Hopp til innhold

Tett på Bjørnstjerne

Edvard Hoem si biografi "Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnson 1832-1875" er velskriven og vitnar om stor innsikt i Bjørnsons mange sider, men detaljane står i vegen for heilskapen.

Edvard Hoem

Forfatter Edvard Hoem presenterte sin nye bok 'Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnsons 1832-1835' på en pressekonferanse i Oslo.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Berre så det er sagt med ein gong: Det ligg eit imponerande arbeid bak denne biografien. Og det var nødvendig, eg meiner, den som skal skrive ein biografi over Bjørnson må vere villig til å arbeide hardt og lenge, rett og slett fordi det finst så mykje stoff, ikkje minst skrive av Bjørnson sjølv.

Facebook-tempo

Villskapens år

Boken 'Villskapens år' er utgitt på Oktober forlag.

Foto: Oktober forlag

Det kan verke som om han levde med pennen i handa og dokumenterte sine humørsvingingar og tankesprang i brev, artiklar og dikt i reine facebook-tempoet.

”Vi kan følgje han nesten frå dag til dag”, skriv biografen fleire stader, og det er klart at eit så ekstremt kjeldemateriale er både ei signing og ei forbanning for ein biograf, og det er her denne biografien viser fram sine sterkaste og svakaste sider.

Styrken er opplagt. Der andre biografar uler etter berre eit lite fragment av eit brev som kan kaste lys over- la oss seie Shakespears liv og arbeid, der kan Hoem boltre seg i og sitere både om og av Bjørnson i vilden sky. Og det har han gjort.

Mennesket Bjørnson frå alle sider

Vi får eit veldokumentert og mangefassettert bilde av mannen og verket. Til tider gripande, som i skildringa av forholdet mellom Ibsen og Bjørnson, der Ibsen verkeleg viser fram dei smålege sidene sine mens Bjørnson tek fram generøsiteten. Eller i skildringa av den langvarige kampen for eit norsk teaterspråk og eit norsk repertoar på norske scener. Og ikkje minst i dei små, men likevel ekstremt talande sitata vi får frå korrespondansen med fru Karoline. Her står mennesket Bjørnson fram med alle sine sider.

Men problemet med å handtere slike veldige tekstmengder vert også tydeleg. Hoem har hatt vanskar med å velje og ikkje minst med å vrake.Her er tendensar til overdokumentering både av ungdomstida, dei mange reisene og ikkje minst når det gjeld skandinavismen.

Dette fører ikkje berre til at boka er lenger enn ho hadde trengt å vere, det fører også til vanskar med å skilje smått frå stort og å skjelne hovudliner. Altfor sjeldan gjev biografen seg distanse til åndshøvdingen for å setje den veldige bjørnsonske aktiviteten inn i ein større samanheng.

Underlige politiske analysar

Dette gjeld i størst grad det politiske engasjementet, som etterkvart verkar temmeleg svermerisk og med underlege politiske analysar. Har ettertida overvurdert Bjørnsons rolle i framveksten av det moderne Norge? Og kva meiner han når han snakkar om ”stamme” og ”folk” og ”nasjon”, ord som gjennom dei siste 10-åra har fått såpass spesiell klang ved seg at det kan vere nyttig å høyre kva som låg i dei der og då.

Dette nærsynte inntrykket vert forsterka av at det her manglar eit forord der ”han som skriv” presenterer seg og forklarer kva som er prosjektet hans, korfor vi treng eit nytt blikk på gamle Bjørnstjerne i vår tid, og korleis skil blikket til Hoem seg frå det tidlegare biografar har sett med. At stiftaren av Riksmålsforbundet vert biografert på nynorsk, kunne også fortent ein kommentar.

Innvendingane må likevel ikkje skygge for at dette er ei viktig utgjeving som først kan dømmast rettferdig når bind to kjem ut.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.