open, konsentrasjonen breier seg over ansiktet. Det er henne publikum strekkjer hals mot. Det er henne dei fotograferer.

Dette er lille Tonje, barnestjerna, ho som Vårt Land seinare skal skildre som ein hjarteknusar som «tok torg-folket med storm».

Korleis enda ho opp her, som kjendis i Kristen-Noreg?

– Vi var ein familie som misjonerte om Jesus, seier Tonje.

Tonje Tornes

NRK møter Tonje Tornes på kafè. Endeleg fortel ho om livet etter «oppveksten på TV».

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

35 år seinare sit ho på ein kafé i Oslo, tyggjer på ein sandwich og drikk kaffi. Det blonde håret ligg laust over skuldrene, ein jamn dur av trivielle samtalar frå borda rundt skapar kontrast til livshistoria som blir fortalt. Ho snakkar opent, men veg orda sine med omhug. I året ho fyller 40 har Tonje bestemt seg for å fortelje om livet som barnestjerne. Om korleis ein lengsel etter Gud prega oppveksten hennar. Om korleis ho jakta på Jesus – og på eigen identitet. Minna er blanda med ting ho er blitt fortalt og ting ho har lest i avisene.

Tonje Larsen, sju år

«Dette er Line, Kim, og så er det nokon som gøymer seg her…. Det er Tonje.»

Det er beste sendetid på NRK1 i 1984. Statskanalen held ein sterk posisjon i Noreg, sjølv om kringkastingsmonopolet offisielt er brote og kabel- og satellitt-TV-en er på veg inn. Musikkprogrammet «Husker du», med Odd Grythe som programleiar, er 1980-talets «Beat for Beat», gullrekkjeprogram nummer éin. Artistar blir invitert i studio for å prate om livet og syngje saman med publikum, som hovudsakleg er i pensjonistalder. Her blir kjendisar laga.

Tonje er sju år gammal.

Pappa Rune er kjent rockevokalist, Ten Sing- og gospelstjerne. Han skal seinare bli A-kjendis med TV-programmet «Lollipop», men no presenterer han borna sine, familiegruppa, på rekkje og rad: Storesyster Line og vesle Tonje i kjolar sydd av mamma, Edle. Pappa og bror Kim har på seg heilkvite dongeriantrekk.

«Men dette er ikke dine?» Seier Odd Grythe og peikar mot koret.

«Nei,» seier Rune Larsen og ler. Han introduserer koristane. «… og det der er Sissel Kyrkjebø.»

På dette tidspunktet er Tonje faktisk større kjendis enn Kyrkjebø, som snart skal slå gjennom. På 80-talet omtalar journalistar henne ofte som dagmamma eller korist for Tonje.

Odd Grythe er kledd i grå dress, han bøyer seg ned mot sjuåringen. «Og du skal synge for oss, Tonje? Det har pappa sagt at du skal gjøre. Hva skal du synge?»

«Kan du si meg hvem jeg ææær,» svarar Tonje på bergensdialekt.

«Det kan jeg si, du er Tonje,» seier Grythe.

Barnelatter. Scena blir rydda, koristane og familiegruppa trekkjer seg ut. Igjen står Tonje og pappa. Ho får ein høg krakk, klatrar opp framfor mikrofonen. Rune tel opp. «Bæbæbæ, bæbæbæ, kan du si meg hvem jeg er?» Syng han.

«Ja, det kan jeg, ja, det kan jeg. Du er et lammm!»

Tonje syng skråsikkert og konsentrert, smilande, medan ho ser opp på pappa. Ho verkar trygg, vant til å vere på scena. Kua og grisen får kvart sitt vers. Så stiller pappa spørsmålet om kven som har skapt alle dyr. «Kan du si meg hvem det er?»

Det kan Tonje. Ho rettar ein peikefinger mot himmelen. «Det er vår Gud.»

På dette tidspunktet har Tonje allereie mottatt fanbrev i to år, frå folk som vil bli hennar ven. Ho svarar dei pliktoppfyllande. Det skal gå lang tid før ho skjønnar at dette ikkje er kvardagskost for andre barn. Tonje fortel:

– Det var eg som insisterte på å bli med opp på scena. Men eg veit ikkje om eg forstod kva det innebar. Først då eg blei med i ei teatergruppe, skjønte eg at det var forskjell på å opptre for familiar og barn i nærmiljøet, og på NRK for heile det norske folk.

Larsen-familien

Familien Larsen på scena. Frå venstre Rune, Tonje, Kim og Line på NRK i 1984. I bakgrunnen står Sissel Kyrkjebø (til høgre).

Foto: NRK

Sju år gamle Tonje blir plateartist på pappas eige plateselskap, Noah. Ved juletider kjem «Nå tennes tusen julelys» ut. Ho syng i kyrkjer og bedehus, dyreparken i Kristiansand og på Oase, eit stort stemne der fleire tusen kristne er til stade. Tonje får ein større plass i offentlegheita.

I media blir familien Larsen presentert som eit førebilete for andre. Julaftan 1985 er Tonje på framsida av Aftenposten under tittelen «Julens sentrale budskap: Kjærlighet.» Små barnehender foldar seg i bøn, med pappa som støtte. Dette er ein artikkel ho hugsar spesielt godt, for eit av bileta blir seinare å finne i familiens hus i Bergen. Journalisten skildrar Tonje som ein «liten lesehest som helst sitter i sofakroken med en haug bøker. Spennende historier fra Bibelen med farverike tegninger. Ispedd et og annet Donald-blad.» Dette er «ingen helt vanlig familie»: Pappa er kjendis og borna er scenevande. I biletet som blir teikna av familien, står «bibelsamtaler rundt bordet, (…) høytlesning, aftenbønn på sengekanten og korsang» sentralt i kvardagen. Tonje fordjupar seg i teikneseriar og bøn. Ho tenkjer seinare at fokuset på henne som den vesle, søte jenta er ein måte å dekkje over at ho ikkje eigentleg kan syngje.

Dei to neste åra leier Tonje NRK-programmet «Julegleder i Grieghallen» saman med far sin. Å opptre med stjerner som Carola, Sissel Kyrkjebø og ein julenissekledd Arne Bendiksen er ein naturleg del av livet. Ho dansar til og med i pauseinnslaget til den internasjonale finalen av Melodi Grand Prix i 1986. Framleis er ho barn, enda ikkje inne i tenåra.

Tonje Larsen, fjortis

Det glade 80-tal blir til emosjonelt 90-tal. Ei meir pessimistisk tidsånd slår inn. Berlinmuren finst ikkje meir, den kalde krigen er over. Kjernefamilien er i endring, skilsmissestatistikken i Noreg toppar seg med vel 10.000 skilsmisser. Ironigenerasjonen gjer sitt inntog.

Tonje kjenner seg mindre trygg på scena.

– Det inderlege som familien min representerte på 80-talet, blei klammare på eit vis. Eg visste ikkje korleis eg skulle oppføre meg i det nye ironiske klimaet. Eg mista sjarmen, gløymde korleis eg skrudde han på. Eller så turte eg ikkje lenger.

Tonje og Rune Larsen

Tonje og pappa Rune Larsen i TV-programmet «Julegleder» i 1987. Dei leia programmet saman to år på rad. Artistar som Sigvart Dagsland, Karoline Krüger og Arne Bendiksen dukka opp.

Foto: NRK

Ho syng på TV siste gong i 1990, i pappa og Tor Endresens nye TV-program «Lollipop». Museflettene er bytta ut med hestehale, store briller dekkjer ansiktet. Tonje er plutseleg sjenert, utilpass. Familien går frå å vere ein familie som heile Kristen-Noreg kjenner, til å bli ein familie der pappa er A-kjendis. Fotografar ringer på døra til familiens hus i Bergen. Lollipop, lollipop, syng ungdommar når Tonje går på bussen. Ho blir flau, veit at dei eigentleg gjer narr av henne. Dei fleste på hennar alder veit kven pappa er, og ho får sjeldan sjanse til å gjere fyrsteinntrykk på nokon. Slik kjennest det ut, i alle fall. Tonje blir ein smule paranoid, redd for å snakke med andre på sin alder.

Når eit så tydeleg bilete er teikna av henne i offentlegheita, korleis skal ho finne sin eigen identitet som vaksen?

Ho søkjer mot sine kristne vener. Friminutta blir brukt til andakt og møter, på kveldane held dei vitnesbyrd for kvarandre. Tonje kan til dømes halde opp ei appelsin for dei andre, og seie: «Det hjelper ikkje å halde frukta i handa og sjå på ho. Det er berre ved å smake på ho, at du verkeleg forstår kor god ho er. Slik er det med Jesus. Ingen kan vite kor god han er, før dei trur på han.»

I dei emosjonelle tenåra blir det å verkeleg kjenne Gud, å høyre stemma hans, eit mål som skal ta nærmast all tid og krefter. Hennar ungdomsopprør beveger seg ikkje bort frå kristendommen, men inn mot han; til leirar med den kristne organisasjonen Ungdom i Oppdrag. Frå ho er 15 år fram til ho er 18 år deltar ho på fleire slike leirar. Blant kjerneverdiane deira finn Tonje det ho lengtar etter: Å høyre Guds stemme. Nærleiken til Gud blir viktig for å få innpass i miljøet. Ho vil bli ein «Jesus freak», som det kristne rockebandet DC Talk syng om på eit teppe av grungegitarar. Eller «ein Guds ord fanatikar», som ho hugsar at dei song om på leir.

– Eg valde å tru heilt bokstaveleg på alt som stod i Bibelen, og å vere radikal. Eg trudde det var det som måtte til for å endeleg få kjenne Gud. Men konsekvensen blei at Jesus-freakane var alt eg hadde. Difor blei det så avgjerande for meg å bli sett som verdig i deira auge.

Tonje byter ut store genserar og dongeribukse med heimelaga batikklede, ho les heile Bibelen. Dei nye venene hennar knekk CD-ar med Michael Jackson i to. Alt for å kome nærmare Gud. Kva kan Tonje ofre for Jesus? Ho gøymer unna teikneseriane. Svaret blir å brenne ein gammal fantasy-favoritt, bokserien «Sagaen om isfolket». Det svir i hjartet. For samtidig som Tonje gratulerer venene med å ha fått såkalla tungetale, Guds tale gjennom menneske, kjenner ho ingenting sjølv. Ho ser på seg sjølv som eit stort tomt hol som Gud ikkje vil snakke med. Om ho ikkje er den kristne kjendisdottera, kven er ho då?

Tvilen har byrja å melde seg. Men ho gir ikkje opp Gud heilt enno.

Ein dag på leir får Tonje beskjed frå ein leiar om at det er hennar tur til å ta imot tungetalen. Inni henne er det kaos. Ho er stressa, redd, men tør ikkje anna enn å takke ja.

– Eg var redd for at eg endeleg skulle få bevis på at Gud ville snakke med meg. For gjorde eg det, så måtte eg tru på han. Og ville eg eigentleg det? Hadde eg ikkje i utgangspunktet kjøpt denne pakken fordi eg elska familien min?

Men det er stilt. Heilt stilt. Tonje høyrer framleis ingen Gud. Ho prøvar å finne orda som Han skal ha sendt henne, men det verkar ikkje. Prøvar å gjere leiaren stolt av henne. For han veit jo best? Ikkje sant?

Tonje opplever ikkje at Guds ord blir planta i ho den dagen. Orda er ikkje der. Ho får ikkje noko guddommeleg nytt språk, ingen tungetale.

– Eg blei berre flau og skamfull. Igjen. For det var nokre andre på leiren som såg meg, der eg prøvde å finne ord i meg som ikkje fanst. Og dei blei spydige.

Tonje oppdagar at det er ein samanheng, eit mønster som ho enno ikkje rasjonelt klarer å gripe, men som kjenslene hennar byrjar å ta innover seg.

– Eg kunne ikkje fortsette mitt andelege liv med å tilfredsstille forventningar menn rundt meg hadde. Eg måtte finne min eigen veg. Denne kjenslemessige erkjenninga tok eg vare på i hjartet mitt. Og hjartet mitt hadde vendt seg bort frå Gud.

Tonje Tornes, 39 år

Det er ikkje lenge til Tonje Tornes fyller 40 år. På kafeen i Oslo har ho nettopp henta seg påfyll av kaffi, på bordet ligg teikneserien «Lunch», som ho sjølv er redaktør for.

Den mislukka tungetaleopplevinga blei byrjinga på slutten av gudstrua. Etter mykje grubling og eitt år på folkehøgskule, i nytt miljø, klarte ho ikkje lenger å seie at ho var kristen. I dag kallar ho seg agnostikar, usikker på om det finst noko større der ute.

– Eg har vore ein offentleg person som har sagt til heile landet at eg er kristen. Og då er det kanskje greitt å seie no at eg ikkje er kristen. For å fortelje at ting endrar seg – og det skal ein ikkje alltid vere redd for, eller ha dårleg samvit for.

Familien har ho framleis god kontakt med, og ho trur at det var fellesskapet med dei som gav henne tryggleik, ikkje Gud.

– Eg elskar foreldra mine, og det er ingen store sår i vår familie. Tvert om, det er mange gode minner. Sjølvsagt kostar det å ikkje dele deira tru, men eg er sikker på at kjærleiken mellom oss toler det.

Tonje Tornes

Tonje tok namnet til mor si som 20-åring. Både for å sleppe at gamle bilete dukka opp heile tida, og av feministiske grunnar.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Som eit ledd i å finne ein eigen identitet tok Tonje etternamnet til mor si. No dukkar ikkje bilete av «lille Tonje» opp ved kvart nettsøk. Likevel har ikkje Tonje sterke negative kjensler rundt det å ha stått på scena som liten.

– Det var mitt liv. Skulle eg mislikt kvar eg kom frå, så ville det bety at eg også mislikte meg sjølv. Og det er eg ferdig med. Eg har mi erfaring, ei erfaring eg føler har gjort meg rik. Dessutan har ho gjort meg uredd.

Tonje har to søner, «begge ganske opptatt av Gud». Dei kan finne på å spørje henne:

– Mamma, kva er vi? Er vi kristne?

Tonje svarar at dei er ein familie.

– Du kan tru på det du vil og eg kan tru på det eg vil. Vi er uansett ein familie.

NRK har vore i kontakt med Ungdom i Oppdrag for ein kommentar til denne artikkelen. Dagleg leiar Andreas Nordli skriv i ein e-post: «Vi har stor respekt for Tonjes livsvalg og trosreise. Hennes ærlighet om tro og liv er et godt eksempel til etterfølgelse. Vi tror på dialog hvor målet både er å lære fra hverandre og samtidig bygge relasjon. Derfor ønsker vi gjerne å møte Tonje for en samtale, dersom dette er ønskelig fra hennes side. Mest av alt ønsker vi å kommunisere at vi er lei oss for at Tonje i senere år opplevde det krevende å være deltaker på noen ungdomsleirer i regi av Ungdom i Oppdrag, da hun var tenåring. Hvert år deltar cirka 7000 personer på ulike leirer, kurs og weekendarrangement i regi av Ungdom i Oppdrag, og vi ønsker at alle disse skal ha gode opplevelser».

Artikkelen har utdrag henta frå radioprogrammet Sommer i P2, som blir sendt kvar dag gjennom sommaren.