Agnes Ravatn og Einar Økland
Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Skriv bok om naboen

Forfattar Agnes Ravatn har vore ein stor tilhengar av Einar Økland i mange år. No har ho flytta inn på nabogarden hans for å skrive bok om det litterære kultikonet frå Valevåg.

– Der er huset deira, men eg foreslår eigentleg at me pratar med han i morgon. Går me dit no, tar det fort fem timar, seier Agnes medan ho peiker mot eit lite småbruk som gøymer seg bak bjørketrea.

Forfattaren av bestselgaren «Fugletribunalet» tar meg med på ein liten spasertur gjennom skogen på den vesle kjerrevegen mellom dei to gardane Tveita og Økland.

Agnes Ravatn har lese alle av dei over 80 bøkene Einar Økland har gitt ut, og har tatt 30 studiepoeng i forfattarskapet hans på Universitetet i Bergen. No har ho tatt med seg mann og barn og flytta frå Oslo til eit rolegare liv på Vestlandet, men ikkje berre det, ho skriv også bok om sin nærmaste nabo – Einar Økland.

– Eg besøkte han hausten 2009, då eg skulle portrettintervjue han til tidsskriftet Syn og Segn. Me sat oppe til fire-fem på natta. Han snakka og snakka, og eg vart fullare og fullare. Han drakk ikkje vanleg sprit, men Slivovitz, ein serbisk plommebrennevin, og aldri noko vatn, det måtte du finne sjølv.

– Men intervjuet vart veldig bra, og då tenkte eg at dette ville blitt verdas beste bok om eg berre intervjua han litt meir. Sidan den gong har eg alltid besøkt han når eg har vore i området.

Er du ein stalker?

– Nei, eg trur ikkje han oppfattar meg som det. Eller jo, når du seier det, så er det vel ganske opplagt. Eg har sikkert vore ein stalker i mange år, svarar Agnes.

Drapsforsøket i Oslo

Første gongen Ravatn møtte Økland var i mars 2006, på eit manusseminar i regi av Det norske Samlaget i Oslo. Den unge og lovande skribenten Ravatn hadde sendt inn manus, og kultikonet og hennar store nynorske forbilde, Einar Økland, skulle som konsulent frå forlaget gi tilbakemelding.

Einar Økland

Gjennom eit halvt århundre har Einar Økland vore ein markant forfattar. På 60-tallet var han ein del av den segnomspunne Profil-gjengen, med blant anna Dag Solstad og Jan Erik Vold.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Eg visste ikkje det då, men Einar snakkar jo veldig mykje, og då han skulle snakke om mitt manus begynte han berre å bable i veg. Då tida var gått ut var det ikkje blitt sagt noko av verdi om manuset mitt, og eg skjøna at her gjer han ein heroisk innsats med å snakke seg vekk i staden for å seie at dette var dårleg.

– Då eg kom tilbake til rommet eg budde på, kasta eg manuset i søppelbøtta og skulle aldri meir skrive eit ord, mimrar Ravatn.

Stemmer det at du også prøvde å drepe Einar seinare på kvelden?

– Stemmer det. Eg hadde nok eit lite agg til han resten av dagen, og under middagen drakk eg ganske mykje. Då me etterpå skulle gå vidare til ein bar kom me til ein brøytekant med mange isklumpar i. Eg braut laus den største klumpen, og skulle berre skremme han, men i det den forlot handa skjøna eg at den kom til å treffe Einar i hovudet.

Fugletribunalet

Agnes Ravatn er kanskje mest kjent for romanen «Fugletribunalet», som ho vann P2-lyttarane sin romanpris for i 2014. Boka handlar om ei ung kvinne som flyttar frå Oslo til eit småbruk på Vestlandet, og har blitt dramatisert på Det Norske Teatret med Marie Blokkhus i hovudrolla.

Foto: Det Norske Teatret

I sakte film vart Agnes ståande og sjå isklumpen, som var på størrelse med ei bowlingkule, flyge i ein perfekt boge gjennom lufta i retning Einar Økland.

– Den traff han i skuldra. Så skreik han, og så gjekk me vidare. To veker seinare fekk eg ein telefon frå Samlaget om at Einar Økland hadde anbefalt manuset mitt.

Dette vart starten på forfattarkarrieren til Agnes Ravatn, og eitt år seinare debuterte ho med romanen «Veke 53».

– Då skjøna eg kanskje litt meir av Einar. Eg tolka han kanskje litt for aktivt, og det merkar eg at eg framleis kan gjere. Men eg trur berre den eine assosiasjonen tar den andre, og så kjem han alltid tilbake til det me eigentleg snakkar om. Det tar berre så lang tid at eg trur det aldri kjem til å skje, seier Ravatn.

– Han har vanvitige munnlege evner, men det er både ein veldig god og skikkeleg dårleg idé å lage samtalebok om Einar Økland, det må eg seie. Det er eit vennskap som er basert på at han snakkar og eg høyrer på, seier ho litt resignert.

Einar Økland på fisketur

– Eg oppsøkjer ikkje dramatikken, verken i livet eller litteraturen. Då hadde eg ikkje budd i dette landskapet, og sete her og fiska. Då hadde eg heller vore friviljug partisan, slått i hjel folk eller gitt bloddråpane mine til nokon som har det verre enn meg, seier Einar Økland medan han sveivar inn fiskesnøret.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Det finaste Einar veit

Neste dag får eg lov til å bli med Agnes og Økland på fisketur. Som ein del av research-arbeidet med boka har ho blitt med Einar på fleire kvardagslege gjeremål, som til dømes soppsanking, knekkebrødbaking og fisketur.

Økland viser veg gjennom skogen til fiskeplassen i raud bukse og grøne støvlar. Det som eigentleg berre skulle vere ein liten tur på nokre få hundre meter blir dratt ut i det uendelege då dei to forfattarane heile tida må stoppe for å sanke kantarellar. Men omsider kjem me ned til fjorden, og det tek ikkje mange sekunda før det rykker i snøret til Økland.

Einar og Agnes på fisketur

Forholdet mellom dei to forfattarane har ikkje alltid vore like harmonisk som dette. Første gongen dei møttest heiv Ravatn ein diger isklump i skuldra på Økland, fordi ho trudde han ikkje hadde likt teksten hennar. – Hadde den treft han i hovudet hadde me nok ikkje vore like gode vener i dag, konkluderer Ravatn.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Sjå kor svær og flott den er, seier Agnes i beundring medan Einar sveivar inn ein sprellande makrell opp på svaberget.

– Det finaste Einar nokon gong har sett var ei jakke med makrellmønster, seier Agnes.

Er makrell det finaste du veit, Einar?

– Ikkje fisken, men mønsteret. Då blei mannen som var inni ein makrell. Det var fantastisk. Skal du ikkje fiske, Agnes?

– Neste kast, svarar ho.

Hugsar du første gongen du møtte Agnes, Einar?

– Ja, eg hugsar godt det. Det var i embets medfør for oss begge, i Oslo ein vinterleg dag. Ho var talentfull i teksten, og litt nervøs i nevelaget, svarar Økland medan han sveivar inn snøret.

– Eg har øydelagd forfatterkarrieren

Det høyrer også med til historia at Økland ikkje var den einaste faktoren som fekk Ravatn og familien til å flyge vestover. Garden dei tok over var nemleg tidlegare eigd av bestemora til sambuaren hennar, og då han skulle ut i foreldrepermisjon nytta dei høve til å prøve eit liv på landet.

No sit me på tunet og drikk kaffi og et saftis medan katten ligg og drar seg i graset under stolane våre. Eg kjenner meg heldig som får kome på besøk på det som ifølgje svigerfaren til Agnes er den hittil finaste dagen i heile sommar.

– Eigentleg var det berre for eit halvt år, men me fant begge fort ut at me ikkje hadde lyst til å flytte her ifrå. Me syntest det var så utruleg flott av oss, så rørande for omverda, at me hadde tatt på oss dette ansvaret.

– Men då oss fortalde det til Økland var den spontane reaksjonen: «Ja, de er jo ikkje akkurat gardbrukarar.» Så begynte han og kona, Liv Marit, å fortelje oss alt om kvifor me ikkje burde overta. Dei er ikkje sentimentale. Me er, men dei er ikkje, seier Agnes og flirer.

Heime hos Agnes Ravatn

Medan mange forfattarar skriv om sine eigne liv, lev Agnes Ravatn det ho skriv. I likskap med Allis, hovudpersonen i «Fugletribunalet», flyttar ho frå Oslo til eit småbruk på Vestlandet. – Det er fleire som har sagt til meg at eg lev i «Fugletribunalet». Sambuaren min styrer meg også veldig etter humøret sitt, og har eit hemmeleg rom eg ikkje har vore inni enda, seier Ravatn.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Men ellers la alt seg til rette?

– Ja, det er heilt motbydeleg. Me har berre sklidd rett inn i bygda. Sambuaren min, Håvard, fekk ny jobb på Stord, guten har fått barnehageplass og eg har blitt nestleiar i bygdelaget.

Gratulerer! Korleis gjekk det til?

– Takk. To veker etter at guten fekk barnehageplass bestemde rådmannen seg for å legge ned barnehagen. Det skulle vere folkemøte om dette i butikken på kaia, men det viste seg at det eigentleg var eit årsmøte i bygdelaget.

– Det første dei gjorde var å velje nytt styre, og då var det sånn: Kan du tenkje deg? Nei. Kan du? Nei. Kan du? Nei. Då dei kom til meg sa eg: Nei. Men då sa Håvard: Jo, bli med. Og eg sa: Neiii, jaaa. Ja.

– Eg flytta jo hit for å få ro til å skrive, men plutseleg måtte eg arrangere underskriftskampanje, skrive lesarbrev og halde 17. mai-tale, seier Agnes og rister oppgitt på hovudet.

Men du fekk i det minste berga barnehagen?

– Nei, vedtaket vart utsatt til over sommaren, så kampen held fram. Men uansett: Eg har i alle fall øydelagd forfattarkarrieren min, seier nestleiaren i Valevåg bygdelag medan ho viftar vekk knott frå kaffikoppane.

Byter ut kultur med natur

Etter at forfattaren har flytta til Vestlandet merkar ho at både samtalane og interessene er i ferd med å forandre seg.

– Her er ikkje mange eg kan snakke med om kva dei synest om at Peter Handke vann Ibsenprisen, eller om kva Kjetil Rolness skriv på Facebook. Her er det mange bønder, så då handlar samtalane mykje om dyr. Når me begynte å levere i barnehagen var det midt i lamminga, så då vart oss plutseleg veldig interessert i det.

«Før var eg ikkje oppteken av natur fordi eg var oppteken av det som var verkeleg interessant. Eksistensielt interessant, ei svevande førestilling om noko som potensielt kunne gi ei form for ekstase. Men no veit eg at ingenting er svært interessant. Difor er eg no blitt interessert i natur.»

Agnes Ravatn / Artikkel i Dag og Tid

I ein artikkel i Dag og Tid har du skrive: «Før var eg ikkje oppteken av natur, fordi eg var oppteken av det som var verkeleg interessant. Eksistensielt interessant, ei levande førestilling om det som potensielt kunne gi rom for ekstase, men no veit eg at ingen ting er svært interessant. Difor er eg no blitt interessert i natur.»

– Hehe. Ja, det var ein veldig vaksen resignasjon.

Ja, var det ein resignasjon?

– For ti år sidan tenkte eg at naturen var eit substitutt for folk som ikkje hadde eit rikt indre liv. Men det å sjå våren, og no høyres det ut som eg er 95 år gammal, men plutseleg kom snøklokkene ut av ingen ting, og så kom påskeliljene. Og eg tenkjer: Dyr, herregud kor bra. Eg har blitt ei sånn bydame som kjem til bygda og synest alt er så artig.

– Umogleg å få med alt

Eitt år har gått sidan Agnes flytta inn i nabohuset til Økland, og førsteutkastet til boka om den store diktaren frå Valevåg er no sendt til forlaget. Tilbake på kjerrevegen løftar ho på sløret om korleis prosessen har vore.

Einar Økland og Agnes Ravatn

– Eg har gjort mange intervju med han, og plommespriten flyt og det er kjempekjekt. Men så skal du heim på eit tidspunkt og skrive ned, sortere ut, og då begynner problemet, svarar Ravatn på spørsmål om korleis det går med boka ho skriv om Einar Økland.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Eg måtte berre få den vekk. No er det deira sitt problem. Det som er veldig dumt er å ha ansvar for ein annan heilt reell person når eg skriv. Det er ikkje noko for meg, men det fann eg ut litt for seint.

– Ein har jo lyst til å gi eit slags sant portrett, men eitt menneskeliv er jo så mangfaldig og motsetningsfylt, og det er umogleg å få med alt. Eg har gjort mange intervju med han, og plommespriten flyt og det er kjempekjekt. Men så skal du heim på eit tidspunkt og skrive ned, sortere ut, og då begynner problemet.

Kanskje blir det eit fem binds livsprosjekt?

– Eg hugsar ein gong BT skulle intervjue oss. Då hadde journalisten fått nyss i boka om Økland og spurde meg ut om korleis det gjekk med arbeidet.

– Då svarte eg at den største jobben er å prøve å avgrense det. Men då sa Økland: Nei, eg ville sagt det heilt motsette. Viss det var meg ville eg prøvd å ta med så mykje som mogleg. Og eg berre: Ok, takk skal du ha. Tusen takk. Då skal eg prøve det.

(Det er framleis stor uvisse rundt korleis boka om Einar Økland blir sjåande ut, men ifølge Agnes Ravatn kjem den ut tidlegast våren 2017, kanskje seinare.)

  • Bli med på fisketur med Agnes Ravatn og Einar Økland:
Agnes Ravatn har flytta inn på nabogarden til Einar Økland. No skriv ho bok om den markante forfattaren som har satt sitt preg på den norske litteraturen gjennom eit halvt århundre.

Eit nesten tilfeldig naboskap på Vestlandet var det som skulle til for at forfattar Agnes Ravatn endeleg fekk satt i gong med boka ho lenge har drøymd om å skrive: ei samtalebok med sjølvaste Einar Økland. Ei øving i kunsten å avgrense, då samtalane med han ofte blir lange, fulle av anekdotar, digresjonar og store mengder plommebrennevin.